lørdag 21. januar 2012

Lys i mørket

Før jul hadde Kirkens Bymisjon sin årlege juleaksjon, Lys i mørket, der dei samla inn strikkaplagg til dei som treng det.

IMGP0465 (2)IMGP0461 (3)IMGP0466 (2)IMGP0464 (2)IMGP0463 (2)

Huer er lett og kjapp strikk og noko dei hadde bruk for, så det passa perfekt med min plan om å slanka lageret. Eg fekk strikka fem stykkjer før eg vart lei huestrikk, men som alltid, så var det trådfestinga som tok tid. Det er så lett å tenkja at i morgon, då skal eg gjera det. Men så vert det jo aldri noko av i morgon, for då har eg funne noko anna eg strikka på.

Resultatet er at huene framleis ikkje er levert (men alle trådane er festa no). Forhåpentlegvis treng dei huer til neste vinter også, og kanskje eg til og med får strikka endå fleire før ein ny vinter kjem.

Dei tre øverste + den blågrøne er strikka i restegarn, dobbel babyull og Smart, medan den mønstrete er strikka i Freestyle etter Arne & Carlos si oppskrift. No er eg tom for Smart, Freestyle og kvit babyull. Det er garn som aldri skal inn i lageret att, så det er eit godt steg på vegen mot kunhøgstnødvendigegarnsortarlageret, som er målet langt der framme. I tilegg fekk eg ferdig tre prosjekt frå lista mi. JUHU!

God helg til deg!

lørdag 14. januar 2012

Nytt år, nye kunstar

Eg er fantastisk heldig, for eg fekk handtein og kashmirull til bursdagen min! Eg har lenge hatt lyst til å læra meg spinning, men eg har aldri fått ut fingeren og bestilt meg utstyr, så dette var ei perfekt gåve.

IMGP0456 (2)

Det er mykje jobb med å få tak i ulla, så eg skal bestilla meg litt “vanleg” ull til testspinning. Kan jo ikkje risikera at eg spinn fortøyingstau til Hurtigruta av den verdifulle kashmirulla mi heller.

IMGP0458 (2)

Er du ein spinnar? I så fall tek eg gjerne imot gode råd og linkar til nettsider og bøker om temaet.

torsdag 12. januar 2012

Nytt år, nytt pågangsmot

Er det nokon som hugsar nyttårsforsettet frå i fjor? Definitivt ikkje eg! Som strutsen stikk eg hovudet i sanden (strikkekorgene) og fortset i same tralten som før - fem nye prosjekt på pinnane for kvart fullførte.

Men no skal det faktisk verta omvendt! Sjå berre her:

1. Eg skal slanka garnlageret. Altså ikkje handla garn med mindre det er høgst nødvendig, for eksempel om eg manglar garn for å få ferdig eit prosjekt, eller om eg får inn eit strikkeønskje som eg ikkje har passande garn til.

2. Eg skal gjera ferdig flest mogleg UFO-ar. Eit mål om null UFO-ar er ikkje oppnåeleg dette året, så eg må vera litt realistisk og ta det steg for steg.

For å lettare nå mål nummer to har eg sett meg opp ei liste over UFO-ane som er enklast å få ferdig.

1. Hjerteteppe – har faktisk strikka det ferdig den siste veka. Manglar trådfesting, vasking og blokking.
2. Lettstrikka hue – manglar samansying, snorer og trådfesting.
3. Stripete hue – manglar trådfesting.
4. Space invader-hue – manglar trådfesting.
5. Hekla gryteklutar – manglar trådfesting og damping.
6. Sjal – skal rekkast opp.
7. Brun selebukse – manglar litt samansying, trådfesting og knappar.
8. Kvite pulsvarmarar – manglar 1,5.
9. Kvit omslagsjakke – manglar ermer, snorer og trådfesting.
10. Beigebrun selebukse – manglar sele, samansying, trådfesting og knappar.
11. Blå sokkar – manglar omtrent 1.
12. Stripete sokkar – manglar omtrent 1.
13. Lilla sokkar – manglar omtrent 1.
14. Rosa sokkar – manglar omtrent 1.
15. Grå hue – manglar trådfesting.

IMGP0429 (2)

Som de ser av lista er det ikkje så mykje som skal til før kvart prosjekt vert ferdig. Planen er at raske resultat skal gi meg lyst til å fullføre resten også.

Eit anna mål burde vera at eg skal blogga litt oftare, men det er jammen ikkje lett når lysta ikkje er her. Forhåpentlegvis stig ho i takt med antal ferdige prosjekt. I mellomtida les eg fine strikkebloggar og hentar inspirasjon til kva eg skal leggja opp til når eg har fullført fem UFO-ar.