Vinter har blitt ei tid for vottestrikking for meg. Og som vanleg: mangel på dagslys gjer at det blir smått med bildetaking. Vel, til no i år har det blitt nitten vottar, alle tova. Eg har stort sett brukt Fritidsgarn, men også litt Vams og Alafosslopi. Det vart også eitt par Mariustøfler. På bildet knipsa eg ein del av produksjonen, før alt fekk nye eigarar.
Viser innlegg med etiketten vottar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten vottar. Vis alle innlegg
6. april 2021
Tova vottar- og eitt par tøfler
5. februar 2021
Bernie Sanders-vottar
Måtte berre.... Dei fleste har vel fått med seg at Bernie Sanders har fått mykje merksemd etter innsetjinga av Joe Biden som president i USA. Eg har strikka vottane i restegarn av Vams frå Rauma (det grå) og elles brunt Lettlopigarn.
28. desember 2019
På Marius-køyret igjen....
Det har nesten vorte ein tradisjon: i tida før jul lagar eg tova Mariusvottar. Eg finn stadig nye personar eg kan "prakke" på eit slikt vottepar, he he. I år blei det tolv par vottar og seks par Mariustøfler. Tøflene rakk eg ikkje ta bilde av før dei vart pakka inn. Votteoppskrifta finn du her. Og oppskrifta på tøflene ligg her.
Alt er strikka i Fritidsgarn frå Sandnes på pinnar nummer seks.
Etiketter: strikking
Fritidsgarn,
marius,
Sandnes,
strikking,
vottar
7. april 2019
Sonjavottar
Har du sett noko så søtt?
Oppskrifta på Sonjavotten, designa av Tonje Haugli, kan kjøpast på ravelry.com. Eg brukte pinnar nummer 2,5 og totråds garn frå Nøstebarn.
31. mars 2019
Tovavottar
To kjappe vottepar: begge er strikka i Fritidsgarn frå Sandnes. Mariustvottane er til herre, dei rosa til dame.
Etiketter: strikking
Fritidsgarn,
strikking,
toving,
vottar
3. mars 2019
Restevottar
Her vart det eit par kjappe vottar, strikka av restegarn etter Henniegenseren. Eg brukte pinnar nummer seks og tova dei på kortvask, førti grader. Garnet er altså Lettlopi.
18. februar 2019
Rosa hjartevott
Desse strikka eg mange par av som julegåver- men eg rakk visst berre å ta bilde av dette eine paret. (Det har noko med mangel på dagslys i desember å gjere...). Vottane er strikka i Finull frå Rauma på pinnar nummer seks, og så tova på førti grader i vaskemaskina. Oppskrifta kan du kjøpe her: https://www.sandnesgarn.no/hjertevotten
Etiketter: strikking
Fritidsgarn,
Sandnes,
strikking,
vottar
9. desember 2018
Bellavottar
Bellavottane er skikkeleg fine! Oppskrifta finn du gratis her.
Eg har brukt Nepal frå Drops og pinnar nummer 5.
25. desember 2017
Mariusvottarx9
Det har absolutt sine fordelar å vere leiar i ei lita bedrift: då kan eg strikke julegåver til alle dei tilsette:-). Ni par Mariusvottar vart akkurat ferdige i tide.
Alle vottane er strikka i Fritidsgarn frå Sandnes. Alle har ulike fargekombinasjonar. Fire par herrevottar, fem par damevottar.
Eg tova vottane i vaskemaskin: 40 grader kortvask (30 minutt).
Etiketter: strikking
Fritidsgarn,
marius,
Sandnes,
strikking,
vottar
9. september 2017
Dress, lue, vottar og sokkar
Ikkje så store plagg, men dette vart ein del pirkearbeid. Alle plagga er inspirert heilt eller delvis av Klompelompe-oppskrifter.
Lua er Vinterkonglelue frå den siste Klompelompeboka, men mønsterborda er henta frå dressen.
Vottar med litt annleis vrangbord.
Sokkar med rillestrikk under foten.
Klompelompedressen skal eigentleg strikkast i fire fargar, men eg har, etter ønske frå mottakar, brukt berre tre: mørkegrå, lysegrå og natur.
Alt er strikka i ca str 3-6 mnd. Eg har brukt Lanett frå Sandnes og pinnar nr 3.
Ein liten løyndom på vranga: fine ugleband for å skjule sårkanten på knappestolpane.
6. mars 2017
Mariusvottar
Etter veldig mange tova mariusvottar i Fritidsgarn frå Sandnes, har eg no strikka eit par i Vams frå Rauma. Eller; det grøne er Fritidsgarn, resten er Vams.
Og dette vart ei positiv oppleving! Vottane vart veldig fint tova (kortprogram, 40 grader) og er herleg mjuke.
1. mars 2017
Grey Eyed-vottar
Eg trur dette er den finaste vottane eg har strikka. På raverly.com ligg gratisoppskrifta Grey Eyed, og ifølgje designar Rebecca Tsai er ugle- og oliventremønsteret symbol for den greske gudinna Athene.
Vottane har eg strikka på pinnar nummer 2,5 og eg brukte gul og grå Flora frå Drops. (Gulfargen er berre heilt utruleg klar og fin!) Auga på uglane skal eigentleg broderast med grått garn (forklarer namnet Grey Eyed), men sidan eg bruke grå som mønsterfarge, slapp eg det.
Undersida og tomlane er minst like fine som resten av vottane.
Detaljar.
28. november 2016
Tova mariusvottar- igjen
Det finst framleis hender som frys. Dermed vert det stadig nokre tova mariusvottar. Desse to para er strikka i Fritidsgarn frå Sandnes.
Pinnar nr 6. Tova på 40 grader, kortprogram.
Spennande å sjå korleis dei ulike fargekombinasjonane.
Abonner på:
Kommentarer (Atom)