Viser innlegg med etiketten laurdag. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten laurdag. Vis alle innlegg

søndag 21. mars 2021

Søndag kveld

Søndag kveld er sånn bittersøt. Det er fri, enno, det er avslutning på helga, og inni hodet mitt starten på ei ny veke. Det er ein balansegang mellom å trekke helga lengst mogeleg og å tenkje på neste veke...

Helga som er over er fullt på høgde med kva ein kan ønskje seg av ei helg. 

Eg er av dei som har fast fridag på fredag, av ulike grunnar. Eg hadde time hos fysioterapeuten, som eg ofte har på fredag, for strekk og knekk og stell av ryggen. Eg går alltid lettare ut, eg får spurt om ting eg lurer på, ryggen er rusta for meir og det er triveleg småprat. Denne gongen om å bryte smittevernreglar ein sjølv har vore med og laga, ref erna sin 60årsdag.Etterpå kjøpte eg meg ny vårjakke på yndlingsbutikken, og kven blri ikkje i godt humør av slikt?! Eg kjøpte fleire frø, potta om nokre stiklingar og ommøblerte i spirebarnehagen på gjesterommet. Og eg gjekk på ski.




Laurdag  bakte eg loff, til påske. Vi får sjå om det blir igjen til påske. Eg bakte kjeks med earl grey-te, også til påske, tvilar på et die varer så lenge... Litt anna husarbeid vart utført i selskap med P2. Det var tid til te i tekanne. Påskete-sesongen er heilt klart i gang, og eg vekslar mellom 3 uliek typer. Kryssord og aviser og litt planlegging og tankar om korleis hagen bak huset kan bli. Og eg gjekk på ski. 



Søndag startar best med "Musikkrebus" på NRK Klassisk, saman med te i kanne, kokt egg og mannen. Slik også idag. Ute snødde det både oppoer, bortover og nedover... Men eg gjekk på ski! (eg har fått altfor få skiturar i år, og no prøvar eg få med meg flest mogeleg før snøen forsvinn. Og det er så fint i skogen, også i dag med snø, vind, vatn i løypa og særdeles klabbete ski...) Etterpå har vi hatt middagsgjester og i desse tider er det sjeldan og særdeles etterlengta. 



Og etter ei slik helg, er det tungt å starte på jobb tidleg ein måndag. Men når eg først er der, blir det nok bra. Og der er bette ei veke til påskeferie.


lørdag 16. mars 2019

Laurdagsfrukost

Det er noko med å vakne opp laurdag morgon, med det meste av helga framfor seg. Eg vakna før eg måtte idag, sto opp, fyra opp, sette på NRK Klassisk, laga meg te og las avisa til mannen sto opp.

Så vart det frukost for to. Med egg og laks og dill og paprika, kjeks med blåmuggost, quiz frå avisa. God tid! Godt selskap. Tid til å planlegge dagen.

Det blir nok bittesmå påskeliljer etterkvart.


Frukost for to.  I morgonsol!



Etterpå vart det bytur, for å bruke gåvekort vi fekk til 50årsdagene. Veldig artig å gå på Mammutsalg med gavekort når det var 50% ekstra avslag! Jada, vi har mange bøker frå før, men alltid plass til nokre til...trur eg.
Og etter det har vi vore på skitur, det var påskestemning og god glid ned bakken, både når vi gjekk opp og ned ...om du forstår?

