Viser innlegg med etiketten fjell. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten fjell. Vis alle innlegg

lørdag 25. juli 2020

Humlesommar



I sommar har eg tatt bilder av humler. Mange humler, særleg saman med blomster. Men kva gjer ein med alle bilda? Det er måte på kor mange eg kan legge på Instagram som #dagenshumle...
Så då samlar eg ein del bilder her!

Seint i mai, då snøen omsider var borte

Tistel med humle

Peon med humle

Dobbel humle!
Åkerhumle på marihånd

Humle på setra
Ein fjellforglemmeiei, trur eg.

Å oppdage humlene, har også gjort at eg har oppdaga blomstrane på ein ny måte, og no ligg Floraen framme til ei kvar tid og eg leitar på nettet etter namn på blomster. Så dette er ein slags vinn-vinn på lærdom og glede!
Tistel med humle og utsikt


Her er noko anna, men eg måtte ta den med.
Blåknapp med blek engmott

Blomkarsen er veldig populær hos humlene!

Denne blomsten har eg aldri tenkt over før, men det er
altså ein enghumleblom. Og humla jobbar innandørs her.

Humle i hekken


Eg kosar meg med humlejakt. Eg gler meg over jobben dei gjer, og lurer på om det er fordi eg ser etter dei at eg syns det er færre, eller om det er som før? summar det litt mindre i blomsterenga?

Steinhumle på reinfann
(takk til internett!)

torsdag 26. september 2019

Eit glimt

Idet siste har det vore meir reising i helgene enn på lenge. Det har vore både Romsdalstur og konfirmasjon i Asker. Det blir mange timar i bil.
Etter slike turar er mobilen full av bilder. Du skal få nokre frå Romsdalsturen her.



Bilda lyg litt, dei viser ikkje regnet, vinden og snøen på fjelltoppane...


Våt og kald!

mandag 12. august 2019

Blåhø

På torsdag fekk eg melding frå ei venninne som bor i Oslo at ho kom til Trondheim på søndag. Eg lurte på om ho ville komme på søndagsmiddag, sidan eg var åleine heime. Ho kom med eit motforslag; kunne ikkje eg ta toget til Oppdal laurdag ettermiddag, så kunne ho plukke meg opp og så kunne vi ete middag på Gjevilvasshytta, overnatte der og ta ein liten fjelltur på søndag?
Det kunne eg jo. Og det vart ei veldig bra helg!



På laurdag åt vi ein god, stor middag, snakka med andre på hytta, oppdaterte oss på kvarandre sin kvardag og kom aldri så langt at vi fekk planlagt kvar vi skulle gå på søndag.
Søndag vakna vi til delvis skya himmel og sol. Vi åt god, lang frukost. Det var så mykje godt å velge i! Ikkje minst heimebakt havrekjeks og geitost...snakk om god frukostdessert. Kunne jo ete fleire av den, sidan vi skulle ut på tur.

Om det vart ein liten tur, kan vel diskuterast. Vi valgte oss Blåhø, dit var det 12 km. Toppen er 1671 moh og det vart ganske mange høgdemeter opp dit. Men været var bra, turfølget topp og formen passa til forhalda. Vi prata oss opp lia, fann ei moltemyr vi gjorde vårt beste for å tømme. Vi gjekk innover fine stiar og traff andre turfolk. Det var drikkepause og nistepause og pause for å lette på antrekket.






Opp her gjekk stien!

Det var ein skikkeleg bratt bakke, og eg var litt usikker på om eg gleda med til å gå den ned igjen... Men det gjekk veldig bra! Toppen var luftig, men eg satt langt innpå og kikka ikkje ned den stupbratte fjellveggen. Vi skulle eigentleg berre opp og snu, men sidan været og utsikta var så bra vart vi sittande lenge, prate, ete nista vår og ta bilder.

