Viser innlegg med etiketten bordpynt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bordpynt. Vis alle innlegg

torsdag 16. juni 2022

Sommarfest på terassen juni 2022


Andre helga i juni hadde me sommerfest her. Firmaet til gubben skulle ha sommerfest. Fram med teltet vårt og bord.  det kjekkaste er vel pyntinga. fekk god hjelp av Gjertrud.
.

I taket hadde me roselenker fra Ikea. Kven skulle tro eg skulle kjøpe kunstige blomster ( iallfall ikkje meg sjølv) men det vart veldig bra. Og kunstige blomar er ikke det det ein gang var trur eg......
I tillegg hadde me vimplane som Gjertrud sydde til sitt brudlaup (ho driv og leige dei ut vist nokon treng vimplar) også lyslenker.



Mykje blomar fra hagen, pionane var kjøpte. kjekt når ein kan bruke det ein har.


 Klem
Lilla dør

onsdag 18. mai 2022

familie frokost 17. mai.....eit lite glimt av det pynta bordet.


Var heldig å ha heile gjengen min til frokost 17 mai med unntak av studenten. Butikkane hadde salg på 17 mai produkter til barna . Vart inspirert til å kjøpe ein del og bruke til bordpynt fyrst også kunne barnbarna forsyne seg det ville etterpå. Då me hadde koldtbord trong eg ikkje plass til maten på bordet :)
 


8 voksne og 4 barnbarn ...heldige meg




Frokost dessert i rødt, kvitt og blått. Jordbær, bringebær, vaniljeyoughurt og blåbær.


 Klem
Lilla dør