Viser innlegg med etiketten måndag. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten måndag. Vis alle innlegg

mandag 4. november 2019

Måndag

Enkelte måndagar er meir måndag enn andre måndagar. Idag for eksempel.


Ikkje det at det var noko spesielt ille som skjedde, men kombinasjonen

  • måndag
  • mange minusgrader ute
  • måndag
  • november
  • måndag i november
  • glatt å gå til jobb
  • måndag
  • sove for lite
  • tomt for brød
  • kaldt inne
  • eg er heime åleine
  • måndag
  • det er tidleg i november

Men eg gir ikkje opp!

Eg drakk ein kopp te før eg gjekk på jobb. 
Eg har mykje ullklær, og kledde meg godt.
Eg tok bilde av meg sjølv med glitterfilter, det hjelper!
Eg lagde middag av restar  #etoppmatendin Gulrot og blomkål i omeletten er undervurdert.
Eg har sove middag. 
Eg har prøvd å vinne over klesberget på vaskerommet. 
Eg har fyra tett og trufast frå eg kom heim frå jobb. 
Eg har bakt rundstykker. 
Eg har førebudd noko eg gruar meg litt til. 
Og eg har lese ei heilt enkel, lett bok, med ei dame som ser inn i bakgrunnen på framsida (det er ein eigne sjanger! https://biblioteket.trondheim.kommune.no/innhold/voksen/tips-og-anbefalinger/manedens-leseutfordring/februar-en-bok-med-en-person-med-ryggen-til-pa-forsiden/)
No skal eg snart ta på nattkjolen i ull og sove! 

mandag 8. april 2019

Måndag

Det er måndag. Sol ute, men kaldt. Eg måtte ein uplanlagt tur på butikken, og det er heilt klart gåvær! Eg tenkte at idag, idag skal eg sanneleg bake brød, eg har jo fri og allting, og bakar eg brød, slepp eg på butikken og då unngår eg impulshandling. Eg sette igang, det var berre det at eg mangla gjær... så det var tur på butikken og det vart litt imulshandel i tillegg til gjær. Og det vart gåtur i aprilsol og aprilvind.

HVIS DU VIL
Har du varme
nok?
Du har.
Søvnen, tankene
er gitt deg gratis.
Men varmen i deg
må du gi
og gi igjen.
Også du kan si et ord om glede.
Du har en hånd
varm,
hvis du vil.
Rolf Jacobsen
Og takk for alle gode helsingar og tankar og klemmar etter forrige innlegg. Kvardagen går sin gang, eg forstår enno ikkje heilt. Min mest trufast blogglesar er borte, mamma heldt seg alltid opptatert på bloggen og etterlyste gjerne nye postar! 

mandag 4. mars 2019

Fine ting på ein blåmåndag

Idag er det blåmåndag, og det er ikkje berre i kalenderen det står. Det er litt vel blått over det heile om dagen. Då er det lurt å sjå seg om etter nokre ting som er greit, tross alt! (og nei, ting blir ikkje betre av å leike Pollyanna, men eg må avlede meg sjølv litt)


  • det er lyst når eg skal på jobb om morgonen! Og endå meir magisk: lyst når eg kjem heim!
  • vaskemaskina jobbar og jobbar, eg treng berre putte klær inn og trykke start. (men det strykeskapet har eg ikkje kjøpt enno, så litt arbeid er det)
  • eg har fått god tilbakemelding frå språkvask på jobbsøknaden, no er det berre å jobbe vidare og krysse fingrane...
  • mannen er tålmodig og høyrer på meg, forstår når han skal vere einig og nikkar til det eg seier. Så kan vi heller diskutere litt når eg har fått ut frustrasjonane og er meir lydhør (eg trur iallfall at eg kjem dit, ikkje spør han om det)
  • eg bakte bollar til fastelavnssøndag, og det vart så mange at eg har frysaren full! Kanskje blir det bollar i matpakka i morgon?


Pollyanna? Ukjent for deg? Eg las om denne utruleg positive jenta i barndommen, men det kan vere at boka ikkje er så fengande lenger?? Ho leika "vere glad"-leiken og fann dei mest uante kilder til glede. 
Frå Wikipedia:
Pollyanna er en roman fra 1913 av Eleanor H. Porter som handler om en pike som etter sin fars død må flytte inn hos sin velstående og meget strenge tante. Gjennom sin optimisme og ukuelige tro på andre menneskers gode hensikter, får hun ikke bare sin bitre tante, men hele byen, til å «tine opp».

mandag 29. oktober 2018

Kongen av Danmark

Eg lurte på kvifor det heiter "Kongen av Danmark", og min beste ven er Google, så her er forklaringa frå Brynhild:

Opprinnelig oppkalt etter brystdråper med anis og lakris som ble laget til den danske kongen Christian V på 1600-tallet. 

Så no veit du det!


Idag har eg kjøpt drops. Fann dei på kiosken.



Eg leita huset rundt etter godtekrukka. Den i krystall, med lokk, som eg fekk då eg var ganske ung. Fordi eg syns den naboen hadde var så fin, og då ønska eg meg det til jul eller busrdag. Eg fann den i kjellaren litt nedstøva, for igrunnen kan ikkje eg ha godteri ståande på stovebordet til ei kvar tid, det blir så lett borte... No er den derimot nyvaska, blank og full av "Kongen av Danmark"-drops.

mandag 25. juni 2018

Måndagsliste

Måndag. Pang, så er veka igang etter ei veldig aktiv helg. Livet er som skapt for listeskriving!

