Viser innlegg med etiketten familie. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten familie. Vis alle innlegg

søndag 11. september 2022

Georginer og gravferd

Eg håpar ikkje denne sommaren er den nye normalen. Denne sommaren har vore lang, men ikkje på ein god måte. Det har vore både georgine og gravferd, i fleirtal. Georginer vil eg ha kvar sommar, men ikkje gravferder.

Forrige innlegg handla om georginer. Hagen min har handla mykje om georginer i sommar, eg har pusla og stelt og venta og luka og omsider fått knoppar og etterkvart blomster. Eg har forskjelleg anna her også, men det er georginene som er mest spennande, og krevande. 

I midten av juni voks georginene godt, og det byrja kome knoppar på dei første.


I midten av juni døydde storebror. På ein måte var det brått og uventa, på den andre sida noko vi visste kunne skje snart. Mange år der vi mista han gradvis, hadde gitt forvarsel, men når det skjer er det rart og tomt... Å miste eit søsken er rart. Vi var fire, no er vi tre igjen. Tre søstre, utan broren vår. Den stødige karen, ofte med eit smil, også når språket var nesten borte. Ertekroken som lillesøster aldri klarte å lure. Sjølv dei siste åra kunne han stikke ein finger i sida på meg og le godt, det lyste kjærleg storebror-erting av han! Broren min som passa meg då eg var lita, som i mange år ringte når han var på biltur, som var uendeleg stolt av søstrene sine og familie. 

Heldig er den som har ein storebror som passar på seg

Veka med gravferd var kanskje den finaste værveka i sommar, og vi hadde fleire kveldar med kveldsmat, prat og besøk i solnedgang i Måndalen. Svigermor fekk permisjon frå Helsehuset, og var saman med oss.

 

Solnedgang som lader batteriet
Juni 2022

Det tek litt tid å kome tilbake til kvardagen etterpå. Noko er jo endra for alltid, livet er endra. Men ein viss normalitet må det bli, og det vart nokre veker jobb før ferien kom. 

Georginene voks. Men været snudde, det var kaldt, vått og litt trist for blomster i grunnen.. Dei voks sakte. Ferien kom. Med regn og korona. Og svigermor var sjuk.

Ferien var likevel fin. Det var familietid, fjellturar, musikk, god mat. Jordbær, rips og solbær. 

Og georginene starta å blomstre! 






Georginer frå hagen
11 ulike på ein gong!

Nokre dagar etter at ferien vår var over, døydde svigermor. Etter lang tid med alvorleg sjukdom var det slutt. Ei god svigermor er borte, den eldste generasjonen no er plutseleg oss... 



Då vi var i Romsdalen denne helga, blomstra georginene hennar. Som eg har overtatt ansvaret for, saman med hagen. Store sko å fylle!






søndag 9. august 2020

Søndag kveld

Frukost i det fri
Søndag kveld er ofte litt vemodig, det er slutt på å sove lenge, gjere som eg vil, la humla suse... Det er tilbake til vekkeklokke og matpakke. No burde jo ikkje det komme som ei overrasking, sidan det skjer kvar veke, men mykje vil ha meir, og det har nettopp vore sommarferie.

Men idag sette eg meg i sola og tenkte tilbake på veka som gjekk, og fann mange gode ting som godt kan huskast på, og kven veit, kanskje blir neste veke slik også?!


Klassisk sommarbilde
-barbeint i graset-
  • fredag var det sol og varmt, skikkeleg sommar og bikini og shortsvær. Alle måltid ute, klestørk og tid til å lese bok.
  • laurdag gjekk eg tur. Eg viste kvar eg starta, eg viste kvar eg ville, men mellom der måtte eg lese kart og finne fram sjølv. Det gjekk bra, det var sol og varmt, eg hadde stilletid åleine i skogen og eg fann multer og blåbær. (muleg eg ikkje gjekk heilt lovleg ein stad, men pytt...)
    Glad dame på tur
  • eg har fått tekstmeldingar frå folk som bryr seg, som spør om ting som berre eg og den andre deler. Det er godt å bli sett.
  • sist helg var vi på tur med gode vener, fantastisk vær, natur og solnedgangar. 


