Viser innlegg med etiketten overlock. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten overlock. Vis alle innlegg

onsdag 4. desember 2019

Julekjoler i jersey

Hadde litt jersey stoff liggande fra Stoff og Stil........ vart til kjoler. 


 På hytteferien eg hadde i slutten av november vart kjøkkenbordet omgjort til sy bord ein periode. Gildt med slike kreative prosjekt.


 Vart to kjoler på meg




 Den eine vart med påsydde lommer framme på kjolen medan på den andre vart det lommer i sidesømmen.





Klem
Lilla dør

onsdag 7. september 2016

Fiskeputer


 Sist eg var i Oslo kom eg over desse kjøkkenhånddukane hjå Åhlens ( eg trudde igrunn det ikkje fantes slik butikker i Norge igjen men tydeligvis fantes det i Tigerstaden). Men veldig fornøyd..... 
Så desse kjøkkenhånddukane vart framsida til to puter....med 6 sømmer med overlocken var det gjort!


Desse putene passar inn i samling med "fiske" puter i sofaen til spisebordet på hytta





 Passa perfekt i ei 50 x 70 cm pute


 Hadde dongeri til bakstykke


Klem
Lilla dør

onsdag 6. juli 2016

Bryllaupsførebuinger




9 meter lin klippes opp til servietter og blir sydd tre trådsfall med overlooken... vart veldig fine.
Mamma klipper og bruden syr og brettar fine servietter.....


I gang 


90 stk




Vimplar på gang :) det vart ca 150 meter ferdige vimpelenker.  Imponerande arbeid. Mormor´s gamle gardiner pluss pluss gjekk med :). Ekstra jillt med gjenbruk her.


Her er det litt kraftig lerret som blir skore til.


Som sagt 150 meter minst. Kanskje bruden kan byrja med utleige av festvimplar eller ein kan forhandle fram salg??
Mykje og fint arbeid ligge bak desse:)



Me hadde bryllaupet i Lensmannsløa på Varhaug. Slik såg lokalet ut før me starta pyntinga med lys og vimplar etc


Her pyntast det og vert montert lys og lyd






Litt maling vart det og. Her er det velkomstskilt til kyrkja og festlokalet.




Klare for bryllaupsfest  etter vielsen i Bore kyrkje 

Klem
stolt mamma

onsdag 22. mai 2013

Nye nett




Har sydd fleire nett av retrostoff/igjenbruk:) Eg var så heldig å få nokre meter av ein kollega.
 Tusen takk!!


 Har sydd dei med overlocken.


 Kjem til å sy fleire med lang hank og nokre med kort hank.
 Nokre av dei har allerede skifta eiger:)
Dei er fine både til handlenett og til å ha strikketøyet i:)


Klem
Lilla dør

tirsdag 29. januar 2013

Isblå/beige ribb


 Eg har sydd endå ein genser av ribb. Dei fyrste kan du sjå her


 Veldig jille å sy. Bruker som sagt overlockmaskina.


 No har eg laga tre ein til kvar av jentene mine.:) Eg trur eg avslutter dette prosjektet inn til vidare. Får sjå om dei passar og fell i smak.


Klem 
lilla dør

mandag 21. januar 2013

Genser av ribb


Eg har sydd meg to genserar av ribb som eg har kjøpt hjå Lisi Design på Jærhagen. Ho har kjempe mange flotte farger i ein goé kvalitet. Til bare kr 49.- pr meter. Brukte mønster til Ottobre. Sydd på overlocken. 



 Prøvde meg på to typer beleggsying i halsen men eg likte absolutt best den på den lyse genseren. Eg kjem nok til bruke den på den neste genseren.





Ha fin veke vidare. Jillt vist dokke som er innom legger igjen eit lite livsteikn. Det varmar og gir inspirasjon.

Klem Lilladør