Viser innlegg med etiketten Høne. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Høne. Vis alle innlegg

tirsdag 1. mars 2022

Korona kyllinger :))


Eg hadde tidligere sett nokre mugruger på Instagram alla desse i gule og kvite stoff.... Fekk lyst å sy meg nokre mugruger no til våren/påska. Eg tegna mønstet sjølv, fann ut at eg ville ha dei litt fargerike. Treng noko fargar no i desse koronatider og krig i Europa. ( nesten nifst bare å skrive ordet krig)



Måtte jo teste dei ut med litt lørdagssnop og kaffi:)



Eg likte i grunn denne pjuskete Kaffe Fasett  stoff høna best :)
Eg applikerte på auge og nebb ellers vart det ikkje så mykje quilting.



Ein frisk og ville gjeng :)))


 Baksida ....er og ei side.


Klem
Lilla dør

mandag 5. april 2021

Natt til 2. påskedag kom det masse snø......


Dahlshøna hadde sikra seg ski til påske men det vart det lite bruk for..... sol og vår i lufta prega påska sist innlegg sjå meir her;

 
 Då var det viktigare med fiskesnøre og kaffi enn ski :))))





Snø og sol bare kvikklunsjen som mangla
:))))))



 Ja" alle er kloke noen før og noen etterpå" 

Klem
Lillad dør

søndag 4. april 2021

Dahlshøna påskeprosjekt i år på strikkefronten


Eg falt for desse Dahls hønene. Fann dei på "nettet". eg bestilt ein pakke  og fekk strikka desse to ved at eg kjøpte i tillegg garn til kropp og genser til høne nr 2 :). Dei er strikka i Rauma vamsegarn. Gjekk eit nøste til kvar høne i bare bunnfargen.... Kjekke å strikke men eg var glad eg strikka begge samtidig og fekk montere på likt. Trur eg gjerne hadde sytt litt å starta opp igjen med så mange deler ....

.

Kjekt påskestrikk i fine fargar




klar for festing av tråder etc.:)))


Klar til toving. Eg tova den to gonger på kortprogram med 40 grader, tilslutt tok eg dei på 50 grader og vanleg vaskeprogram. Då vart eg fornøgd.


Klar for snø og ski i påska...den uteblei her på Vestlandet. 
Difor fann eg det ut at det passa med fiskesnøre og fisk som tema på høne nummer to. Eg liker som regel å  lage min eigen variant uansett. Kan jo ikkje ha mange like :))).


Klar for fotografering med eller uten snø:)


PÅ tur til fjæra ser etter snø , det er iallfall kaldt.



Klar for fisketur! Fangst? .....Ja :)


 







Fortsatt god påske i fra  #verdasjillastehytta

Klem
Lilla dør

torsdag 1. april 2021

To påskehøner har flytta inn hjå oss på verdasjillastehytte


Takk til Syskolens sysammen prosjekt og bloggen til Bernina der eg fann mønsteret sjølv om eg ikke var med i sysammen prosjektet . Eg sydde hønene igår .... veldig kjekke å sy og gleden av å finne stoff i minilageret mitt her på hytta. Godt fornøgd med hønene. Dei har flytta inn i "bua" på terrassen.


https.//blog.bernina.com/.../osterhuehnchen-naehen.../       fann eg mønsteret


Her er det bare håndsømmen under hønene igjen


Nyter sola i føremiddag på terrassen samman med oss andre :)



Litt på vagl i kransen før dei fann plassen sin i vindauget.







 Fortsatt god påske!

Klem
Lilla dør

tirsdag 27. mars 2018

Årets kulaste høner:)


 Heldige meg som fekk desse kule høneblomstrane av ei goé venninne som var innom hytta. Eg vart og er heilt betatt av desse kule hønene.


 Blir årets påskebord pynt. 


 Blir kult når påskelijene blomster... nett no held eg på å bere dei ut på bakgangen om natta så dei held seg lengre :)))))


 Roser & Interiør er blomsterbutikken som dei kjem ifrå.


God Påske

Klem Lilla dør

tirsdag 1. mars 2016

Vår på trappa i helga men idag er det full vinter igjen ute men vårstemning inne :)


 Kjekt med vinterroser med farge på. Håpar den er like hardfør som den kvite eg har hatt i mange år....liknar i blader og vekst.


Perleblom på terrassebordet er jillt når eg tar med kaffikoppen ut....får vårfølelsen
sjå innlegget eg hadde sist helg.


Dette høne/fugleparet har nylig flytta inn hjå oss. Det er delte meininger om det er fint? kult? eller stygt? Valget er opp til dei som ser dei. Nett no har dei slått seg ned på tunet i ei urne. 
Eg synest dei er kjempe kule.....


Gult og lilla er kult


 Steinegg i frå strandtur sist helg


 Her har dei flytta til terrassen kanskje litt lunare der....drøset går:))))))
meir i le der:))))




Idag vart det surt ute igjen med sludd og sterk vind på Jæren..... men det vart ein liten tur ut å gå for det. Gjekk til Gruda.



Då er det jillt til kome inn til varme og fargerik strikkekorg. Det er fargerikt det eg held på med for tida.... blir fort inspiret til slik vår fargar.
Ute er det full vinter i kveld.....




Ha ei goé veke!

klem
Lilla dør