Du veit ho dama på butikken, ho med 3 lange lister i hånda med alt ho skal handle, mord i blikket og ein stakkars mann som kjem etter med full handlevogn?
Der har du snart meg!
Eg har liste på liste, vaknar og tenkjer på blomster og bordkort, "vi skulle jo hatt ein seglbåt på bordkorta"!, plagar mannen med spørsmål om kaker og meny og lurer stadig på kva eg har gløymt. Noko må det vere?
Det er berre litt over ei veke igjen, så feirar vi dag!
Det roar seg litt, men eg blir forundra over kor engasjert og forvirra eg blir over alle val og problemstillingar... Eg er ikkje den coole dama som tek alt på strak hand! Same kor mykje eg ville likt å late som om eg er det. Eg får øve, slik at til neste runddag eller anna storselskap skal eg framstå som Mindfulnessens dronning! (kanskje)
Men eg har kjole klar, og sko og eg har klipt meg. Og snille frisøren slo til med massajestol og hodebotnsmassasje og god, god tid. Ho har nok sett stress før!