  • eg har fått ny sjef, som samtidig er ein tidlegare kollega. Det er fint!
  • vi har hatt fin familiemiddag med nesten heile kjernefamilien
  • blomstrane mine blomstrar. Nokre syng på siste vers, nokre er midt i blomstringa og nokre er i ferd med å folde seg ut. Eg har blomster i nesten alle rom inne. Det er luksus! Og eg samlar frø frå både erteblomster, ringblomst og blomkarse, slik at eg kan så neste vår. Prøvar dessutan å tenkte på korleis vi skal ha hagen bak huset, og framleis sette pris på å ha rådr der. Dei er litt for glade i roseknoppar og blomkarse og jordbær...

  • skogen er full av bær, eg treng berre litt meir tid, så skal eg ut og plukke meir. Bringebær, blåbær, multer...

  • eg har gjort unne eit år i den nye jobben! Det har gått både fort og sakte. Det har vore noko nytt rundt alle svingar, eg har strekt meg og lært masse nytt, og innimellom vore så overvelda. Men etter ferien merka eg at eg har langt frå august i fjor! Det er godt!
  • eg har vore i fødselsdag hos lillesøster, med antibac og god avstand, kjekt å treffe folk og få god prat og god mat.
  • eg les den siste boka om "Elling", og veit ikkje om eg skal le eller gråte. Den er så bra, og så vond! 

AUGUST
Slutten er vakrest
hvisker svaberget og
løfter den brune kroppen
din litt nærmere solen
vakrest er slutten og
august presangen til
dem med hjerte
for sirisser
rognebær og
solnedganger
Arne Ruste

Eg er så glad i dette diktet, kanskje fordi august er min månad, med fødselsdag. Men samtidig er det månaden for oppstart, av nye ting, men også for fortsetting. Det er hausting av bær og grønsaker, det er jobb og skule og aktiviteter, ting kjem tilbake til kvardagen. Og eg er eit vanedyr, eg likar rutiner og kjente ting. Det er då eg lettast kan ta til meg det nye! 
Ha ei god veke!
"Count your blessing, instead of sheep!"

onsdag 25. mars 2020

Kva skal vi gjere?

Idag har eg vore på jobb, sånn fysisk, ikkje berre på heimekontor og skype og via nett og meldingar og epost. Eg har vore på jobb, eg har hatt på kvite klær, eg har tatt meg av prøver, eg har gjort førebuing til analysene i morgon og eg har snakka med folk. Eg har ete lunsj saman med fleire, men det er ikkje utan restriksjonar. På alle bord ligg det påminning om å halde avstand, det står sprit rundt om og det er utarbeid planer for kven som skal ha lunsj når og saman med kven. Vi er delt i to lag, for å førebygge at alle blir sjuke på ein gong og vi har bemanning døgnet rundt. (eg jobbar berre på dagtid da, men halvparten av tida på heimekontor) 

Men heime kjenner eg innimellom på brakkesjuka. Eg har lyst å treffe folk, gå på kafe, gå på butikken utan å vere redd for smitte. Då er det ein ide å ha nettmøter, som i sosiale treff. Igår var det storfamilien som hadde kahoot og fellesmøte på nettet. Trur vi var ca 23 stykker. Takk til niese som tok initiativ og inviterte oss. Idag har eg snakka med begge sonene på ein gong, med video. Det kan fint kombinerast med kjeks og ein tekopp!
For det er noko med å sjå folk, ikkje berre snakke. 

Familietreff!

tirsdag 23. april 2019

Påska 2019

Drømmepåske, står det i overskriftene. Og det stemmer, på eit vis. Været og temperaturane var fine, men vil vi ha 23 gr i april, nå vi tenkjer på klimaendringar og slikt? Eg kjenner på både/og i dette været...

Men altså, eg er dobbeltmoralsk så det held, og sitt gjerne ute i sola og kjenner på varmen. Med litt ubehag i magen...

Skal vi sjå kva eg gjorde, i eit utval? Eit velfrisert utval, med stort sett sol, glade miner og mykje mat! Vit at ikkje alt vises på sosiale medier, slik også med mi påske!


Bytur. Nidelven og Nidarosdomen.


Heimelaga påskepynt,
klipt av svigermor

Romsdalen hadde meir vår enn Trondheim.
Det var kvitveis i alle skråningar

Fjord og fjell.
Eg hadde med ski, men brukte dei ikkje.
Andre i familien sprang frå topp til topp,
på tung og våt snø. Kvar si lyst!

Kveldssol sett frå stova.

