søndag 30. oktober 2016
Monstermuffins 2016
torsdag 5. mai 2016
Elsa og Anna
Og sidan Anna og Elsa er favorittar så vart kaka inspirert av det.
My youngest niece just turned two, and I got to make the cake. Anna and Elsa are favourites, so they were the inspirations.
Chocolate cake and raspberry cream cheese frosting inside.
søndag 8. november 2015
Monstermuffins 2015
Etter tradisjonen inviterte eg til muffinspynting forrige helg. Monstermuffinsane blei minst like fine som åra før, og eg hadde som vanleg handla inn litt for mykje råvarer til pyntinga…
We made monstermuffins this year again. Still fun to do this!
mandag 4. mai 2015
Kake!
Minsteniese vart nettopp 1 år. Og vi (mora og eg) nyttar gjerne høvet til å planlegge litt kakebaking. Og det er meir spennande med høge kaker, ikkje sant?…
Med kakebotnar meir og meir rosa. Steikt ein og ein i forma. Vanskeleg å sjå fargane før botnane er steikte, så nokre vart litt like i nyansane.
Fyll er ostesmørkrem med bringebær. Må nok øve litt meir på marsipanlokkdekking. Det skulle liksom vere glatt og fint, men det var ikkje heilt enkelt med ei slik høg kake.
Så då gjekk vi for den litt knurva varianten, med sløyfe for å dekke over eit hol
Rosa prikkar og vimplar som pynt.
Mmmmm…. smakte godt, gitt!!
My youngest niece turned 1, and we had to make a cake. Tall cakes are more fun, and I made a pink, ombre cake.
It turned out quite nice, and it tasted good too
mandag 1. desember 2014
Frost
Favorittfilm for mange for tida, fine prinsesser og fin song. Men litt dårleg gjort av Disney å lage det fine isslottet så komplisert.
Vi (niesene og eg) ville likevel prøve å lage ein peparkakevariant.
Og Olaf måtte vere med.
Hanna laga Olaf i marsipan.
Og Oda laga marsipan-Elsa.
Knuste blå og blanke drops fungerar bra som ispynt og i vindua.
My nieces and I made a Frozen inspired gingerbread castle this weekend. Lots of blue icing and crushed sweets…
fredag 31. oktober 2014
Monstermuffins 2014
For sjette gong kalla tante Solveig inn til monstermuffinspynting.
Eg hadde klart to porsjonar med muffins, smør-oste-krem i rosa, blått, grønt og brunt, ein del godteri som kan høve som ansiktsdelar. Og gjestane stilte med flittige hender og gode idéar. Og når ungane hadde fått nok, sat dei vaksne igjen. Like artig for store som for små , dette her :)
Mange artige fjes å sjå i år!
It's time for monster cupcakes again! I had cupcakes, frosting and sweets ready. And nieces and nephews and friend came to decorate. And when the kids had done their share the adults did the rest. This is just as fun for the grown ups :)
lørdag 2. november 2013
Monstermuffins 2013
Dette har blitt ein tradisjon no. Ny rekord i antall pyntarar i år….
It was time to make monster cupcakes again…
onsdag 3. april 2013
Makroner
Eg hadde ein del mandlar liggande igjen etter jul. Så no i påska fann eg ut at dei måtte brukast. Og då kan ein vel prøve seg litt på franske makroner, tenkte eg…
Eg skålda ein del av mandlane – faktisk så mange at eg måtte lage fleire porsjonar med makroner. Og då fekk eg prøvd meg på fleire variantar også. Ganske lurt…
Prøvde først ein sjokoladevariant med sjokoladeganashe-fyll. Oppskrifta fann eg i ei bok. Dei blei ikkje så fine å sjå til (sprakk på toppen), men smakte veldig godt.
Så laga eg ein pistasjvariant. Den oppskrifta fann eg her hos Heartshaped.
Til slutt vart det bringebærmakroner også. Nokre fekk sjokoladefyll, og resten fekk bringebærkrem.
(Jammen bra med storfamiliepåske slik at eg fekk hjelp med å bli kvitt dei også…)
NAM!!
I made macarons last week. Quite fun, and they turned out nice – if I may say so myself
søndag 28. oktober 2012
Monstermuffins
I desse skumle tider passar det vel bra med monstermuffins?…
It's time to make monster cupcakes again!
onsdag 11. juli 2012
Kake!
Det var faktisk fint vêr nokre dagar i forrige veke. Siste soldag var fredag, sidan då har skodda vore her…
Men eg rakk faktisk å ha familien på grillmiddag. Inviing av kulegrillen eg arva frå systra og alt!
(Skal tru om det vert høve til å bruke grillen fleire dagar i sommar? Ser dårleg ut den neste veka…)
Og til dessert hadde vi denne kaka. Nam! Oste-iskake med bær.
Oppskrifta fann eg på bloggen Call me cupcake. Mi kake blei ikkje heilt så høg og fin som den på bilda, men ho var god.
Eg skal nok prøve fleire av Linda Lomelino sine kakeoppskrifter for eg har kjøpt kokeboka hennar også. Jammen bra eg har bursdag snart!
We had a few days of nice weather last week. I managed to have my family over for barbeque dinner before the fog came to stay (It's been grey weather since…)
The best part of the dinner was the cake for dessert!
The recipe is from the blog Call me cupcake, by Linda Lomelino. Easy to make, and it tasted good! I've bought her cookbook too, so there will be more cakes. Good thing it's my birthday soon…
lørdag 16. juli 2011
Muffins!
Eller cupcakes som det heiter på godt norsk…
For ei stund sidan vart eg spurt om å lage cupcakes til eit bryllup. Klart eg ville prøve på det!
Dei skulle vere “bryllupskaka”, og då må det sjølvsagt eit stativ til. Eg leita opp bilde av slike på nettet. og (eks-sløydlærar-)pappa og eg tenkte ut ein måte å lage eit tårn med fem etasjer.
Og designen vår virkar bra! Kvit blonde rundt kanten var prikken over i-en! Den er berre limt på med dobbeltsidig tape, så den kan skiftast ut ved behov.
På toppen skal det vere ei lita kake som brudeparet kan skjære i. Forrige helg måtte eg prøvebake denne, for å sjå om eg fekk til pyntinga. Det gjekk bra…
Og dei siste par dagane har gått med til baking av 100 ++ muffins. Vanilje og sjokolade.
I går stod pyntinga på programmet. (Tør eg å nemne at det gjekk med 8 pk melis?)
Desse rosene er så fine, og faktisk ikkje så vanskeleg å få til – berre ein har rett sprøytespiss…
Vi måtte prøvestable alt på kjøkkenbenken. Derfor der det litt rotete ut rundt stativet.
Håpar dei fell i smak!
-----------------------------
I was asked to make cupcakes for a wedding. To present the cupcakes in style you need a cupcake stand. My father and I figured out how to make one. The design we came up with worked!
The last couple of days I’ve been making the cupcakes (100) and the little cake. I made a trial cake a week ago to see if I could make the roses. And the roses are easy to make, if you have the right tip.
Here is a tutorial for making the rose cake.
Og her er alt stabla ferdig på kakebordet.
Gratulerer med dagen til brudeparet!