Viser innlegg med etiketten Hødd. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hødd. Vis alle innlegg

11. mai 2019

Høddgenser i jubileumsåret

Idrettslaget Hødd vart stifta i 1919 og fyller dermed 100 år i år. Mannen er djupt engasjert i klubben og var brått interessert i at eg skulle strikke genser til han.
Det måtte sjølvsagt bli ein Hødd-genser, med Hødd og årstala på framsida, og slagordet Liten, men stor på ryggen.
Genseren er Mariusinspirert og er strikka i Smart frå Sandnes. Eg brukte pinnar nummer 3 på vrangbordene, 3,5 på resten. 
Genseren er i str XL og det gjekk med fjorten nøster av det blå garnet, og nesten to nøster kvitt. 

13. januar 2013

Hødd- Selbu 1-1

Desse vottane er inspirerte av selbuvotten og fjorårets cupfinale. Ideen dukka opp i hovudet mitt for nokre veker sidan, og som vanleg får eg ikkje fred før eg har sett ideen ut i livet. Hødd er nemleg laget med stor L her i huset.
Hm, kanskje ikkje eigna som keeperhanskar....?


Vottane er strikka i finullgarn frå Rauma. Eg brukte pinnar nr 3. Dei passar ei mannshand eller ei stor damehand.
Sidan fotball handlar mykje om kjensler, er botnmønsteret Hødd-blå hjarte. 

2. mai 2012

Høddmarius

Denne mariusvarianten gir truleg null meining for dei som ikkje er så opptekne av fotball:-)   Men Hødd er namnet på fotballaget (1. divisjon) her i Ulsteinvik.  Og sidan 3,5-åringen er ein ihuga
Hødd-tilhengar, passa det bra med ein slik kjole.


                                   Ho er spesielt glad for at det også er hjarte på kjolen.



"No går det berre ein veg, Hødd!"
                                                   
Kjolen er strikka frå halsen og ned. Garn: Falk (det blå) og Smart (det raude og kvite), pinnar nr 3,5.

11. juli 2011

Heia Hødd!

Denne kjolen/tunikaen er strikka med utgangspunkt i denne oppskrifta: http://www.pickles.no/pickles/2011/5/26/enkel-kittel-med-hette-plain-girlie-hoodie.html frå fantastiske Pickles. Strikka i dobbel Lerke frå Dale på pinnar nr 5,5, str 8 år. Hødd er fotball-laget her i kommunen- eitt av topplaga i 1. divisjon.