Eg kan ganske mange ting! Eg er god på gjærbakst, kanskje ikkje like god på langpannekaker. Eg er ein racer på å skrive tekstmeldingar, og eg skriv ganske feilfritt. Eg kan brygge te, mykje og ofte, i kanne og kopp. Eg har ikkje krympa ullklær i vask på lenge, og eg likar å vaske klær (litt mindre å bretta og legge på plass, men...) Eg kan stryke ein damaskduk når det trengs, og eg brettar håndklær ganske fint. Eg klarer stort sett å huske å kjøpe mjølk, brød og frukt før vi er tomme. Vi har nesten alltid raust med middag i kjøleskap og frysar. På jobb held eg brukbart styr på streptokokkar og stafylokokkar. For ikkje å snakke om kor god eg er til å kjøpe sko! Eg har rett og slett brukbar kontroll på mange ting.
Men datamaskiner slit eg litt med. Og nettbrett. Og telefon. Eg satsar på at dei virkar, og ser gjerne vekk frå alle oppdateringar. Eg trykker "utsett" eller "senere" så lenge eg kan. Nokon syns eg gjer det for lenge og for ofte. (det er litt vanskeleg å seie "dei om det", for det er desse nokon som må trå til med nødhjelp, viser det seg.)
Til slutt blir eg innhenta av skjebnen, eller kvardagen... Som i "eg får ikkje gjort det eg skal!", uttrykt med litt hissig stemme, irritasjon i skuldrene og høgt blodtrykk. Program virkar ikkje som eg har tenkt, dei stoppar, seier dei er utdaterte. Eg får ikkje åpne dei, eller dei snakkar ikkje saman. Mi indre hurpe busta seg opp!
Igår, eller rettare sagt forrige helg, men eg har vore borte, så eg utsette problemet, fekk eg ikkje tak i bilda mine. Eg måtte krype til korset og be mannen om hjelp. Og mannen ville hjelpe. Bortsett frå at skjebnes ironi ville det slik at harddisken på mannen sin pc fekk eit illebefinnende omtrent samtidig, og han vart litt opptatt med å redde det som reddast kunne. Og eg, sutrande jomfru i nød, sjølforskyldt nød rett nok, måtte vente.
Jaja, eg kan no prøve sjøl, tenkte eg (det var berre så lite fristande, eg meiner, eg trong passord og måtte lese både her og der. Det kan vere difor eg har utsett det.) Ikkje fekk eg det til heller! Ting lasta seg opp og vart borte, feilmeldingane var dei same som før. Eg vart litt irritert, hissig, og i følge høgst usikre kilder, høglytt.
Han fann tid til å hjelpe meg! Han fann ut at eg hadde hoppa over minst 4 nødvendige oppdateringar tidlegare, og at no støtta ikkje noko noko lenger (eller noko slikt) Han fann i tillegg ut at eg nok hadde forstått ting betre om eg las det som sto, istaden for å berre prøve. Men mannen er klok, og forsto kjapt at å fortelje meg dette var å leve farleg, og gjekk i staden igang med å fortelje kva eg skulle gjere.
Eg hadde passorda eg trong (naturlegvis...) og dei virka (flaks! Eg har ein tendens til å endre passord, men ikkje endre huskelappen. Jada, ein skal ikkje ha huskelapp, men altså!)
Og etter utallige trykk og ok og godkjenn, og ei ventetid som var lenger enn lang, virka alt! Litt sånn "Voila!" Eg hadde oppdaterte versjonar både her og der, eg hadde kontakt med bildearkivet og eg kan blogge. Skjønnar ikkje kva mannen masar om, no virkar alt, så eg tek på skylappar igjen og neste oppdatering kan eg vel sjå bort frå?
(Eg innser at eg må følge med meir. Eg kunne mista masse som eg har på mac´n. Eg kunne måtte bruke masse pengar på ny maskin, men eg slapp! Då kan eg vel kjøpe ny kjole for dei pengane?)
Viser innlegg med etiketten hurpe. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hurpe. Vis alle innlegg
tirsdag 30. januar 2018
mandag 14. november 2016
Mi indre hurpe
Vanlegvis har eg god kontroll på mi indre hurpe, men idag stakk ho seg fram ein tur.
Eg skulle handle mat++ idag, og stakk innom ein av dei mange butikkane i nærområdet. (Eg er litt bortkjemt, trur vi har 9 matbutikkar innan ein gangavstand på 15 min) Eg har enkelte favorittar, og andre som står lenger ned på lista. Av ulike grunnar tok eg idag turen innom ein eg vanlegvis ikkje brukar. Det skulle dei sikkert ønskje at eg ikkje gjorde. Eg også, iallfall undervegs.
På min runde rundt i butikken, fann eg den hylla snart alle butikkar har no, og som eg likar aller best: den med varer som snart går ut på dato, og som har nedsatt pris. Eg blir så glad av slike hyller! (min indre hamster blomstrar opp!) Eg finn ting eg kanskje ikkje hadde kjøpt ellers, men no prøvar ut. Det blir mindre mat som blir kasta, og eg må jo tilstå at eg likar ting som er billege! Så eg kikka over kva som var der, og fann noko som passar perfekt til middag i morgon og yoghurt som er supert som mellommat. Så fann eg det som sto på lista og gjekk til kassa.
Eg legg varene på båndet og følgjer slik halvvegs med. "Denne varen går snart ut på dato", seier ho i kassa. Ja, sa eg, og tenkte at det forsto jo eg også sidan den er merka med "kort holdbarhet, men like god, minus 40 %". Så kikkar eg på summen, og tenkjer at dette vart då veldig dyrt. "Desse varene er nedprisa", seier eg. "Nei", seier ho i kassa. Jammen, dei er jo nedprisa, seier eg. "Nei", seier ho i kassa. Jammen, dei er jo merka med minus 40%?! prøvar eg meg. "Nei", seier ho i kassa. Jo, seier eg, og viser henne lappen på varene.
"Den slags lapp har eg aldri sett før", seier ho. Den må jo bety at varen er nedprisa? meinte eg "Nei", seier ho i kassa. "det står det er kort holdbarhet". Jammen, og det er no hurpa ikkje er så veldig indre lenger, er det kaloriinnhaldet som er 40% lavare då?! (eg ser at det var umodent og dumt, men eg var litt lei) No var køa bak meg ganske lang også, og ho fekk tak i ein kollega som kunne forklare at minus 40% betyr at varen er nedprisa, ho i kassa var framleis sterkt i tvil... Køa voks endå lenger bak meg, for no vart det kortkurs i scanning og retting av prisar. Eg fekk varene til tilbodspris, ho i kassa lærte noko nytt og ho unnskyldte seg etterpå, så mi indre hurpe roa seg ned igjen.
Eg gjekk heim og åt yoghurt. I morgon skal vi ha grov kokemorrpølse til middag. Dame (48) er tross alt fornøgd. Satsar på at mi indre hurpe ikkje treng vise seg på ei stund.

Abonner på:
Kommentarer (Atom)