Viser innlegg med etiketten sydd ferdig 2019. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sydd ferdig 2019. Vis alle innlegg

onsdag 25. desember 2019

Julegåvesekker


Har sansen for julegåvesekker og har ofte laga det til dei håpefulle, spesielt viss dei skal feire jul vekke, enten det er hjå svigers eller storfamilien samlast.



Desse laga eg av løper og duk som eg fann til halvvpris. Kjekt når juletingene blir satt ned til 50% allerede tidleg i desember.


Home for Christmas 




God jul!!!!


Klem
Lilla dør

torsdag 5. desember 2019

Julekjole til nissefesten i barnehagen


eg har sydd julekjole til eit av barnebarngulla mine. eg sydde det av rester etter kjolen min. Fekk brukt opp alt stoffet, fekk akkurat nok til lue til "babyliten" ( dokka til barnebarnet mitt).





 Sydde den i størrelse to år. Veldig kjekk å sy, håper eg får sydd litt fleire av desse.....



Klem
bestemor

onsdag 4. desember 2019

Julekjoler i jersey

Hadde litt jersey stoff liggande fra Stoff og Stil........ vart til kjoler. 


 På hytteferien eg hadde i slutten av november vart kjøkkenbordet omgjort til sy bord ein periode. Gildt med slike kreative prosjekt.


 Vart to kjoler på meg




 Den eine vart med påsydde lommer framme på kjolen medan på den andre vart det lommer i sidesømmen.





Klem
Lilla dør

tirsdag 3. desember 2019

Nytt skjørt til prinsessa til bestemor


Eg har blitt inspirert av bilde på nettet av slike skjørt til småjenter i tyll med viskose underskjørt. Kjøpte ein pakke med blanda poppongar og sydde skjørt etter innfallsmetoden. Tok mål av livvidde og høgda på ønska størrelse på skjørtet. Sydde linning på det og tredde i  brei buksegummistrikk  og rynka saman til passe vidde.


 Viskose og mjuk tyll fra Stoff og Stil





 Artig å sy og mottakaren vart fornøyd. Det er igrunnen ein fin kombi. 


Klem
Lilla dør

søndag 1. desember 2019

Ny strikkeveske


 Alltid kjekt med ny strikkeveske. Denne gangen sydde eg den av ein voksdukrest. Igrunnen praktisk og lurt. Iallfall for slike som meg som dreg det med over allt. Eg har nett hatt ferie på verdasjillastehytte og då vart det tatt med ut på terrassen, ved sjøen etc. 


 Her er det innspurten på nokre julekjoler som er innhaldet i strikkeveska.



Klem
Lilla dør

søndag 10. november 2019

Dåpskjole til dokka til barnebarnet mitt :)



Eg sydde dåpskjole til barnebarnet si dokke/baby etter innfallsmetoden. Det vil sei at eg hadde eit babybornmønster på bærestykket og armane.  Eg sydde det fyrst så klipte stakken av resten. Eg sydde den av ein kortarma bluse eg har hatt. Hadde ein del blonderester som kom til sin rett på kjolen.  Etter ein runde med omovatn då det var gamle blonder eg brukte.




 Detalj fra bærestykket. Eg knytte ei stor silkesløyfe som eg sydd framme på kjolen då det var lettare for dukkemora og kle på då.




 Her henger både kjolen til dåpsbarnet Rut og dokka sin dåpskjole klar til bruk. Me hadde barnedåp sist helg.

 Oldemor Ruth broderte dåpsbarnet sin kjole i engelsk broderi då barnefaren vart døypt for ca tredve år sidan.




Her er dokkekjolen vel i bruk av dukkemora på 2 år. Klar for systra si sin dåpsdag.

Klem
Bestemor

mandag 21. oktober 2019

Toalettveske til eit barnebarn



 Eg har sydd  ei toalettveske til barnbarnet mitt på to år....klart ho må ha toalettveske når ho skal overnatte hjå bestemor. Til å ha tannkosten, tannkremen og hårklemmene i....


 Stoffet er fra Stoff og Stil




 Stoffet er quilta med maskin med bordet i,  slik at det blir stødigt og stabilt. Foret i toalettveska er av mjuk voksduk slik at det tåler litt fuktighet.



Klem
Bestemor

tirsdag 3. september 2019

Mappe


 Fann eit  koselig stoff i stofflageret mitt. Ville sy ei lita mappe/toalettveske til eit av barnebarna. 


Kjekk til å ha med ei ekstra bleie eller to


 Mappa er quilta og eg har sydd i glidelås



 Kan og ha med eit ekstra kleskift og så tar den ikkje så store plass i veska 


Kjekk til å pakke inn barselgaver i og :)

Klem
Lilla dør