Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.
Viser innlegg med etiketten Garn. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Garn. Vis alle innlegg

søndag 25. september 2011

Alpakka i maskina…..faen!

IMG_0417IMG_0421

Før vask                                      Etter vask

Gjett om eg er drit forbanna. Gensaren er strikka i Alpakka frå sandnes garn og vaska på ullprogram og 30 grader. Og så ser den slik ut, den har tova seg. Eg har vaska alpakkaulla frå sandnes før i vaskemaskina og det har gått fint, men denne gongen tova den seg og vaskemaskina var full av hår.Halvparten av alpakkaulla låg att i maskina. Dette skal ikkje skje og no er eg drit sur. Sitje å strikke i så mange timar og så er gensaren øydelagd. Eg har og vaska kragejakka mi på same programmet og den er i rein ull som kan tove, og den tova ikkje. Den var like fin då eg tok den ut. Dette garnet som eg brukte i denne gensaren skulle kunne vaskast på ullprogram og 30 grader, men det har den ikkje tålt.

Andre med same erfaring?

IMG_0422

mandag 19. september 2011

Aade Long i posten-

IMG_0402IMG_0403

Garn i posten igjen… alltid like spennande å bestille garn på nettet. Denne gongen var det frå denne nettbutikken HER . Ikkje alt er like lett å forstå, når noko er på engelsk og noko på? eit eller anna språk. Pakken er sendt frå Israel, så kanskje det er det språket frå det landet. Ikkje veit eg. 229 kr vart trekkt frå kontoen, noko som ikkje er gale for 260 gr regnbogefarge og 180 gr svart-grå-lilla. Fine fargar var det, men det luktar veldig av sau…

Kva det skal bli av dette garnet er for tidleg å sei Smilefjes 

IMG_0405IMG_0406

Når Hallvard ikkje er flink til å finne vatn til hønene sine, så finn dei vatn andre stader. Hagedammen er då det beste alternativet….

IMG_0385IMG_0386

fredag 8. juli 2011

Litt strikking vart det på veg og på Svalbard.

IMG_9847IMG_9848

Etter 6 dagar på reising, har sjalet vakse so mykje. Vart strikka ein del på flyreisa, og på dei to 8 turars båtturane me hadde til Pyramiden og Barensburg. Heldigvis valde eg ei sjal med mykje glattstrikk fyrst, for då får eg med med meg litt anna medan eg strikkar. Når eg er kome til mønsteret så må eg konsentrera meg om det Smilefjes

IMG_9849

På vegen heim att så hadde me ei natt i Tromsø. Og der hadde dei ein fin garnbutikk som heiter Snarby Strikkestudio, og gjett om eg måtte inn der. Masse fint garn hadde dei, så eg kjøpte med meg 3 hesper Cashmere Lace 1 Drops Lace og 1 Noro Kureon Sock Yarn. Gudane må vete kva eg skal strikke, for eg veit det ikkje. Men kjekt å ha er det no. Flott garnbutikk, med stort utvalg.

IMG_9846

I dag har me hatt sol heilt til no i kveld. Då kom regnet att.

No har eg ikkje mykje att av ferien min, berre ei veke. Fint å ha hatt ferie, men veret har ikkje vore med meg i det heile. Håpar de har hatt betre ver enn meg.