Viser innlegg med etiketten Strikk ferdig 2014. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Strikk ferdig 2014. Vis alle innlegg

søndag 23. september 2018

Dongerisekk til skeinebretta


I sommer lova eg å sy ein pose/sekk til skeinebretta....... bedre seint enn aldri. 


 Eg sydde ca 5 cm botn i den slik at det er plass til fleire brett.


 Hempe i botn til ha snora i


 Eige mønster og design ......viktig med merking:)))



Klar til levering.

Klem
Lilla dør

tirsdag 13. januar 2015

Gjordt ferdig småstrikk frå " i fjor" :)


 Eg starta på dette stjerneprosjektet i desember. No har eg iallfall festa tråder og strikka ferdig dei påbyrja. Fin arbeid saman med litt kaffi. 


 På rekke og rad 


 Eg likte  godt  effekten av bling-tråden. Her har eg brukt den saman med lin
Men favoritten var den eg strikka i ubleika natur lin.  Det blir nok fleire av dei mot jul igjen...... må nok byrja endå tidligare i år.


 Marte  Helgetun  se her  sitt design av babysokkar.
 Veldig lette og snaue å strikke. Knalljillt, ferdig på eit blunk og fine blir dei. Ypperlig til restegarn i litt mjuk og tjukk kvalitet.  Alpakka er nok min favoritt her:)



Rosesokkar


Ha ei goé og kreativ veke forsatt.
Takk for kommentarar og oppmuntringar, det varmar.
Eg set stor pris på om de legg igjen nokre livstegn når de er innom.

Klem
lilla dør

mandag 12. januar 2015

Fru og herr



Eg strikka to glassmansjettar etter mønster og inspirasjon av Charlotte Kaae.  Mønsteret kjøpte eg på hennar Ravelry-shop. 

Jillt med to.  Det var ganske mykje arbeid på dei så eg trur kanskje det blir med desse to.


Prøvde dei ut på lørdag med sjokolade og krem. Knallgodt og jillt med friskluft sjølv om det var ganske frisk ute. Venta då på stormen Nina. Godt med overbygd terrasse.


Måtte pynte dei med restar av julesnopet.  Eg såg det var gjort på mønsteret, men eg likte dei best utan stav.


Perfekt lørdagslunsj i hagen





Serviett eg snopa i fjor.... eg er svak for servietter,  det er så mykje fint. Gir mykje inspirasjon og idear.


No står desse to kompisane på kjøkkenbordet klar til bruk,  eller bare til pynt. Januar er jo snømannens månad eller? Det einaste er at vi ikkje har fått noko snø ute ennå. :)

Klem
Lilla dør

Ha ei fin og kreativ veke.

mandag 5. januar 2015

YES....Kofta er montert og levert



 Endeleg! Men litt flaut at det tok 4 - 5 mnd frå den var ferdig strikka til eg fekk den ferdig til levering. Godt eg ikkje driv butikk med montering av kofter.


 Kom over "pengeknappar" hjå Fat og Fe (www.fatogfe.no).  Eg brukte 50-øringer på kofta. 




Godt når mottakaren er tålmodig!
og veldig fornøyd med kofta.

mamma klem!

søndag 23. november 2014

Ferdig!


 Klare til bruk. Sist helg gjekk eg på kurs i Krydret strikk med Charlotte Kaae


I eit julemagasin til "alt om håndarbeid" fann eg fleire mønster av Charlotte, mellom anna lue:) Kanskje eg skulle leite litt i restgarnet å strikke ei slik lue:)

Klem
Lilla dør

tirsdag 18. november 2014

Strikkefestival i Stavanger



 Eg var med på workshop sist fredag med Charlotte Kaae, ein dansk strikkedesigner.   "Krydret strikk," der vi blanda og spleisa garn i den farge sjattering vi ynskte og strikka pulsvarmer, "prøvelappar"etc.
Mine pulsvarmarar er ikkje heilt ferdige men straks. (skal legge ut bilde når eg er ferdig.)


Charlotte med sine fargerike vottar.
Oppskrift i ei av bøkene hennar:)


Kan anbefalast:)


Charlotte sine
Se meir på bloggen hennar


 Anny sin


 Søndag var eg innom strikkekaféen og butikkane....fekk snopa litt då og:)


 Søndag var eg på workshop med Lene Holme Samsøe. Fantastisk jillt det og. Då var det bladmønster som var tema. Eg strikka meg lue i alfa.
Har fleire bøker og hefte av ho og til helga kjem ho med kofteboka........gleder meg!

Lena si lue.


 Her er eg igang med mine nye gullpinnar:)


Ferdig


 Eg laga okergul dusk på lua mi etter ynskje frå mottakeren.


Klar til bruk, eller kanskje eg skal strikke ei til før eg gir denne frå meg.
Takk til dokke som er innom og legg igjen eit livstegn.

Klem 
Lilla dør

mandag 17. november 2014

Fleire stjerner på gang



Eg held på å strikke endå fleire av desse stjernene. Det er eit Drops-design. Det ligg mønster på nettet  på Dropsdesign si side. Mønsteret eg har brukt er eit mønster på tova grytekluter:)


Eg kjøpte grå og kvit lin i tillegg til sølvtråd hjå Anny på Bryne her om dagen.
Planen er å strikke nokre fleire stjerner til bordpynt, tallerkendemparar og/eller bordskånarar til jul:).........trur eg



Gler meg til å strikke fleire.......jillt arbeid, og fort går det.


Fine fargar i saman.


Denne er strikka i linrenningstråd




Ha ei fine veke. Kjekt du ser innom bloggen!

Klem
Lilla dør