Ifølgje moteverda var visst dette vinterens store "must have". Ein balaklava. Eit praktisk plagg med lue og hals i eitt. Eg strikka denne til husbonden, som stadig vandrar på lange fjellturar. Mønster er frå Bystrikk, og garnet er Alpakka Magic. Pinnar nummer 5,5 og 6. Eg strikka den største storleiken, Large.
Viser innlegg med etiketten alpakka. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten alpakka. Vis alle innlegg
4. april 2021
3. november 2020
Haukeligenser
Det er kjekt med slike små prosjekt som blir raskt ferdig. Dette er Haukeligenser frå Klompelompe-boka "Strikk til store og små anledninger." Genseren er i str eitt år, og er strikka i alpakka frå Sandnes. Pinnar nummer 3 og 3,5.
Genseren er strikka frå halsen og ned, det vil seie at du gjer frå deg alt det gøye (mønsterstrikk) med ein gong. Oppskrifta er godt forklart og legg å følgje.
No skal genseren sendast til ein liten mottakar i London.
Eg brukte icord-felling på bol og ermar, det hindrar vrangborda å rulle seg opp.
Etiketter: strikking
alpakka,
genser,
Klompelompe,
rundfelling,
Sandnes
21. oktober 2020
Oskargenser til Olivia
Dette er ein Oskargenser. Oppskrift frå Bystrikk/Knitting Inna. Eg har strikka den av Royal Alpakka frå Dale i str cirka eitt år.
26. september 2020
Mariusgenser i alpakka
Eg nyttar kvart høve til å gje strikkaplagg i gåve:-) Denne Mariusgenseren var konfirmasjonsgåve no i september.
Genseren er i str S, og er strikka av alpakka frå Sandnes.
Dei to døtrene mine, den eine i Mariusgenser, den andre i Loppisgenser frå Pickles.
Etiketter: strikking
alpakka,
marius,
rundfelling,
Sandnes
21. april 2020
Alle gode ting er tre (mariusgenserar på tjukke pinnar)
Det er rart med det: det er artig med prosjekt som gir raskt resultat. Frå før har eg strikka to mariusgenserar på tjukke pinnar. No strikka eg ein til meg sjølv.
Eg strikka denne av Skappelgarnet Myk og Nøstebarn sin tretråds merinoull(det grøne). Mønsteret er strikka i grå Kos og grå alpakka frå Sandnesgarn. Pinnar nummer 8 og 9, storleik M/L.
Elleveåringen fekk ein blå genser for ikkje så lenge sidan.
8. april 2020
3xNoragenser
Eg har (kremt) eit velfylt garnlager- og er glad for det. Desse tre genserane er alle strikka av lagergarn.
Mønsteret heiter Noragenser og kjem frå Guttenogstrikkemor. Originalgarnet er merinoull frå Sandnes Garn, eg har brukt alpakka frå same produsent. Vrangbordene er strikka på pinnar nummer 3, resten på pinnar 3,5. Garnet er fantastisk mjukt, men ikkje det lettaste viss målet er å få til jamn mønsterstrikk- då er nok merinoull betre eigna.
Denne rosafargen er utruleg fin! Den heiter mørk gamalrosa og har fargenummer 4244. Det brune er nummer 2652, medan "lusa" er strikka av kvitt garn nummer 1001. Gråfargen som er brukt på den midterste genseren er nummer 1042. Den minste genseren har same brunfarge som dei to andre, i tillegg til rosa nummer 3511 og kitt nummer 1015.
Mønsteret finst i str frå 1 til 8 år. Den grå genseren er strikka etter 8 år, medan eg auka masketalet litt for å få den rosa ca i str 10 år. Den minste vil eg seie er i str 6-9 månader.
Bilda blei tekne i hui og hast i stiv kuling for eit par veker sidan- og er no trygt framme ho tre tanteborn lengre sør på Vestlandet.
8. desember 2018
Grå lue
Garnet Lun Ull frå Sandnes har eg ikkje prøvd før. Førsteinntrykket er godt og garnet passa veldig godt til dette lueprosjektet. Tiåringen bestilte lue til ein lærar, som hadde bursdag no i desember.
Eg la opp 80 maskar på pinnar nummer fem og strikka ein rett og ein vrang nokre centimeter. Bytta etter kvart til pinne nummer 5,5 og heldt fram med vrangbordstrikk. Felte av litt på måfå.
Eg brukte akkurat 50 gram garn, og lua sat visst som eit skot på mottakaren. Nummeret på fargen er 4254.
8. september 2018
Ut mot havet-genser
Eg valde litt andre fargar (for å seie det mildt) enn det Dorthe Skappel har gjort i denne Ut mot havet-genseren. Oppskrifta er gratis og du finn henne her.
Hovudfargen er ein tråd mini alpakka frå Sandnes (farge nr 4554) og ein tråd Suri Alpakka frå Sandnes (farge nr 4545). Det grå er ein tråd mini alpakka og ein tråd Suri. Det grøne og det gule er ein tråd Royal Alpakka frå Sandes og ein tråd Pickles Cozy.
Eg brukte pinnar nummer sju og strikka str M. Det blei ein romsleg og tjukk genser.
Ein fin måte å bli kvitt litt restegarn på!
2. september 2018
Gul Gemma
Gemma-genseren finst i mange ulike fargar. Eg kjøpte garn til den gule versjonen hos Strikkemekka. Resultatet vart ein veldig mjuk genser.
Genseren er strikka i ein tråd ALPAKKA FORTE (80 % alpakka, 20 % nylon) og ein tråd KIDSILK ERLE (56 % mohair, 26 % silke, 18 % ull) på pinnar nummer 4 og 4,5. Eg strikka den i str. L.
1. januar 2018
Grillgenser med rundfelling
Grillgenseren frå Dale er ein klassikar og dukka opp på nytt i heftet Urban Retro for nokre år sidan. Genseren skal eigentleg har isydde ermar, men eg valde å gjere om til rundfelling.
Her er originalen, bilde er frå Dalegarn.
Eg har strikka i originalgarnet (Dale Alpakka) og i originalfargane (naturkvit, beige melert, koksgrå melert og sjøgrøn).
Vrangbordene er strikka på pinnar nummer 3, resten på pinnar nummer 3,5.
Mønsteret passa bra til å gjere om til rundfelling, det viktigaste var å felle slik at mønsteret ikkje kom skeivt ut. Eg strikka i storleik Small.
Etiketter: strikking
alpakka,
Dale,
genser,
rundfelling,
strikking
Abonner på:
Kommentarer (Atom)