Viser innlegg med etiketten junior. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten junior. Vis alle innlegg

mandag 25. februar 2019

Mors jazzpensjonat

Det er den tida på året at alle unge som driv med musikk søker mot byar med musikkutdanning og opptaksprøver. Det er muleg eg ikkje er i eit heilt vanleg miljø, slik sett, eg brukar gjere det overraskande godt i musikkquiz med jazzfokus, men eg kjenner mange som har meldt seg på opptaksprøve.


Då treng dei ei seng. Gjerne også nokon å snakke med,  litt trøst, oppmuntring etc. Men iallfall ei seng! Og tilgang på brød og kaffe. Og dusj. Senga er minst viktig. 
Slik var det ifjor.  Samme prosedyre i år. Men nye gjestar. I går kveld dirra huset av spenning. 

Dagens soloppgang. Fin start på dagen.

Og det var spenning i lufta i dag tidleg, folk sang skalaer på badet og på kjøkkenet. Korleis går det, kven går vidare. Eg var nervøs på alle sine vegne, og stressa av om dei ville rekke det. Eg meiner, når det er 45 minutt til oppmøte, dei enno ikkje har dukka opp til frukost og så skal ta buss til byen. Ja, buss forresten? Kvar går den, når går den, og treng vi 10 minutt gåtid i sentrum også!? Dei rakk det, naturlegvis, dette er unge menn med full oversikt. Kanskje.

Det trengs både trøst og hurrarop! Alt blir betre med sjokolade og kaffe. Konsentrerte unge menn med ei plan. Og latter og tull og tøv!
Dei er hyggelege! Ikkje minst! Då kan eg godt slenge ut ein middagsinvitasjon også, eller bake bollar. Dei sett inn i oppvaskmaskinen og tek ut. Dei dekker bordet, ryddar på stova og pratar med meg. 

Eg får innsikt i nye ting.
Og snublar i eit par tre saksofonist, gitarer og ein kontrabass... 


No er snart første dag over, og vi får vite kven som får vere med i morgon. Det er tøffe tak, også for den som står på sidalinja. Men først skal vi ete middag, det blir visst fullt hus og nokon har spurt om vi har endå ei ledig seng.

Så får vi ta listene etterkvart, og legge planer for morgondagen utfrå det. 

tirsdag 23. oktober 2018

Fødedag

Anne Lindmo lanserte fødedagen på Facebook for ei stund sidan, og idag føler eg for å feire den litt. (men eg klarer ikkje linke til innlegget på Facebook, så det må du søke opp sjøl) Jada, junior fyller 22 år, men jammen gjorde eg ein jobb!

Då eg kjente at noko var i ferd med å skje på kvelden den 22.oktober for 22 år sidan, vart eg litt forvirra. Det var ei veke igjen til termin, og var det ein ting eg hadde lært i løpet av dette mitt første svangerskap var det at ingen føder før tida! (men spør meg gjerne om min andre fødsel...den kom ikkje før termin) Mannen bakte brød, og sidan vi viste at dette skulle ta si tid, bakte han ferdig, snakka med bror sin på telefon "Neida, her er alt roleg"; sa mannen, medan eg låg over armlenet på sofaen og tok tida på veene. Det var forsåvidt roleg, det gjekk ikkje lynraskt. Svogeren min ante fred og ingen fødsel, og det var planen vår. Ingen viste noko då vi tok med oss bagen og reiste på sjukehuset rundt midnatt.
Funfact: dette var i gamle dager, og vi hadde ikkje mobiltelefon(vi kjøpte ein då vi skulle kjøre 35 mil på julebesøk, eg syns det var veldig rart å ha mobil og ringte aldri slik at nokon såg det. Eg har endra meg, for å seie det slik). Men vi hadde nyinnkjøpt kompaktkamera, med ferske batteri og ny film.