Litt seinare på kvelden

Heime! Det trygge fjellet, fjøs og uthus.
Barndommens trygge hamn

Den beste utsikta å kvile augene på!
Har vi familieselskap, tøysar vi ikkje med kakebordet!

For å snakke sant, må eg vise eit bilde av gråværet også.
Og slik såg det ut då vi hadde pakka i bilen og skulle
bruke 5 timar i bil...

Og vel heime rakk vi nyte litt påskestemning,
med påskelikjer frå svigermor og ein gammal
duk, arva via via frå beatemor.
Vi har kjørt mykje bil, vi har ete godt, vi har sove godt, eg rakk å lese litt krim.
Vi har møtt familie, vi har drukke brus i solveggen. Pappa (89) kunne kaste skjorta og sole seg. Vi har vore i stort familieselskap, kjent på det gode i å treffast, og det triste i at mamma ikkje var der. Vi har feira svoger, spela spel og sett bilder. Nokon har gått på ski, eg har ikkej gjort det, men fått gnagsår likevel. Vi har tatt bilder, av sol og familie og natur og regn. Vi har diskutert og prata tøv. Det var egg og bacon til frukost og lam til middag fleire dagar. Det vart nok kaker og potetgull og marsipan.

Kanskje på grunn av alt på jobb, varte påska lenge nok til at eg gledde meg til å komme tilbake på jobb og treffe kollegaer. Eg skal snart oppdatere deg på jobbjakt. Snart. Først skal eg finne ut kva som er passe måte å svette på no når det ikkje er skiføre lenger...


tirsdag 1. januar 2019

Breddejul!

Eg veit ikkje om "breddejul" er eit uttrykk som er definert, men eg tek det i bruk og definerer at det passar for årets jul for oss!
Før jul las eg ein artikkel ein eller annan stad om folk som alltid hadde feira jul på same måte, og som fekk store problem når det ikkje vart slik. Eg syns eg har lagt eit godt grunnlag for at mine soner skal kunne feire jul nesten kvar som helst, og lell kjenne det er jul...

4.søndag i advent i barndomsheimen

For ein månads tid sidan bestemte vi oss for å feire jul i Romsdalen, fordi vi såg at det kunne vere både fint og nødvendig. Plana var å feire saman med mamma og pappa. I tillegg ville vi treffe svigers og søster til mannen, og kanskje fleire av mine søsken. Eg kom på at vi kunne ha juleselskap 2.juledag. Og plutseleg fann lillesøster ut at dei ville kome i selskap også. 30 mil er ingen avstand for eit skikkeleg juleselskap! Eg pakka med meg julekaker, julemat og anna julerelatert!

Etterkvart som jula nærma seg, endra ein del ting seg. Mamma og pappa trong å vere på helsehuset, og eg tenkte først at dei kunne kome heim på julaften.
Istaden besøkte vi dei på dagen og feira med storebror og familie på kvelden. 10 stykk, med pinnekjøt og dronning Maud-fromasj, mange gåver, muntre kommentarar og kaffe og kaker. Og ikkje minst slektsprat til langt på natt, initiert av den yngre garde. Og ja, eg gløymte ein Albert, men vi var innom mange Anders og Knut med T og Knud med D. Og oppdaga at oldemor mi Amalie eigentleg heitte Petra Amalie, og at før den store utskiftinga i 1859 låg garden ein annan stad i bygda.


Vi klarte få litt friskluft og trim også, det er
berre å stå opp og gå ut medan det enno er mørkt.
Då får ein med starten på dagen og lyset som kjem, og frukosten smakar ekstra godt.
(og at det regne og var glatt gjer det ekstra fint å kome inn att)

1.juledag var vi invitert på full pakke til mannen sin barndomsheim, der søstra hans var. Frukost, gudsteneste, kalkun med alt mogeleg tilbehør til middag og eit raust kaffebord, saman med svigers og bror til mannen. 16 stykker er akkurat passe. Prat, spel, og igrunnen alt som høyrer til eit ekte juleselskap.
Gamal julepynt

