Viser innlegg med etiketten Blader/hefter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Blader/hefter. Vis alle innlegg

mandag 13. januar 2020

Gamle mønster fram fra glemselen




 Eg  har ein heil perm med små oppskrift hefter heilt tilbake fra barndommen. Eg kom over permen no på nyåret sidan me held på å rydde og pusse opp litt. Det vart julekvelden på ny då den dokka opp igjen. Fått hedersplass i stova no :)))


 Denne jakka hadde eg i ungdomsåra. Huskar ennå kor fornøgd eg var med den. Kanskje må eg strikke den igjen til neste generasjon.


 Ryeteppe....... med apekatt. Arbeidstove hadde me i min oppvekst. Husflidslaget stod bak.


Fyrste genseren eg strikka sjølv til meg.......


Den hjelmen uten dusk hadde eg i olivengrønn....  Kjekt med mønster slik at eg kan gjenskape ting.....

Klem
Lilla dør

søndag 7. februar 2016

Plannlegging og drøm om sommer og masse pelargonia



 I siste nummer Hagebladet var eit av temaene Pelargonia. Det er ein av mine sommarfavorittar. Står lenge, blomstrar mykje og er lite kravstore. Tenk så mange egenskaper. Kva då med ein eller to eller tre koppar kaffi og sjå og drøyme seg bort ......


 Denne boka kjøpte me ei tid tilbake. Trur det var på ein danmarkstur. Knallfin bok med mykje inspirasjon.


Her kan du drøyme og lengte til sommaren. Gubben held på med eit hage prosjekt no.....gleder meg. 


 Har allerede fått meg to "prinsar" i kjøkkenvindauget. Dei kjøpte eg her om dagen. Måtte bare ha, dei ropte etter meg. Har fleire i kjellaren som står venter på ny vår.

klem
Lilla dør

onsdag 5. november 2014

Kan det bli bedre? :)


 Se kva som låg i postkassa mi i ettermiddag.  Så no er det kaffi og Lev landig bladet som opptar meg ei stund.  Og så blir vel det tid til litt anna etterkvart :). 


 Fantastisk fint blad. Dette bladet innheld mykje inpirasjon til vanleg men denne gongen var det ekstra mykje jillt å lese og å bli inspirert av. Så løp og kjøp:)))


 glimt frå bladet


 Kaffi, strikk og nytt blad = fantastisk goé ettermiddag.
Kvalitetstid!


klem
Lilladør

torsdag 18. juli 2013

Stavangertur med besøk heimante



Igår ettermiddag var me ein tur ut inn til Vågen i Stavanger. Seilskuta Svanhild frå Florø var innom med kjentfolk og slekt. Fantastisk flott båt ....eg kunne ha tenkt meg nokre dager ombord der.
Kanskje ein annan gong. 
Gubben ville nok og ha likt ein tur med den båten og sjølv om han er jærbu :)



 Fekk servert kapteinens fiskesuppe. Smakte godt i sitt rette miljø.





Litt stemningsbilde frå Vågen ein fin sommerkveld i juli



 På vei heim igjen til Jæren var eg innom Narvesen og snopa litt lesestoff. Som fin avsluttning på god sommerkveld.


Ha god torsdagkveld!

Klem 
Lilla dør

lørdag 4. mai 2013

Lørdag føremiddag



 Jillt med dager med langsom start.....trenge det. Iallefall eg.
Kan gjere det ein blir inspirert til og ikkje minst har lyst til. Kvardagene er full av plikter og program. Jillt det og men treng slike roleg dager og.
Eg kjøpte meg nytt blad i veka. Lest det mange gonger allerede og det kan anbefalast:)
Der stod det mange gode oppskrifter. I dag har eg testa ut ei av dei.



Fullkornsbollar..... som oppskrifta lova vart det vellykka.
Bare spør lunsjgjestene mine:)


Så  har eg vore hjå Anny i garnbutikken min på Bryne og snopa igjen. Eg har mellom anna starta på genser som skal bli ei gåve. 



 På impuls fekk kjøpt med meg oppskrifta på denne ugla :) Eg falt heilt pladask for den. Så det har blitt helgas prosjekt inni mellom.
 Mønsteret står i heftet Dreamline til Du Store Alpakka.



 Er allerede byrja på bakstykket.