På sjukehuset fekk vi rom, og ting gjekk heller sakte framover, mannen prøvde sove i ein stol og eg veksla mellom dusj og seng, lite kvile i noko som helst. Mannen masserte ryggen og trøsta og oppmuntra, og innimellom syns eg både han og jordmor var heller dumme og håplause. Men eit vagt blaff av fornuft gjorde at eg ikkje sendte dei på dør. Å vere medhjelpar til ein fødsel kan ikkje vere så greit! Det var jordmor og jordmorstudent og ein eller annan gong var det ein lege innom, alle var opptekne av god folkeskikk og handhelsa. Akkurat det var litt vekk-kasta, eg huskar lite av det. Utpå morgonen var det vaktskifte, og ny jordmor og legestudent -og eg huskar endå mindre anna enn at eg syns det gjekk sakte, eg var trøytt, at lystgassen ikkje virka/eg ikkje klarte bruke den og at petidin, den gong eit vidundermiddel, ikkje var greit. Petidin gjekk ut av bruk ganske snart, for dei stakkars babyane var sløve etter fødsel.
Tilslutt kom junior, litt sliten og blå, men han kom seg fort. Den kloke, fine, flotte legestudenten sa at dette var det finaste barnet ho hadde sett (det var vel hennar første fødsel, men pytt) og slikt gleder ei nybakt mor å høre.


Klokka 10.34 var han der, arvingen, den førstefødte, han vi både kjente og ikkje kjente. Ein fin fyr, mørkt hår, store, mørke auger og litt gulsott(som gjorde han gylden i huda) Ein liten kar som slett ikkje hadde tenkt å sove bort tida. Som ville ligge tett inntil, som fekk det, for han var den nye sjefen. Det er ei av dei hendingane som har snudd mest opp ned på livet mitt! Sove? "MAT" sa junior. Ut på tur? Bleieskift først. Sove? Nei, selskap er artigare. Og så vidare...

Han hadde gitt meg si første vakenatt. Det har vorte fleire med åra, både med "nattmatservering" og med venting på at han skal kome heim. Eg var sliten, og det er vel denne jobben eg syns eg kan feire litt idag! Sjølvaste fødedagen! Trur det blir dessert.

Sidan vi ikkje hadde mobiltelefon, fekk ingen vite noko før mannen tusla seg heim etterkvart, og kunne ringe frå fasttelefonen. Det var ingen bildemeldingar, inga oppdatering på Facebook og ikkje fødsel bilde for bilde på Snapchat, sikkert like greit.

Denne karen er no over 1.90 høg, breiskuldra, aktiv, søv lite (framleis) og kjekk kar. Naturlegvis!

torsdag 24. mai 2018

Det kan lønne seg å halde ut

Eg har prøvd å vere ei tålmodig mor, og latt ungane sleppe til på kjøkkenet. Innimellom har tålmodet lell fått kjøre seg... Det har vore gonger der dei har gløymt å rydde, andre gonger har benkane vore vaska, men golvet har vore berre klissklass. Det har vore dagar der eg har tenkt å lage noko, men det har vore tomt for det eg trong. Kjøkkenet fullt av tenåringar, med god tid og lite planlegging.

Eg har kome heim, og gutegjengen på ca 13 år har handla inn og starta å lage brownies med ostekrem og bringebærkrem. Dei har sjeldan bakt kake før, ikkje laga ostekrem før og slett ikkje lese heile oppskrifta før dei starta. Men kaka vart god!

Det har lukta brente toast over heile huset, det nybakte brødet borte(det tørre har ligge trygt i brødskuffa) og osteklokka tom. Tenåringane har vore blide og mette, og kjøkkenet rydda.

Eg har fått eggerøre til frukost på bursdagen min, og scones til kveldsmat. Vaflar til laurdagskos(og veffelrøre på kjøkkengolvet)

Den eine junioren smeller gjerne saman ein deig til foccacia, eller lagar pizza til gjengen. Den andre steiker amerikanske pannekaker og dynkar dei i bacon og lønnesirup og inviterer gjengen på frukost. Eller på hamburger, av elgkjøt, og med heimebakte brød.

Det har vorte mykje stas med maten. Eg har prøvd å gje dei matglede, både ved å lage og å ete. Og eg trur eg har lykkast. Dei er ikkje redde for å prøve seg fram, kombinere nye smakar, lese oppskrifter og dei tenkjer omtrent som Pippi "det har jeg ikke prøvd før, så det kan jeg sikkert"!


Så til spleisefrukost på 17.mai tok studenten med eggerøre og nybakt foccacia, lettvint og godt. Igår bakte musikkjunior croissanter til frukost! Han sto opp kl 6 for å kjevle ut og steike, slik at eg fekk varme croissanter før eg skulle på jobb. Idag fekk vi kyllingsalat til middag.


Det var verdt nokre rundar og timar med rydding og masing og øving! Så slepp ungane til, det kan fort gje deg nokre fordeler på sikt.
(Og så får vi jobbe vidare med vasking og rydding, ikkje berre på kjøkkenet!)