Viser innlegg med etiketten sydd ferdig 2025. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sydd ferdig 2025. Vis alle innlegg

tirsdag 16. desember 2025

Toalett vesker x 2




Acufactum stoff med julemotiv i to ulike fargar. Ha hatt liggande til godgjering i stofflageret. Stoffet er kjøpt på Lappelykke for ei tid tilbake....har spart litt på det. Men no vart det to fine toalettvesker til barnebarna. Brukte mønsteret til Annka. tripp-trapp-tresko. Sydde den største størrelsen.





Nesten like men ulike farger


 Klem
Lilla dør

mandag 7. juli 2025

Marimekko brikker x 7


Endå litt fleire Marimekko brikker. Totalt fekk eg 7 stk av dei ein og halv meter stoff, tre av brikkene gav eg i presang, resten har i samlinga mi. Marimekkobrikkene blir flittig brukt og er lette å vaske, held seg fint med den quiltingen.

.

Stoffet heiter Perenna printed
 



Sommarlige og kjekke. Her saman med blomsterbuketten eg fekk av svigermor då eg fylte år i juni.


Ulike måter å bruke dei i borddekkingen ....






 Klem
Lilla dør

tirsdag 24. juni 2025

Toalettvesker


Eg sydd 4 toalettvesker til fire av barnebarna no til dei skulle på ferie.
 




quilta med symaskin og fora med bomullsstoff


Ulike var dei.  Fekk velge kva dei hadde lyst på . Raske å sy og raske å gi bort. Sygleder



 Klem
bestemor

tirsdag 3. juni 2025

Vinter village teppe


Laundrybasketquilt Vilnter village patteren, Starta på teppet for mange år sidan. Toppen har lege ferdig i mange år. Endelig fekk eg tid til å gjera det heilt ferdig.  Eg sende teppet til Merete Ellingsen                     (meretesquilteloft ),ho quilta det på longarmen sin . Kan anbefalast, veldig fornøgd.


Ferdig quilta. eg skar det reint og sette lukkekant på det. Eg valgte ein blå kan i Laundrybasket stoff som eg hadde igjen.



 


Blå lukkekant sydd på for hånd.



 

 Ferdig......tok litt tid frå eg starta til det var ferdig quilta. 


Klem 
lilla dør

søndag 6. april 2025

Marimekko kuvertbrikker


Eg hadde 50 cm av dette marimekko stoffet liggande, som nemt før er eg veldig glad i desse ulike marimekko kuvertbrikkene. Av dette 50 cm stykket stoff fekk eg tre store brikker.
 

Vart tre stykk !!




Passa perfekt no på våren og forsommaren


Har nokre få deler av servicet som har samme motiv. Må nok ønske meg nokre koppar i same motiv. Er visst hekta på marimekko koppar. Kanskje ein dag kan eg legge ut hyllene på kjøkken veggen. Eller dokke  kan kome innom på ein kopp kaffi. :)))


PÅ bildet over ser dokke namnet på denne marimekkoserien.  Bruker ta med det på eit av kurvebrikkene. Jillt å halde rede på namnet på dei ulike seriane.




Klem Lilla dør