2.juledag hadde eg invitert alle i min næraste familie til lunsj. Alle kunne ikkje, vi vart 23 stykker, det mangla 6 personar, men dei hadde gyldig forfall. Det gjekk unna på maten, lydnivået var ikkje for pyser, men det var så kjekt å treffast! Hjelpande hender i fleng, bord vart flytta av "seg sjøl" når eg tenkte høgt og funderte på om vi ikkje skulle hatt bordet frå kjellaren til å ete lunsj ved. Oppvaskmaskina jobba minst trippelt skift, kakebordet var fyllt med mykje godt og jammen stilte ikkje slektsgranskarane frå julaften med slektskahoot! Der scora dei poeng med både den eine og den andre. Slektsforskninga som storesøster dreiv med på tidleg 90-tal, og som endte som bok, var utgangspunkt og fasit. Og det vart etterlyst oppdatering av boka og det vart lagt planer om å lese seg opp på andre greiner av slekta neste jul. Store og små søskenbarn, kinasjakk og sjakk på tv. Det var godt å vere saman! Sjølv om helse og hukommelse og slikt ikkje spela på lag heile tida, hadde vi ein fin dag saman. Ein dag å huske!

Minst sju slag!

Eg likar godt å ha jul i eigen heim, men i år var det rett å reise bort. Det vart ei god jul! Med familie, på begge sider, med gode minner og litt såre tankar om at livet endrar seg.
Eg ser verdien i å kunne snu fort om på planer, lage det beste ut av dei dagane vi har, utan at det blir feil. Jul er mange ting, men å vere saman er ein viktig del!

Romjulsfrukost

Og så er det fint å kome heim, til sitt eige, til klesvask, romjulsjobbing og vener. Litt slakkare tempo, tross jobbing, og mykje mat. Ein draum om snø og skiturar, som aldri vart noko av, på grunn av regn og is. Nyttårsaften med gode vener. Ungane heime, natterangling og snart kvardag.
Eg har lese ut boka eg fekk til jul, "Jordmor på jorda" av Edvart Hoem. Den foregår i mine heimtrakter, og eg fann linkar til slektspraten vi hadde i jula.

Lyset gjer godt. Også i januar 2019.

Godt nytt år!

søndag 5. august 2018

Middagen er servert!

Eg er ikkje ein ekte bloggar, det vil du snart forstå!

På fredag laga junior#1 wok til middag, med masse grønsaker og sterk saus. Utan at eg har bildebevis. Tabbe! Men det var godt!

Laurdag laga junior#2 andebryst i pannekaker, med agurk, vårløk og hoisin-saus. Vi vart meir enn mett! Bilde? Neida... (men du finn oppskrifta her Fake pekingand, namnet er mitt forslag altså)

Idag lagar mannen elgsteik med saus og blomkål og potet. Maten er enno ikkje servert, så det er mogeleg at det blir bildebevis. Dersom eg huskar det.

(slik går altså helga når mor seier ho ikkje orkar lage middag, tur eg skal fortsette med det! Og vi har ryddeaksjon i frysaren, så det meste er laga av ting vi hadde liggande. Heilt klart på tide med rydding)

Og det blir husmorpoeng til alle tre!

torsdag 28. juni 2018

Veke 26 / høgdepunkt

Eg trur eg held meg til høgdepunkt denne veka.
Og eg vel to høgdepunkt, som begge var i helga.

Vi skulle til Romsdalen, og det var St.hansaften på laurdag. Ein dag for bål og grilling. Eg såg på værmeldinga, og den lova både regn og vind og lave temperaturar. Mannen snakka stadig om grilling og bål i fjøra. Kona var skeptisk! Vi køyrde frå Trondheim i pøsregn, det var kaldt og det var nysnø langt ned i fjella vi køyrde forbi. Laurdag kom, det var stadig fare for sol, det regna ikkje og det var ikkje så kaldt som lova. Det vart bål! Og grilling. God mat, triveleg selskap, ein skikkeleg midtsommarkveld!

St.hansbål
På søndag feira vi storebror sin 60årsdag. Det var nok ein fin dag, med god mat og triveleg selskap. Eg traff mange eg sjeldan ser, og som alltid, det er godt å ha familie!

