Viser innlegg med etiketten sydd ferdig 2018. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sydd ferdig 2018. Vis alle innlegg

søndag 30. desember 2018

Home for Christmas



 Sydde nokre slike strikkeposer/prosjektposer til jul..... jentene fekk då dei kom heim til jul.
Eg har ofte sy ulike typer poser til dei av og til med fellesprosjekt men i år vart det bare poser :))
Men alle hadde strikk dei var i gang med ...


 Eg har sydd desse posene av håndkle/duker frå Nille.


 Velkommen heim til jul


Ha ei fin romjul...snart nyttår og nye muligheter!

Klem
Lilla dør

mandag 17. desember 2018

Juletrevimplar på terrassen


Stjerneproduksjon. Endelig kom ullfilten eg fekk ei tid tilbake av ei goé venninne.....  Den var heilt perfekt til formålet. Ullfilten var tjukk og god.


Sjølve juletrea sydde eg av sekkestrie, eg stod ute og skar dei til..... støva så mykje.
Eg skar dei ca 38 cm høge pluss stjerna då.

Eg sydde først rundt med overlockmaskina før eg sydde på stjerna og hampetauet. Hadde pynt på nokre av trea for å få meir liv i vimpelrekka.



Klar for opphenging under tilbygget på terrassen.
Fekk dei opp til andre søndagen i advent, ikkje verst det :))



Meter på meter med juletre :))). All dei ideer man får.... eg vart inspirert av ein kollega som hadde laga vimpelrekke med fylte juletre til å ha i stova.... Kjempe kult det og. :))).





Kortreist juletre frå hagen ....... litt pjusk men med sjarm.


Ha ei go´e adventstid fortsatt ....snart jul!

Takk til dokke som er innom bloggen. Alltid jillt med respons.


Klem 
Lilla dør

søndag 2. desember 2018

Home for chrismas strikkeose/prosjektbag


 Eg sydde meg strikkepose/prosjektbag av motivet home for christamas.... Når ein har mange strikke/sy prosjekt må ein ha mange posar:). Det seier seg sjølv.


 Brukte ein kjøkkenhåndduk  på framsida. Eit perfekt motiv. Eg digger dette motivet.


 Glidelås i toppen


 Kraftig grønt bomullsstoff til bakstykke.


Ha ein fin og kreativ adventstid.

Klem
Lilla dør

fredag 30. november 2018

Kristtornmotivet på .......


Eg sydde to mapper av voksduk med kristtorn motiv. Fine til både toalettvesker no i desember og til å ha strikketøyet i.... ut på reise kan det ofte vera kjekt med noko som tåler litt fuktighet.


 Glidelås i toppen...praktisk og godt.




 Sydde ein pose i bomullskvalitet med samme motiv. Den har eg nisseluestrikk i.  Eg held på med lue nummer to no... har vore litt usikker på størrelsen. 




No er det bare rett opp med rødt....perfekt turstrikk når ein er på reise og skal være litt sosial og. Blir med på flytur no i helga.


Klem
Lilla dør

lørdag 27. oktober 2018

Okergul kjole med prikker


I dag har eg sydd meg endå ein kjole i jersystoff. Eg hadde klipt kjolen tidlegare i haust. Så endeleg fekk eg sydd den idag. Eg brukte overlockmaskina så det er kjapt gjort.



 Til halskanten brukte eg ein rest frå restekassen. Synest det friska opp kjolen.




 Stoffet kjøpte eg på Kreaktiv på Kvadrat.



 Prøvde meg på langarma. Lommar i sida :). Eg er veldig glad i lommar.


Kjolen er i Lilladør-design. Tegna sjølv og inspirert av tidlegare kjole eg har sydd.

Klem
lilladør

torsdag 25. oktober 2018

Dokkeseng til bestemorgullet



Eg har sydd sengesett og laga madrass til bestemorgullet. Senga har eg kjøpt på jobb. Den var ferdig malt i ein fin grårosa farge.


Madrssetrekket sydde eg i kraftig bomullsstoff. Hadde vatt inni.


Lakenet i flanell 


Kjempekjekke sømsysler dette. Det blir fort sykos og glede på syrommet.



Sengekleda kan ein ta av og vaske. Med åpninger uten knappar og bånd. Barnevennlig er viktig.



Dokka fekk testprøve dokkesenga før den blir overlevert til bestemorgullet.

Klem 
lilla dør

onsdag 3. oktober 2018

Designers quilt puter


 Eg har hatt liggande litt stoff frå Designers Guild frå eg var i London sist. Til godgjerning/modning. Designers Guild er ein av mine favoritt designarar. For dei som følger meg og kjenner meg er dette gamalt nytt. No kan eg få fatt i stoffet deira pluss pluss både på Forus og i Førde.


 Eg sydde desse to i helga. Har litt igjen av stoffet......blir nok ein prosjektpose til strikketøyet mitt:)



 Flott stoff som passar perfekt hjå meg.


 Sydd ein kant rundt putene.





klem
Lilla dør