mandag 7. januar 2013

Så altfor smått

Å tenkja på at nokon kan bruka noko så knøttsmått gjer vondt heilt ned i tærne. Men samstundes er det godt å kunna bruka hobbyen min til noko veldig nyttig og flott.

IMGP1108 (2)

Huer som passar på ei middels stor appelsin er smått. Det same med tepper på størrelse med eit A3-ark.

Meininga var eigentleg å senda huene og teppene til Innfall og påfunn si innsamling til prematuravdelinga ved HUS i anledning den internasjonale prematurdagen, men i kjent stil vart eg ikkje ferdig i tide. Det er mange innsamlingar av prematurstrikk til sjukehus rundt i heile landet, mellom anna gjennom Amandaprosjektet, som du kan lesa meir om her. Det eg har strikka no går til sentrasjukehuset i heimfylket mitt, men neste gong vert det kanskje til eit anna sjukehus. For det vert definitivt meir prematurstrikk. Noko meir takknemleg å strikka skal ein leita lenge etter.

IMGP1124 (2)

Oppskriftene på huene har eg funne på strikkeforumet. Teppene er enkle rillestrikka tepper. Eg la opp tre masker, aukte innanfor den første kantmaska på kvar pinne til teppet målte A3-størrelse, så felte eg tilsvarande til eg hadde att tre masker. Dersom du treng oppskrift på huer og sokkar, er det berre til å googla prematurstrikk, så finn du mange gode.

Eg har brukt babyull, som er blant dei anbefalte garnsortane. Plagga må vera mjuke og kløfrie, sidan dei små er sensitive. Det er ikkje så mange gramma som skal til. Eg fekk tre og ei halv hue av eitt nøste, så det er berre til å setja i gang viss du har eit nøste og litt tid. Det er garantert nokon som vert veldig glade og takknemlege.

søndag 6. januar 2013

Planar for strikkeåret 2013

Som det system- og ordensmennesket eg er, så høyrer omstendig planlegging av strikkinga mi til på starten av året.

Alongar:

I år har eg kun meldt meg på to små plagg-alongar: hue- og sokkealongen på Uformelt. Dei er nemleg så uformelle at ein treng ikkje å vera med kvar månad, ein strikkar dei mønstera ein har lyst til. Noko som passar meg perfekt, sidan eg elles fell av i februar. Sokkar har eg alltid bruk for til gåvekassa, og huer er kjekt sidan eg ikkje må strikka to like.

I tillegg har eg meldt meg på to store alongar, DUGG og DUFA, også på Uformelt. Kort fortalt går DUGG ut på å halda oversikt over garn som går inn og ut, og målet er sjølvsagt å bruka meir enn ein kjøper. Lagerreduksjon. DUFA har som mål at ein skal fullføra dei prosjekta ein har begynt på, altså UFOane.

DUGG var eg med på i 2011 også, men då datt eg av etter eit par månadar. Delvis på grunn av at eg hadde gått på så store smellar i starten av året at eg mista motivasjonen og delvis fordi rekneskapsføringa vart for innvikla for meg. I forfjor hadde eg bestemt meg for å ikkje kjøpa garn i det heile teke. Klok av skade har eg funne ut at den taktikken verkar stikk motsett for meg. Så i år har eg moderert meg litt og bestemt at eg skal få lov til å kjøpa garn, men det må vera til konkrete og planlagde prosjekt som også skal strikkast innan rimeleg tid etter garnkjøpet. På den måten trur eg at eg vil tenkja meir over kva eg kjøper og om eg verkeleg treng det garnet som skrik til meg frå tilbodskorga på garnbutikken. Kva skal ein med ti nøster kjøpt på sal om dei uansett vert liggjande i skapet? Eg har også sett meg meir inn i rekneskapsføringa, laga meg rekneark i EXCEL og funne ut at det kan vera kjekt å sjå kor mykje eg faktisk strikkar i antal kilo, så eg trur det skal gå betre i år.