Ein slik dag, det er akkurat kva eg treng etter denne veka! Det har vore spenning og mykje fundering denne veke. Eg har søkt fleire jobbar, og det er jo ganske spennande i seg sjøl. Eg har knapt skrive ein jobbsøknad sidan det var vanleg å skrive dei for hand! Sett opp CV? tja... Takk og pris for Google og andre gode hjelparar. Eg kom i mål før søknadsfristen. Men spenninga er jo ikkje over når søknaden er sendt, for korleis blir den mottatt!?
Heldigvis gjekk det berre ei veke, og så fekk eg innkalling til intervju. Oh du milde, skrekkblanda fryd frå morgon til kveld og litt når eg vakna på natta. Det var hurra for at eg faktisk er aktuell og hjelp fordi eg aldri, nokonsinne, har vore på jobbintervju. Så hei igjen til Google og til alle gode hjelparar som kunne svare og gje gode råd.  Men eg hadde høg puls i går, for dette var ut av komfortsona så det heldt. Ytre ting blir også ein ting, kva har ein på seg!? Det vart fin bukse og skjprte, og kloke sko. Eg hadde ein del planer utover dagen, for å avlede meg sjøl...frisørtimen vart riktig lang, for frisøren serverte te og sjokolade og sa at eg berre skulle ta meg god tid medan håret tørka!
Korleis intervjuet gjekk får vi ta når eg veit svaret, men eg trur eg kom greit frå det. Det er faktisk mange måtar å stille spørsmål på som er vanskeleg å førebu seg på, det er mange måtar å svare på også. Eg har brukt deler av natta til å tenkje på om eg vektla samarbeid for mykje og om eg sa litt for lite om andre ting.
Men uansett, helg akkurat no er veldig godt!

lørdag 29. september 2018

Laurdag i september

Eg skal ta ei lita pause frå Italia-bilder. Trøndelag i september har sine gode sider. Og nokre litt våte, kalde, forblåste...

Etter frukost tok eg på ull og vind og vasstette klær og stakk i skogen. #mykindofmindfullness

Overraska meg litt å finne snø i høgda, men det burde vel ikkje gjere det, med tanke på været i går. Men heldigvis er det enno masse haustfarger igjen, og blåbær og tyttebær, om ein leitar godt.

Blåbær

Sopp

Snø og lyng


Etterpå har eg bakt rundstykker (for når ein ventar sonene heimom er det ikkje nok med rare mûslibrød og knekkebrød, syns mor) Og etter ei veke med berre meg sjøl i kosten, avanserte eg frå bakt brokkoli med nokre skinkebitar til lammekotelettar og tsatziki og eplekake til dessert. Hm, meir avansert mat gir meir oppvask.

Eplekake. Med havregryn og kesam.
Og veldig mange epler!

søndag 9. september 2018

Lys på ein laurdag

Laurdag er ein dag eg trur eg skal få gjort så mykje. Det går ikkje alltid som planlagt. Men igår rakk eg ein del, om ikkje anna.

Vi fekk levert ved.
Vi var på båttur.
Eg vaska klær.
Handla mat. Åt middag saman med musikkjunior.
Satt i ro i sofaen og løste kryssord.
Gjekk tur seint på kvelden, i stupmørk septemberkveld, og det var så godt og varmt. 17 gr kl 23 er ikkje normalt for september.

Det var så fint lys, Både på sjøen og på kvelden.


Horisonten er bein. Ikkje båten.



lørdag 27. januar 2018

Eit barndomsminne

Etter fleire veker med lite trening, har kroppen min ropt etter aktivitet! Så når ein vaknar til nysnø og sol, er det berre å kome seg ut! Sjøl om bakbeina var litt støle frå igår. For vi var på ski då også! (høyrer eg applaus? Det er berre å sende meg poeng!)



Men iallfall, på tur heim etter skitur, svette og svoltne, dukkar spørsmålet opp: kva skal vi ete? Mannen foreslo fløyelsgraut. Eg huskar ikkje når vi sist åt det. Kanskje då ungane var små? Vel heime fyra mannen opp i omnen og eg leita fram oppskrift og byrja koke. Og vart treft av eit minne!
Storebror er 10 år eldre enn meg, og då eg var lita, var han innimellom barnevakt for meg. Då kokte han gjerne fløyelsgraut til kveldsmat. For det hadde han lært på skulekjøkkenet. Vi åt med sukker og kanel og smørauge. Det var stor stas med ein bror som kunne lage graut.


Minnet vart sterkt for meg. Eg har akkurat vore heime og treft storebror. Han har slutta koke graut. Men han huskar kanskje at han laga graut då eg var lita? Han har slutta med mange ting, fordi sjukdom har røva han frå oss. Men han er storebroren min! Vi gjekk ein liten tur saman då eg var heime, og han ville gjerne gå fortast, han er tross alt storebror. Men på tur er det eg som passar på han...