Viser innlegg med etiketten snøløv. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten snøløv. Vis alle innlegg

3. mai 2017

Snøløvtunika

Eg blir visst aldri lei av Snøløvmønsteret. Denne gongen vart det ein tunika/lang genser.
Snøløvmønsteret til barn skal eigentleg strikkast på pinnar 3 og 3,5.  Eg ville bruke Drops Air og måtte difor bruke tjukkare pinnar, nemleg nummer 4,5 til vrangbordene og 5 til resten. 
Mottakaren fylte nyleg tre år, så eg måtte prøve meg litt fram for å finne nokolunde rett masketal.
Eg la opp 120 maskar. Nokre cm før ermfellinga, felte eg nokre maskar i kvar side.




6. februar 2016

Snøløvvottar


Kjekt med variasjon!  Mønsteret til desse vottane fekk eg inspirasjon til då eg strikka snøløvgenseren no nyleg.  
Det er Marianne Bjerkman som har designa det fine mønsteret, som kan kjøpast her.
Vottane er strikka i Fritidsgarn frå Sandnes på pinnar nummer 6. Dei er tova på førti grader.



2. januar 2016

Liten snøløvgenser

Det går (heldigvis) hardt ut over garnlageret for tida.  Denne vesle snøløvgenseren er strikka i tre fargar Nepal frå Drops: nr 300 beige (vrangbordene), nr 0618 kamel og nr 100 natur.
Det er Mariann J. Bjerkmann som har designa denne genseren og mønsteret kan kjøpast her.
Eg har altså brukt tjukkare garn/pinnar enn i oppskrifta, så eg måtte telje meg fram for å få rette storleik.   Denne genseren er rundt 2-3 år i str.
Vinteren er framleis snølaus her på Sunnmøre, og eg synest fargane i genseren står godt til fargane i naturen no i januar.