Og her er eg og bror, for ca 49 år sidan. Ein storebror som passa på!

fredag 11. mai 2018

Akkurat no

Eg ligg litt etter med blogging. Det har skjedd så mykje anna i det siste, så bloggen har på ingen måte levd noko eige liv, tvert i mot vorte ignorert. Men akkurat no skal du få vite kva eg tenkjer på:


  • idag har eg hatt fri, det var godt! Eg har bakt børd og knekkebrød og gått til angrep på haugen med diverse klær på vaskerommet. Du veit dei  som ikkje passar å berre putte saman med mørk eller lys vask 60 gr. Det er ull og silke og skjorter i mange ulike farger, litt for få gule klær til ein eigne vask +++ Eg har ikkje nådd botn av haugen, men eg er på veg.
  • eg ser at det kan bli kjøkkenhage i år også! Sjølv om eg ikkje har sådd eit einaste frø. For eg har vore på Plantasjen, og ser at der kan ein kjøpe små planter og plante i eigen hage. Genialt for meg som nesten ikkje trudde det skulle bli vår iår. Eg har også kjøpt blomster til å sette i potter ved inngangsdøra, for no trur eg på vår (og sommar, sidan det var 25 gr i går!) 
  • eg er glad for helsevesenet! Nokon eg kjenner, trong brått hjep frå spesialistar på høgt nivå, og der var dei; fulle av kunnskap, omsorg og tålmodig til alle spørsmål. 
  • idag avsluttar musikkjunior året på folkehøgskule. Han har hatt eit fint år, virkar det som, og har vorte vaksnare. Så får vi sjå korleis det blir å få han heim, vi har lagt oss til nye vaner etter eit år som to i heimen!
  • ute blir det grønnare nesten minutt for minutt, vi har hatt eit par dagar med varme og idag har det regna, det vises!
  • det er snart 17.mai. Eg har i tankane at eg må ta fram bunaden og sjekke for flekkar og skjortene(for mannen har også bunad) treng dynking og stryking, og det hadde vore fint om eg gjorde det i helga, det skal visst vere best å gjere i god tid. Og eg trur at bunaden passar i år også, men det kan jo vere greit å sjekke? 

No lurer eg på når mannen kjem, slik at vi kan ta litt mat!

mandag 15. januar 2018

Veke 2

Det er alltid litt spennende å lage seg nye prosjekt, som dette med eit bilde for kvar dag, for huskar eg det? Tek eg bilder som er interessante og brukbare? Og det krever litt for meg, maksimalisten, å halde meg til eit bilde...for av og til har eg mange ting eg vil dele! Men det får eg ta i eigne blogginnlegg.

Og det kan hende at vekestarten, med dikt, blir sett litt på pause framover. vi får sjå.


Det har lett for å bli mykje kjøt i jula, så måndag den 8. slo vi til med  stekt torsk med chorizopølse og ertepure. Det var godt det! Oppskrifta
fann eg hos Mat på bordet

På tirsdag var eg på kurs om timeføring og slikt.Kanskje ikkje så spennande, men nyttig.
Sist veke hadde eg med meg ein nevø som hadde arbeidsveke på jobben min. Han fekk prøvd litt ulikt, og ikkje minst uvant! Men han takla fint både det eine og det andre. 


"Elg i solnedgang"
Onsdag møtte vi ein stor elg då vi skulle på skitur.
Heilt greit å sitte i bilen og sjå på! 

Torsdag var vi på konsert med junior og bandet han spelar i.
Vi drog opp snittalderen på konsertpublikum.
Bra konsert! (og stolt mor)

Fredag køyrde vi til Romsdalen. Biltur med innlagt middagspause, lefse til mellommat i bilen og "Klassisk vorspiel" på NRK klassisk.
Og vi måtte vente litt på ferga. 

Januarlyset, altså!
Det var altså så fint i januarsola rett før den gjekk ned
på laurdag ettermiddag. Kvite fjell og raudt uthus. Og vi feira pappa
sin 88årsdag, litt på forskot.

På søndag var eg innom dette huset og tok litt farvel.
No kjem det nye eigarar, og det er litt rart, for her budde Gudrun og Erling
og eg var masse på besøk då eg voks opp. Det er lenge sidan dei døydde, men
det har vore kjentfolk der etterpå. Kanskje eg blir kjent med dei nye også?

fredag 22. desember 2017

22.desember, kva har eg brukt dagane til?

