tirsdag 27. november 2012

Strikkebestilling

Bestefar fekk seg eit par med vottar til jul i fjor, men dei har han visst brukt så mykje at dei er heilt utslitne. For ei (god) stund sidan spurte han etter nye, så då var det berre til å svinga pinnane. Det er veldig kjekt når det ein strikkar fell i smak og vert brukt opp!

For ein arbeidsmaur som er mykje ute er rein ull det beste, så eg grov fram det eg hadde av sorten. Valet fall på Nøstebarn 3-trådsgarn, sidan det er ubehandla og passe tjukt til pinne nummer 3. Eg hadde berre gul, men det er jo ein fin farge til mørke vinterdagar. Dessutan er det lett å finna att vottane dersom han skulle gløyma dei i vedhaugen.

IMGP1049 (2)

IMGP1034 (2)

Actionbilete er jo aller best, men det er jammen ikkje så lett med berre to hender og eit 30 mm objektiv.

IMGP1043 (2)

IMGP1035 (2)

Vottane sit veldig godt på handa (sjølv om dei er litt store til meg), og vrangborda er lang og god, så det ikkje vert glipe mellom jakka og vottane. Det fine med ubehandla, rein ull er at vottane tovar seg i bruk og formar seg etter hendene. Vottane er ikkje så tjukke, så dei egnar seg nok ikkje til turar dei kaldaste vinterdagane. Eg har strikka eit par med tjukke tovavottar til han også, men dei vert julegåve.

Eg henta masketal (52) og tommelauking (kile) frå ei vanleg selbuvottoppskrift, men eg har strikka dei utan mønster, med mykje lengre vrangbord og elles etter eige hovud. Fellinga til tupp på handa er den same fellinga som eg brukar når eg strikkar sokketå (fell to masker på kvar side), medan fellinga på tommelen er delt i fire felt. Det funka supert!

Vottane er sendt i posten og eg satsar på at desse vert så mykje brukt også at eg får ei ny bestilling neste haust.

mandag 26. november 2012

Dårleg hukommelse kan vera kjekt

Då eg for eit par dagar sidan leitte etter noko i det eine skapet mitt, fann eg plutseleg ein haug med kjøkenklutar stappa godt inn bakerst i den nederste hylla. Litt sjokkert over at eg hadde gløymt desse drog eg fram klut etter klut og til slutt vart det faktisk ein ganske stor stabel.

IMGP1027 (2)

No skal eg berre festa dei siste trådane og gi dei ein omgang i vaskemaskina, så har eg plutseleg kjøkenklutar nok til ein heil liten restaurant. Kanskje eit par klutar og ein oppvaskkost hadde vore ei fin julegåve?