Forsatt goé lørdag.

Takk til alle dokke som er innom bloggen og legge igjen ein kommentar, dei varmar kvar og ein av dei.

Klem 
Lilla dør

tirsdag 26. februar 2013

Viktig med påfyll og inspirasjon :)


 Se kor heldig eg var her i helga........... fekk meg ein fantastisk flott rosebukett. Takk til giver. 


 Kjøpte meg nytt blad M by M. Mykje flotte oppskrifter i strikk og hekling. Noko for ein kvar smak. I tillegg oversikt og reklame for ny bøker........ litt meir fristelser. Bare det ikkje blir som ordtaket; eg kan motstå alt untatt fristelser :).  


Ellers ligg det tre knall gule bunter med bomullsgarn i ei skål på kjøkkenet å ropar på meg.
 Gler meg til å byrja på dei.
Truleg blir det ein håndduk i maskinstrikk. I mellomtida er tråden fin pynt på kjøkkenet :)
Gult er kult.


Eg er klar til å sy blomane til desse vårfriske bladene. Planen er at det skal bli rosebordskånere.
Blir dei klare, blir dei med til Vårens Glade piker til helga.

Ha ei goé og kreativ veke videre.
Takk for at du såg innom.

Klem
Lilladør

fredag 25. januar 2013

Goé start på helg:)


 Nydelige rosa/lilla roser på bordet:). 


 Si det med blomar heiter det...........





I postenkassen låg det både bladet LevLandlig og ei strikkebok. Kan nesten ikkje bli bedre:). I LevLandlig var det ein reportasje frå Anda på Jæren. Så no er det å finne kaffikoppen og litt garn:).
 Ellers har eg vore av stad å kjøpt meir ribb. Kanskje blir det produsert ein eller to genserar i helga.
 Gler meg til ei kreativ og roleg helg i heimen. Lade batteria.


Mykje flotte strikkeoppskrifter og inspirsjon. Bare synd at eg allerede har mange påbegynte strikkeprosjekt. 

Ha ein fin og goé fredagskveld.
(eg gler meg til helg)

Klem
Lilla dør

lørdag 12. januar 2013

Laurdag føremiddag


Litt stemning frå kjøkkenbordet laurdag morgon:). Fantastisk flott dag, sol og kaldt. Dette lover godt for ei perfekt helg. Ut på tur og nokre timer på syrommet, kan det bli bedre:)


Då eg handla i går, tok eg med meg ein Serecio blomst. Eg trur det var fargane som inspirete meg, kvit med blå/lilla kant. Lyst og lekkert. 
I tillegg kom eg over nokre fantastisk flotte lin håndduker etc. til 70 %. Det klarte eg ikkje gå forbi. Kanskje helgas kupp:)


 Finsk lin :)


Innimellom kan eg sette meg ned med kaffikoppen og nye interiørblad.
 Mykje jillt å sjå og lese.
Men no er det syrommet.  Eg held på med noko lilla viss eg får det til:), eg slit litt.


 Eg måtte redde inn julerosa og perleblomane mine inn frå trappa (dei fraus). Det ser ut som eg har lykkast med det.


Klem  Lilladør. 

fredag 4. mai 2012

Helg igjen:)



 Klar for helg igjen......nytt blad i posten idag. Og nye blomster på bordet!!  Når det er så surt og kaldt ute at eg får nyte sommerblomstrene inne ei stund til:). Goé start på fredagskvelden saman med kaffikoppen, det var mykje gild og kjekk inspirasjon i Lev Landlig bladet.


 Sjå den flotte fargen på blomstrene. Se og kjenn sommerfølelsen!!!


 Rakk å beisa kjøkkenterrassen i går.  Gubben hadde vaska den rein og fått vekk den gamle beisen. Målet mitt var å få fargen mest mulig lik gammalt slitt treverk. Valet stod mellom å grønnsåpevaske terrassen eit par gonger i året eller beise den. No vart det beis....Eg falt for Baron terrassebeis. Slik skulle det bli (sjå bilde). Er i grunnen ganske fornøgd. Spent på korleis det blr når eg i morgon får inn på det ubehandla teakbordet mitt på terrassen.




 Tulipaner frå hagen.


Goè fredags kveld.
Takk til nye følgere og kommentarer på bloggen.
Det varmer.

Klem Lilla dør