Viser innlegg med etiketten dokkehus. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten dokkehus. Vis alle innlegg

tirsdag 24. mars 2026

Miniatyrtreff


No etter jul byrja eg eg å gå i eit minatyrtreff ein gong i månaden med ulike tema. Kjempeartig, då eg liker godt å lage til dukkehuset pluss pluss. 
Ein kveld laga me små mapper. Me sydde på perle kant. Godt det finnest lesebriller og forstørrelsesglass..


Siste treffet eg var på lag me små esker med bretta skjorter oppi.



 Dette bildet er fra dukkehuset mitt. Eska med skjorta ligge på senga der.

Klem
Lilla dør

onsdag 11. mars 2026

Dokkehus


 
Ferdig med maling og tapesering. Har malt huset i orginalfagrane fra 1957. Huset er vist ein kopi av huset på Bakklandet i Trondheim der fyrte eigar budde.


Litt innredning igjen men det får kome etter kvart.  


Sengeteppe på gang og strikking av kluter etc til dokkehuset.
t

Kjøkkenet. Innredninga fann eg på Gjenbruken. Golvbelegget er ein gamal rest eg hadde .Gardinene er  orginale, har vaska dei og det tålte dei bara. Stoffet er nesten litt plastaktig. Tapeten er ny.


Stova med nytt belegg og tapet. Malte taket kvitt. gardinene er orginale. 



Soverommet. Også originale gardiner. Malt taket og fått ny tapet i småblomsteret mønster, nesten lik gardina.


 Her er lyset kobla til. Artig at dei gamle pærene og brytarane virka.


Klem 
Lilla dør

tirsdag 3. mars 2026

Oppussing av gamalt dukkehus som eg fekk gratis på Finn i 2022


Lys opplegget virkar, må bare finne rett batteri og korleis det vil fungere best. Gubben er sett på saken
.

Fyrste rommet er ferdig oppussa mangler møbler det får komme ette kvart.


Har oppbevart det i hagehytta men fann ut eg måtte få det inn på på syrommet viss eg skulle få det ferdig.


Ribba og vaska grundig.


 Klem
Lilla dør

lørdag 5. juni 2021

Nytt prosjekt på gang......




Fekk fatt i dettte tøffe dokkehuset på Finn. Gis bort- Eg falt pladask for det, sjølv om det virkelig trengs både vask og maling etc. Huset er ein modell fra eit hus fra Bakklandet i Trondheim Det er laga i 1957. Målet er å bevare mest mulig av original fargane, gardiner etc. Dette blir nok eit vinterprosjekt. Nett no er det hage og utetid :)))
-


Kan bli galkult ...... eg ser iallefall bruken :)))



Kan bli kult vist eg får pussa det opp. Kanskje eg må på jakt etter gamal tapet etc... er det nokon som veit korleis ein kan få fatt i det?  Kanskje nokon har ein liten bit liggane av gamal tapet etc.... fra 1950 åra.


Kjem nok meir fra dette prosjekt etter kvart..... gler meg -----

 Klem
Lilla dør