Viser innlegg med etiketten Husflid. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Husflid. Vis alle innlegg

onsdag 23. januar 2019

Aykasa kassar på syrommet


 Eg likte godt desse kassane. Passa perfekt inn under ei av bordplatene på syrommet. Eg har garn i dei og så kan eg legge dei ulike prosjekta i dei. Som dokke veit har eg meir enn eitt prosjekt på gang. 



 Både praktiske og tøffe. Eg valgte den mellomste størrelsen. Godt fornøgd. Og så fekk eg kjøpe dei på Bryne hjå Robinhooddesign. Kom tilfeldig over butikken på Instagram.


 Eit av dei neste prosjekta er ei strikkejakke av det garnet (Fat faerytale) som eg vann på garnfestivalen i Oslo.
Desse fekk eg garn hjå

Også vottane til hyggestrikk ligg det garn til bakers i korga:))))
Blir aldri arbeidslaus.......trur eg


 Og så har eg samla på Isager garn trur eg, ser iallfall slik ut.


Eller dette lekre garnet frå Ullrommet i ull og lin...blir truleg bestemorstrikk


Eg hadde fantastisk go´e monteringshjelp på laurdag. 


Litt bordpynt er viktig, som denne blomsten på syrommet! Usikker på kva det skal bli,,,,, tips mottas gjerne. Iallfall fine farga, litt tynt ullgarn. Det kan fort gå godt :)))))


Klem
Lilla dør

tirsdag 19. november 2013

Pakka og prisa tingene mine


 Idag kom den fyrste snøbyga .......i grunnen litt koselig sjølv om det er surt. Men veret passa perfekt til meg som har prisa og pakka varene som eg skal ha på Frida Hansen huset i neste veke.



 Litt av produkta, litt søm og litt strikk :) Håper du tar turen innom utstillinga.



Klem
Lilla dør

søndag 17. november 2013

Salgsutstilling i Frida Hansen-huset i Hillevåg


 Siste veka i november skal eg ha nokre strikka- og litt sømprodukter til salgs på Salgsutstilling i Frida Hansen-huset saman med andre medlemmer i Svithun Husflidslag.

Eg vil mellom anna ta med desse produkta pluss ein del andre ting som eg har strikka på maskin, slureteppe i lappteknikk, strikkeposer etc. 




Truseposer til ha dei reine trusene i når du er på tur


 Ulike luer


 Ulike halsar både sydd i stoff, strikka for hand og maskinstrikka


Jærputa frå Borestranda


Hjarteleg velkommen!

Klem
Lilla dør

lørdag 19. januar 2013

Bytur med seminar/kurs


Før butikkane var opne idag var eg på Wayne´s kafe på ein cappucino med ei venninne. Fantastisk!!!  Ein goé start på byturen. Målet var kursdag der temaet var Lønnsom lidenskap - om verdsetting av husflidshåndverk. 


Hovedaktør var Berit Lindquister frå Norsk Husflidslag. Ho kom med mange gode innspill som vart notert og er under bearbeiding:)  Nyttig og interressant.


Dette hadde eg med som eksempel på mine produkter:)


Til og med kursbevis... men det viktigaste er og var å få sette tankane mine igang og at eg er i ein prosess:) 
Alltid jillt å få påfyll med  fagleg stoff. Det med markedsføring er jo viktig.

Ha ein fin laurdagskveld vidare, min blir i sofakroken med strikketøy. Vart også inspirert til nytt stikktøy der inne. Når mange husflidsdamer møtest går strikkepinnane. Mykje inspirsjon der og:) Har googla og fått fatt i ny oppskrift. Sjølv om eg har mykje strikkearbeid på gang....må bare prøve noko nytt. Allt i allt ein vellykka bytur i godt lag.

Klem
lilla dør