søndag 31. januar 2010

#38

Endå eit innimellom-par er ferdig, denne gongen Husbeast socks.

IMGP7261

Det er faktisk mitt første fletteprosjekt. Sjølv om eg no har strikka i over eitt år, har eg ikkje hatt mot til å strikka fletter, for det ser jo så avansert ut. Men då dette mønsteret kom som eit alternativ i ein tilbehørsalong på Uformelt, fann eg ut at det er berre til å kasta seg uti det. Som tenkt, så gjort, og det var faktisk ikkje vanskeleg! Berre litt knotete med flettepinnen, men det gjekk seg til etter ei stund. Så no er eg kurert og har allereie fleire huer og sokkar med flettemønster på to-do-lista.

Sokkane er strikka i PT5, på pinne nummer 3, størrelse 42. Yngste onkel ønskjer seg sokkar, så då fann eg ut at dette kunne vera årets første julegåve.

lørdag 30. januar 2010

Håpefulle huer

Obs: langt innlegg.

På eit strikkeforum eg er innom har det tidlegare vore innsamling av huer til kreftavdelingen ved sjukehuset i Oslo og Stavanger, og no er det innsamling til St. Olavs hospital i Trondheim. Slikt må ein bidra til!

Dei siste vekene har eg altså svinga pinnane for eit godt formål, og her kjem resultata så langt:

IMGP7149

Først ut er Jacques Cousteau-hat, strikka i Pickles extra fine merino. Garnet er mjukt og godt og forhåpentlegvis kløfritt. Det bestod i hvert fall min kløtest.
Lampa med lampeskjermen stiller som modell, i mangel på frivillige hovud.

IMGP7211

Så kjem ei rekkje med heilt enkle huer, alle variasjonar av Pickles sitt Hello New York-vintersett. Det er kun hua til venstre (den med grå striper heilt til topps) som er strikka nøyaktig etter mønsteret. Dei andre er strikka litt kortare. Garnet er igjen Pickles extra fine merino. Grønfargen heiter knæsj mint, og eg kan skriva under på at den er verkeleg KNÆSJ, men det finst vel fargeglade trønderar også.

IMGP7232

Nummer sju er Smart-hue, strikka i Smart. Denne hua vart enormt lang, men ho virkar fint med litt lang oppbrett eller som ei baggyhue. No veit eg ikkje om eg tåler mykje, men eg tykte ikkje at denne klødde heller.

IMGP7268

Sistemann er Stripey (kun Ravelry-link), mitt favorittmønster. Ikkje det at eg har strikka så mange huer etter mønster, men av dei eg har strikka er Stripey definitivt på førsteplass. Utruleg fin felling i toppen og godt med ekstra foring rundt øyra. Dessutan er mønsteret veldig enkelt, men stilig og dekorativt. Hua er strikka i Drops Karisma, endå ein ny garnfavoritt.

Det var alle huene eg har strikka så langt, men det kjem fleire. Ei er på pinnane og mange andre er planlagt. Kjekt å strikka noko som ikkje treng ein partnar!

Viss du har lyst til å bidra, så finn du informasjon her. Det er endå god tid, frist for innsending av huer er i slutten av mars. Og som ei ekstra gulrot er det lagt opp til konkurranse med to fantastiske premiar, nemleg to hesper med det berømte garnet Wollmeise! Eitt hespe til den som strikkar flest huer og eitt hespe som vert trekt ut tilfeldig blant alle som har bidrege. Så her har alle ein vinnarsjanse, så det er berre til å kasta seg over pinnane.

onsdag 20. januar 2010

#37

Det er dårleg med sokkestrikkelyst for tida, no går det meir i huer og hekling på bestemorsruteteppet mitt. Men eitt og anna par vert då ferdig innimellom.

IMGP7121

Siste par ut er blåbærvafler strikka i Sterk på pinne nummer 3. Det gjekk med 2 nøster til størrelse omtrent 43. Mjuke, gode og varme. Håpar dei fell i smak hjå mottakar også.

mandag 18. januar 2010

Varme vottar

Siste del av pappa sin garderobe består av tova vottar. Dei har vore ferdigstrikka, ferdigtrådfesta, ferdigtova og i bruk i ei veke, men det tek visst litt tid med blogginga for tida.

IMGP7125

Oppskrifta fann eg på nettet ein plass, hugsar ikkje heilt kvar. Garnet er Hifa2 frå lageret, heile 116 gram. Vottane vart strikka med enkel tråd på pinne nummer 5,5. Eg fulgte oppskrifta slavisk og det resulterte i GIGANTISKE vottar. Heile armen min fekk plass i ein vott!

Eg var litt skeptisk til at vottane faktisk skulle krympa til brukbar størrelse, men dei vart fine etter fire (!) gongar i maskina, to omganger på 60 grader og to på 40.

IMGP7127

søndag 10. januar 2010

Skjerf med stil

Mange blå skapar som sagt nye behov i heimen. Pappa fann ut at eit skjerf var tingen for å halda kulden ute, men i mangel på eitt i sin eigen garderobe, tok han mamma sitt favorittskjerf. Dameskjerf. Med kattar på. Eg fann fort fram garn i mandige fargar og sette i gang. 3 rett, 3 vrang i to dagar og pappa hadde sitt eige herreskjerf.

IMGP7046

Garnet er Schachenmayr nomotta extra merino big (puh), strikka på pinne nummer 4. Koksgrått med lysegrå striper i endane. Det gjekk med sånn omtrent 3 og eit halvt nøste av hovudfargen og eit halvt av stripefargen.

IMGP7048

Vottane hans er akkurat ferdigtova og ligg til tørk, så no er alt klart for tur i minusgrader.

lørdag 9. januar 2010

#34, #35 og #36

Tempoet er bra på strikkepinnane i det nye året. Mange dagar fri er lik høg produksjon, også på sokkefronten. Tre nye par er ferdig sidan sist.

IMGP7034

Eit blåbærpar, strikka i PT5 på pinne nummer 3, størrelse 40.

IMGP7038

Fargerike sokkar til meg sjølv. Strikka i Regia på pinne 2.75, størrelse 38. 12 omgangar ribb og resten glattstrikk. Tynne og gode, perfekte i skisko. Siste par ut er raude vafler, strikka i Sterk, pinne nummer 3, størrelse 40.

Elles er eg ferdig med eit skjerf og snart eit tova vottepar til faderen. 16 minusgrader skapar visst nye behov i heimen, så eg vert ikkje arbeidsledig med det første.