Endelig ferdig med billedveven:)
Har gått og vove ein gong i månaden saman med 7 andre. Mykje lått og løye har vi hatt. Gruppa mi blir kalla "dei galne". Me har det kjempekjekt saman med den dyktig læraren vår Ingrid Vinningland.
No har eg bare att å feste trådane....... har brukt lang tid på denne veven.
Vi pleier alltid å ha kaffi og noko attåt. I dag slo Anny til med marsipankake og sjampis (aloholfritt då). Skulle markere at vi var tre stykk som var ferdige i kveld med veven sin: Alltid stort å klippe ned ein billedvev.
Sitronkake
Eit mesterstykke som Gerd har vove og klipte ned.
Anny var ferdig og
Anny sitt.
Takk for mange kjekke vevetimar saman.....
Her har eg vove ungane mine ....... ei tid tilbake men eg trur dei kjenner seg igjen.
Kanskje klar for nye prosjekt!
Klem
Lilla dør