Som eg skreiv i forrige innlegg, så har eg fått sansen for å strikka plagg til meg sjølv.
Akkurat no held eg på med A million stripes loop i diverse restegarn. I vår strikka eg meg ein gul alpakkahals, men han vart altfor stor og tjukk, så han vert nok liggjande ubrukt i skuffa. Denne derimot kjem til å verta mykje brukt. Tynn og lett som ei fjør, men likevel varm og god.
Eg strikkar i diverse restar av totrådsgarn; Shetland soft (blå, turkis og mørkegrå), Holst (kvit) og New Zealand lammeull (lysegrå og petrol). Litt usikker på om eg skal ha med to fargar til (ein endå kvitare og ein annan blåfarge) – det må eg ta opp til vurdering når eg er ferdig med neste stripeblokk.
I tillegg har eg starta på ein gensar, Big Alfred’s. Gensaren er eigentleg til menn, men eg fall pladask og det bryr meg midt bak at det er ein herregensar. Eg trur han vert vel så fin til damer også.
Garnet er DSA Hverdags, eit av mine nye favorittgarn. Det er så mjukt, så mjukt og akkurat passe tjukt. Relativt rimeleg er det også. Dobbel tråd på pinne nummer 5 går radig.
Dessutan er lista over kva eg har lyst til å strikka l a n g (i hvert fall i forhold til mitt strikketempo, evne til å gjera ferdig ting og tilgjengeleg strikketid).
Målet er i alle fall at desse to prosjekta skal verta ferdig før ullsesongen er over, så vil tida visa kor mykje meir eg rekk å strikka til meg sjølv.
Håpar du nyt siste del av helga!