DUFA har eg også vore med på eit par gonger før, men då har det vore litt halvhjerta innsats. Nytt av året er at alongen går over eit heilt år (i motsetnad til eit par månadar tidlegare år), og det er også innført eit poengsystem. Ein får eitt poeng for kvart fullførte prosjekt, ekstrapoeng alt etter kor gammal UFOen er og minuspoeng dersom ein startar på eit nytt prosjekt og ikkje fullfører det i løpet av same månad. Eg ELSKAR poeng, så dette trur eg skal gå bra. Dessutan fekk eg meg eit sjokk utan sidestykkje då eg rydda i strikkekorgene for å finna UFOar eg kunne melda på. Eg grov fram prosjekt etter prosjekt og mange av dei hadde eg faktisk gløymt at eg hadde begynt på. Då eg var ferdig hadde eg 28 (!!) UFOar på lista mi, og det er berre dei som ligg heime hjå opphavet. Sikkert 20 til ligg i Bergen og ventar på å verta registert. Det sjokket og skammen, faktisk, over kor mange UFOar eg har, trur eg skal vera til god hjelp til å få fullført minst halvparten av prosjekta i løpet av året. Og også til å ikkje leggja opp til så mange nye prosjekt før eg er ferdig med noko anna. Eg vart rett og slett flau over alt eg har liggjande. Grøss.

DUFA har faktisk ført til at eg allereie, seks dagar inn i det nye året, har fullført fem UFOar og rekt opp endå fleire! Det kjennast litt vel strikkenerdete ut å skriva det, men den gode følelsen og samvittigheiten det har gitt, får meg til å få endå meir lyst til å gjera ferdig alle UFOane mine. 

Har du planar for strikkeåret ditt, eller tek du det som det kjem?

Fortsettelse følgjer.

fredag 4. januar 2013

Årskavalkade

Det vart ikkje blogga så mykje i fjor, for lysta var ikkje heilt på topp. Likevel strikka eg ganske mykje. Problemet er at eg har vore usannsynleg dårleg til å ta bilete, så det er berre ein brøkdel av alt som er dokumentert og registert på Ravelry. I tillegg har eg starta på veldig mange nye prosjekt i 2012 som eg ikkje har gjort ferdig og såleis ikkje har bilete av.

Men noko har eg å visa fram:

IMGP0602 (2)IMGP1049 (2)IMGP1098 (2)IMGP0878 (2)IMGP0593 (2)IMGP1085 (2)IMGP1093 (2)IMGP0522 (3)IMGP1027 (2)IMGP1097 (2)IMGP0769 (2)

Det eg er aller mest fornøgd med av alt eg laga i fjor, er definitivt hekleteppet eg endeleg fekk ferdig. Det var ein skikkeleg seig årgangsUFO. Elles går det stort sett i det same som tidlegare år – sokkar, barneklede, vottar, sjal og kjøkenklutar. Nytt av fjoråret er faktisk vaksengensarar (som eg rett nok måtte rekkja opp), men det vert så absolutt fleire i 2013.

Eg har også store planar om å føra betre oversikt over alt eg strikkar, slik at eg kan laga ein like fancy årskavalkade som Monstermønster.

torsdag 3. januar 2013

Julegåver 2012

I fjor som alle år tidlegare hadde eg store planar for dei strikka julegåvene, men tradisjonen tru gjekk det rett vest jula 2012 også. Tidsskjemaet sprakk og eg rakk berre halvparten. I år, derimot, har eg bestemt meg for å strikka ferdig alle julegåvene før november. Tradisjonen tru. ;-)

IMG_20121022_141036IMG_20121105_130348(Instagrambilete av julegåveplanlegginga 2012)

Uansett vart det litt mjuke pakkar under juletreet.

IMGP1085 (2)

Lilla sjal og tova vottar til besta. Sjaloppskrifta er Shaelyn, ei veldig enkel og godt forklart oppskrift. Dette er strikka i Hifa 2, på pinne nummer 4. Eg strikka to slike sjal til, men dei gløymde eg å ta bilete av før eg pakka dei inn. Eitt kvitt i Drops babymerino og eitt beige i Jo Sharp silkroad DK tweed.

Vottane er rillestrikka vottar frå Strikk til nøstebarn. Desse strikkar du på eit par kveldar, sidan det er dobbel tråd og rillestrikk. Passformen er også heilt super! Eg tova vottane litt i vaskemaskina for å få dei tettare og varmare.

IMGP1093 (2)

Eg hekla også tøflar til ei venninne. Oppskrifta er Babushka ballerinatøfler frå M.I.L.C.H. SCHAUM. Nok ei super oppskrift som var veldig enkel å følgja, sjølv for ein som ikkje har hekla så mykje.

IMGP1097 (2)

I tillegg strikka eg to par med tova vottar til, eitt par med ribbevottar og ni par med sokkar. Nokre av sokkane har eg vist fram før her, men resten av para gløymde eg også å ta bilete av før eg pakka dei inn.