Utsikt frå toppen
Fornøgd tindebestiger
Eg hadde ein fantasisk fin tur.  Eg kjenner at det var akkurat det rette, etter første veke på jobb, å få gå. Berre finne kvar foten skulle settast og gå og kjenne at eg vart sliten, men glad (at eg idag går litt stivt er berre på grunn av blemmer under fotsolane, men det går snart over!) No lurer eg på kvar eg skal gå neste gong, og når eg har tid neste gong.

Regnet kom akkurat i det vi skulle skifte sko og klær ved bilen. Godt beregna! Etter det har det stort sett regna...

Takk til Stine for impulsivt turforslag! Og idag har eg ete multer med fløte til dessert.

mandag 3. september 2018

September

Trur rett og slett eg må starte med eit septemberinnlegg, sjølv om eg må vise litt av 50-årsfesten og feiring både her og der. Det får bli i eit eige innlegg.

Men no er det september. Det er lenge sidan eg har blogga, livet skjedde, med så mange innslag, både gode og mindre gode. No har vi landa på beina igjen, også dei rundt oss, vi er ferdige med sjukehus og selskap og reiser for nokre veker, får vi tru. No rekk eg tenke heile setningar og i morgon har eg fri. Etter jobb idag har eg sortert skitne klær, vaska klær og bretta klær, eg har bakt brød og gått tur. Hatt besøk av ingeniørstudenten, ete opp eplepaien frå sist veke, løst litt kryssord og sett tv (veit ikkje når det skjedde sist!)
Ein ting er forresten ikkje på plass, bilen fekk litt hikke på tur heim frå jobb, og så byrja det lyse ei varsellampe... Eg er i mot slike varsellamper! Må få tak i verkstedet i morgon, og høyre kva vi gjer no. Eg tørr iallfall ikkje kjøre lenger enn til verkstedet før eg veit kva som er galt!

I helga var vi i Romsdalen (heldigvis var bilen frisk då). Der var det varm seinsommar, fine farger, modne og nesten modne plommer og epler (og litt vondt i magen). Kyr på beite, blikkstille fjord, sein frukost, familie og middag hos mamma og pappa fleire dagar. Lunsj på trappa, aviser, strikking og prat. Tenkte du skulle få eit bildedryss derifrå!

Og eit lite lesetips, eg rakk lese ei god bok innimellom! "En ulastelig mann" av Jane Gardam. Det er første bok i ein triologi, og handlar om Imperiets barn, folk født tidleg på 1900talet, som vaks opp på kostskule i England med foreldra langt borte. No skal eg ha dei neste bøkene i triologien! Eg må lese heile historia!

Kveldsstemning

Morgonstemning









Frue med kreaturer


tirsdag 19. september 2017

Fjellet altså

I helga var vi på hyttetur. På fjellet. I Rondane. "No ser eg atter slike fjell og dalar", som Aasmund Olavson Vinje skreiv det.
Det var høgfjell, vidde, toppar på over 2000 moh med snø på toppane. Haustfarger kvar eg snudde meg. Eg har spamma ned både instagram, Facebook og snapchat med bilder allereie.
Vi budde på hytte. Vi hadde med oss vener. Det var tur, prat, fyring i omnen utover kvelden, trøtte fjes, god mat, varming av vatn til oppvask og dusj. Utedo, stjerneklar nattehimmel. Vi bar vatn og ved (ikkje så langt, men det måtte flyttast frå utsida av hytta og inn) Eg har ete blåbær og bringebær og tyttebær og krekling. Eg vurderte å bli att på fjellet for å plukke bær, for det var mengder med bær enno! Ullklær og tursko. Lang frukost, og te i tekanne, då kan igrunnen lite gå galt for meg. Lunsj i lyngen. Sjokolade ved eit vatn. Bustete hår og potetgull til kveldsmat.

Det var ei pustepause i kvardagen. Eg huska kor glad eg er i fjell. Og i hyttetur. Eg har lada batteria mine. Eg treng litt meir lading før vinteren, men slike helger er gull verdt!

Utsikt frå hytta


Studering av kart

Herr og fru. 

Rondemassivet i det fjerne

Krekling

#mykindofmindfullness 
Pause



Takk for oss!