Idag er det 22.desember, og første juleferiedag. Eg vakna i mørket, sto opp, slo på lyset i stjerna og og fyra opp. Ute hadde det snødd i natt, så etter dei siste dagane med is og regn og varmegradar, hadde forsvunne under eit (tynt) kvitt lag. Eg laga ei kanne te og skar ei skive av julebrødet eg bakte i går. Høyres det ut som ein klisje? Det kan høyrest slik ut, men det er heilt sant! 
Frukost

(Og peparkakebakarane som forsvann ut av huset ei stund etter at avisbodet hadde levert avisene i dag tidleg, hadde både rydda og vaska etter seg, stort sett)
I november, då det verka uengeleg lenge til jul(kanskje ikkje så lenge som då eg var 8 år, då var det omtrent like lenge frå 1.desember til julaften som frå jul til sommarferie) skreiv eg fleire lister med kva eg skulle gjere i desember, og har eg klart å følgje mine eigne planer? (altså, eg har jo varma fiskekeker til middag, vaska klær, vore på jobb og slikt, men i tillegg) Ikkje huskar eg kva eg skreiv heller...men no skal eg sjå det punkt for punkt:

  • julemusikk! Ja! Dette har eg klart. Om morgonane på veg til jobb har eg høyrt på NRK klassisk, og kosa meg med å sleppe politiske debattar etc, kanskje eg berre skal fortsette den vanne?
  • julebakst, eg har bakt berlinerkransar og brune pinner. Julebrød i fleire rundar, dei har ein tendens til å bli oppetne ganske fort! Felles bakekveld med vener, eg bakte lefser og delte med dei andre, og fekk kolakaker, havrekjeks og krumkaker i bytte. Ein god tradisjon vi skal halde ved like! Den engelsek fruktkaka er laga for ei stund sidan, og skal nytast når juletreet er tent i morgo kveld.
  • juleblomster, kanskje ikkje så mykje som planlagt, men eg er på runde to med sviblar og amaryllisen blormstrar. Ny azalea blomstrar saman med den eg kjøpte til jul for 3 år sidan. Krans på døra har vi ikkje, men eg har kjøpt juletre. Einer med lys og kuler i nisjen i trappa, det skaper stemning i heimen. 
  • adventskalender. Eg har vore kalenedergeneral på jobb, men heime har det vore litt til og frå. Det hadde litt med ein liten Romsdalstur i starten av desember å gjere, eg kom på etterskot med både det eine og det andre. Trur eg har igjen meir enn halve tekalenderen, men den kan eg gjerne drikke i romjula og på nyåret også! Felleskalender med mannen og kalender dei dagane ungane er heime, har vorte berre nesten... Men kanskje neste år?!  
  • julekrybba kom fram 1.desember, og har fått ein ny figur nesten kvar dag. No manglar berre Maira og Jesusbarnet. Denne vesle stjerneguten pyntar opp på stova og syng med kvar gong eg sett på julemusikk! (trur eg)

  • LYS! Eg har tent levande lys, eg har hatt lyslenker, eg har stjerne med lys, kuler med lys og lysestake i kjøkkenglaset. Det gjer så godt! 
  • lammerull og sylteflesk. Eg har laga begge deler, og tomatsilda er laga. Alt er testsmakt og godkjent, no ventar eg berre på å kunne ta det fram til julaften. Gler meg! Og eg har kjøpt røkt villaks, juelansjon, gode ostar, rømmesild, fenalåret er fedig og klart til smaking. Nam! Svolte treng vi ikkje vere denne jula heller!
  • klementin, det er advent altså! Lurer på kor mange kilo vi har ete...
  • Ta fram julepynten lille julaften, og pynte huset, altså i morgon. Det blir kjekt!
  • julegåver er vel også ein del av advent. Trur det meste er i hus no, men eg har igjen ein del innpakking. Det får bli i natt eller noko.

  • eg har kjøpt julegodteri og gøymt unna, og det skal bli stas å ta fram. Alltid marsipanfrukter og i år også norske nøtter. Det er smak av barndom det!
  • julehatt! Den og julegenser blir nok ein fast tradisjon i desember, til spesielle høve. Særleg på jobb, der enkelte har lurt på kva eg eigentleg driv med! Både julegenser og Lucia har eg tatt meg av i år :)
  • Julebrev er det dårleg med, kanskje det blir tid i romjula? Eg kosar meg iallfall med å lese det alle de andre sender meg!
(om eg er så i ruta at eg har tid til å sitte her og blogge i det vide og breie? Tja? ! Det er ein måte å unngå at eg gjer for mykje, for ryggen syns vel at eg har strekt meg vel langt i det siste. Så då prøvar eg leve litt saktare, til glede for resten av familien, som heller vil vaske enn at eg skal bli liggande)

I skogen er det ferdig pynta!
Og jul blir det! Uansett! Med eller utan hybelkaninar i krokane...