Viser innlegg med etiketten Løda. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Løda. Vis alle innlegg

torsdag 4. juli 2013

Løda

Kvifor kaste når ein kan setje det vekk på løda? 

Det er veldig greit med stor lagringsplass og det har samla seg mykje opp gjennom åra. 
Det er reine skattejakta å gå laus å rydde løda. Eigentleg skulle vi ha ein roleg dag rundt bålpanna, men når lysta og energien kjem ramlande må ein berre å brette opp armane setje i gong. 

Løda har ein hems over den nye sauefjøsen og vi har klatra opp og sortert gamal material. No ligg der kun stigar og den materialen som vi kanskje kan få bruk for. Ein liten brøkdel av løda er no kosta og vi har fått stabla skattar inne i ein krok. 



Løda er ei grindløde frå 1879. Her er mykje flott arbeid. 


Her er fleire skattar som skal takast vare på:







Denne karmen av ei kjerre fekk vi av naboen. Den skal få plass i løda i påvente av å bli brukt.


Trur vi skal gå til innkjøp av støvmasker som ligg klar til neste rydde og kosteykt i løda!

Ha ein fin dag vidare!

Irma