Viser innlegg med etiketten sydd ferdig 2016. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sydd ferdig 2016. Vis alle innlegg

tirsdag 27. desember 2016

Gåveposer



 Julegåvesekker i lin.


 Motiva som eg har applikert/sydd på var kuvertbrikker eg kjøpte på gi bortsalg på Princess i desember. 


 Sydde på pyntebånd som eg brukte til å lukke posane med. Sjølve posane sydde eg med overlockmaskinen.



 Det var mange ulike sekker.





 Kjekt å gje og kjekt å få:). Praktiskå ha julegåvene i etterpå, iallefalll
 når ein er 16 stykk som feirar jul i hop. Har tipsa mottakarane at dei kan gjere dei om til putetrekk til 70 x 70 cm gulvputer..... 



 klem
Lilla dør

torsdag 22. desember 2016

Maritimt slumreteppe


 Eg sydde eit slumreteppe til broderen til jul.... har igrunnen lenge hatt ein plan. Han ynskte seg eit i klassiske maritime fargar.


 Planen og tanken var eit båtteppe og strandteppe. for kjølige dager/kveldar


 Stoffrestane vart ei pute. Stjernestoffet i dongeri vart bakstykke og.




Klem
Systra

tirsdag 20. desember 2016

Søm i desember....litt julegåver


 Eg sydde kvar sin skopose til guttane i familien. Kjekke å ha med seg når dei er ute å reiser og skal ha med skoskift i kofferten. 




 Diverse strikkeposer. 



 Har og sydd to toalettvesker pluss ei lita mappe




 Stoffet kjøpte eg på Trapp ned i Førde.


 Hadde lin som fór


Juleklem frå 
Lilla dør

fredag 9. desember 2016

Klesnor i hagehytta


Nissane, som held til oppå skapet i hagehytta, har fått seg klesnor:) Fekk det plutseleg føre meg at det hadde vore kjekt å laga. Det var nesten nostalgisk å lage det. Kjente på dei gode minnene frå barndommen då eg laga dokkeklede /papirdukke-klede i massevis. Kjekt å kunne leike seg med stoff, saks og symaskin. Medan andre ikkje kan forstå at ein kan bruke ressurser og giddå på slike "unyttige "ting.
Ikkje alle har det heilt likt:)


Her er det litt strikk og.


 så dette er den nye desemberpynten i hytta i år.......


 Nissane laga eg for ei tid tilbake. Har fleire hoder/ansikt som skulle hatt kropp. Kanskje det kan bli eit prosjekt i 2017. Kanskje eit hus til dei på hytte veggen???




Stjerna på treet er ikkje heilt på plass ennå:)

Nisseklem frå
Lilla dør

tirsdag 22. november 2016

Julegrisar i lin


 For fleire år sidan klypte eg opp to grisar i lin etter eit Stoff og Stil-mønster. Dei vart liggande, men no i haustferien tok eg dei med til hytta og jammen fekk eg ikkje sydd dei. ;) Ein "ufo" mindre og julegrisane er klar


 Her er det øyrene som vert sydde




 Godt å vera to


 Ganske stor den største. Her er den oppi ein gammal Hansa-kasse





God førjulstid

Klem
Lilla dør

fredag 18. november 2016

Bosskorger /sykorger


 Eg fekk sydd meg eit par av desse i haustferien no i november, Hadde kjøpt mønster og stoff hjå Kathrines quiltestue.


 Fotoseansen er i Skorane i haustsola



 Korgene kan brettast saman og er lett å ta med ..... inni sjølve korga er det ei stålfjør,
"The fat quarter gypsy small Pop-up".






God helg.

Klem
Lilla dør

onsdag 28. september 2016

Sydde nokre puter i sommer..... gleder meg til neste sommer


 Inspiret av livbøyene sydde eg denne runde puta til å sittte på på brygga når eg nyter kaffien der.....
Litt bilde frå drømmeplassen:)



Vika-fjæra


Sydd i dongeri slik at den blir litt hardfør og kan tåle litt bruk:) det likar eg. Innerputa er i dun og den er i tillegg stor og fyldig. I grunn fantastisk å sitte på.....



 Pute nr 2 med vimplar og livbøye. Passa godt inn på benken ved naustet eller på benken ved hytteveggen. Eg får sommarstemning av dei. Begge putene er med i serien "Maritime gleder".....



Begge putene er eige Lilla dør design.


Klem 
Lilla dør