Viser innlegg med etiketten mamma. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten mamma. Vis alle innlegg

søndag 22. mars 2020

Lukta av nybakt brød

Eg har bakt brød. Det er frykteleg lenge sidan sist, så det føles på sin plass å skryte litt av meg sjøl! Som vanleg startar eg omtrent med ei oppskrift, og ender med å slumpe det saman til passe seig. Slik også idag.

Men det som gjer at eg skriv om det no, er alle minna som kom over meg medan eg stekte brød. Ute var det sol, fuglesang og snøsmelting. Ein ekte vårdag. Då eg sette brøda i omnen, måtte eg sette opp glaset på stova, for det vart så varmt inne.


Nybakt





Og då kom dei, minner som lukter kan hente fram. Lukta av brødbakst, lukta av vår og minna om slike dagar. Når mamma bakte brød og eg kom inn til lukta av nystekte brød, og lukta av vårdagen ute, sidan mamma hadde sett opp kjøkkendøra for å lufte på kjøkkenet. 
Og så vart det ekstra rart, sidan eg tenkjer mykje på mamma om dagane no, det er eit år sidan ho døydde, og dagane var fulle av sorg, gode minner og planlegging av gravferd. (Og eg tenkjer på dei som står midt i dette no, når det er restriksjonar på gravferder og det å få vere saman)

Så eg laga meg ei god skive med smør og brunost, og tenkte på alle skivene mamma smurte til meg. Det er mykje omsorg i ei påsmurt skive!

onsdag 17. april 2019

Det går nok bra

Den eine sonen ringer meg på butikken og spør om eg kan kjøpe med ruccolasalat. Han treng det til pizzaen han lagar, den med spekeskinke.




Den andre ringer for å spørre om kor mykje lammelår ein treng til 12 personar.

Gutta kan lage mat! Det går nok bra, dette.

tirsdag 26. mars 2019

Mamma

Eg sa "ein gong til, please". Eg tenkte på skitur då, men no tenkjer eg på mamma.

Mamma døde i helga, og vi fekk vere saman med henne dei siste dagane, både pappa og vi søskena. Det var godt, midt i det triste!
Det er noko med foreldre, dei har alltid vore der, så når dei dør, blir det eit hol i livet!

1969

Så meir enn endå ein skitur, kunne eg ha ønska ein telefon til frå mamma, som byrja med at "det er ikkje noko eg vil" eller "du lagar kanskje middag no?" Eg kan ikkje ringe henne fleire gonger og fortelje at eg er vel heime etter lang biltur. Ikkje sende bilder og vente på telefon om at brøda mine ser så gode ut at ho nesten kjenner lukta.

Eg kan ikkje spørje om råd, for det gjer ein sjølv om ein er over 50 år. Eg kan ikkje sette meg med strikking, vise fram og få hjelp til å lese mønsteret. Eg tok meg i det idag, då eg gjekk forbi ein klesbutikk at "den genseren der ville mamma ha likt".
Mamma hadde "husmorskule" for meg i 2015, og eg lærte å
lage fiskekaker


Men eg tenkjer også på det å berre vere saman! Utan at det skal skje noko, spørjast om noko. Ete frukost når eg er på besøk, laga middag, prate om været. Det vi gjer med alle vi har rundt oss. Det kan eg ikkje lenger med mamma.

Mamma og pappa var velkomstkomite då vi
hadde over segla Hustadvika med båt.

Eg ser på bilder, frå mamma var ung, eg var lita, juleselskapet vi hadde sist jul. Og til meir eg ser, til meir huskar eg. Eg skriv på minneorda til kyrkja. Eg snakkar masse om mamma! Livet både går vidare og har stoppa litt opp no...

Mamma og meg (og bakhodet til onkel Kjetill?)
Ganske sikker på at mamma har sydd kleda mine.

Det er mange kapittel som blir lukka når ei mor dør. Heldigvis har eg mange gode minner!