Har

  • vore på jobb, på møte og skrive lister fordi det er siste veke før ferien, og kva må eg huske, og kva må nokon andre gjere +++
  • vore hos fysioterapeuten, siste gong før ferien. Vorte strekt, brekt og tøyd, dog ikkje den aller verste strekkinga, den innser sjølv fysioterapeuten ikkje er av det gode verken undervegs eller etterpå.
  • flytta båten frå fastplassen til servicemannen, som skal sjå over motor og skifte olje og filter og slikt (som om eg eigentleg veit kva han skal) Å flytte båt, ein dag det bles litt kraftig, når ein må vente på at brua over kanalen skal opne og ein må sloss mot straum i kanalen, og så legge til ved ein båt som ligg der... "Det er berre å legge til på utsida av den 32 fots motorbåten, sørg for å fendre godt" sa servicemannen, og då høres så enkelt ut. Men ta med vind og straum og uvant farvatn for admiralen (les fokkeslaskinnen), så snakkar du både humørdrepar og utfordring for parforhaldet! 
  • ete middag som junior laga, då han var i ferd med å svime av av matmangel og aggresjon, god vart den! 
  • ete norske, søte jordbær rett frå korga. Nam!

Burde
  • betale rekningar
  • brette klær
  • vere kreativ og tenke ut gåve til jubilanten vi skal feire til helga (ja, vi feirar i vilden sky for tida. Dette blir selskap 3 på 3 helger! Men så tek vi ei pause, ei heil helg!)
  • tømme kofferten frå tur i helga, Det er av dei ting som tek ca 4 gonger så lang tid å grue seg for å gjere, som den reelle tidsbruken...

  • betale rekningar
  • huske å henge opp klær og tømme tørketrommelen
  • tømme oppvaskmaskina
  • legge meg tidleg, for det vart litt lite søvn i helga.

Vil helst
  • fortsette og lese i boka eg byrja på igår!
  • gå og sjå korleis det går med jordbærplantene mine. Det er små jordbær der, blir det snart litt sol igjen slik at dei blir raude?!
  • sove middag, men det er for seint når klokka har bikka 20...

mandag 12. mars 2018

Måndag

Idag kjente eg brått på ein voldsom lengsel etter sol, varme, å kunne gå i småsko og utan ull. Det ser ikkje ut til å bli med det første. Eg fyrar opp i omnen med ein gong eg står opp. Det er på med vintersko og vinterjakke og ullskjerf før eg skal ut om morgonen.
Til helga kjøpte eg meg påskete og påskeliljer i krukke. Det er snart påske? Igår hadde vi rast i ei solside då vi var på skitur, det er varme i sola! Det går den rette vegen!


 Søndagsfrukost. Med påskeliljer og te.



På veg heim frå jobb idag kjøpte eg ein liten bukett tulipaner. Eg trøystar meg med blomster, og at været iallfall er stabilt, det er ikkje regn og glattis. Det er lenge lyst, sjølv om det snør. Idag igjen.


Og eg trur at når våren først kjem, kjem den brått! Men det er vel lov å drømme om varme, sjøl om ein likar ein stabil vinter!?
Kanskje eg skal finne fram påskedukane mine allereie?

mandag 14. august 2017

Vekestart

Måndag. Og eg huskar ikkje kva veke det er. Og jobbstart etter vekevis med "la humla suse", og ho har helst susa i fred. Båtlivet levdes kun eter klokka for å finne ut når det var sol og vind og regn på yr (og litt for å kome tidsnok til svigers sin gullbryllupsfest) Men idag var det vekkeklokk, og nokon som venta på meg på jobb. Altså
 opp go hopp, og helst med eit smil!

Eg kom dit, tidsnok. Eg hadde med nøklar og nøkkelkort. Eg huska alle passord eg trong. Eg hadde gløymt briller og høreapparat, begge deler er funne fram no og ligg klart i veska mi til i morgon. Saman med nyinnkjøpt te, det kan hjelpe veldig på humøret med ein tekopp når ein oppdagar at det er lenge igjen til lunsj og det er ein stor papirbunke som skal jobbast gjennom. Det er forresten veldig dårleg med mellommåltid på jobb, på båten hadde vi gjerne litt frukostdessert. Ein sjokoladebit før lunsj, og både tidleg lunsj og sein lunsj, og gjerne litt kjeks før eller etter. På jobb er det lunsj. Og det er det. Eg kjem vel inn idet igjen?!
Og det er august. De finaste dagane, med klart lys, bær i skogen, vakre solnedgangar og plutseleg mørke. Og studiestart og idag har eg høyrt ikkje mindre enn 3 ulike innslag på radioen der dei intervjuar folk som er på IKEA og kjøper det dei treng. Eg satsar på sol og same jobben!

August


Slutten er vakrest
hvisker svaberget og
løfter den brune kroppen
din litt nærmere solen
vakrest er slutten og
august presangen til
dem med hjerte
for sirisser
rognebær og solnedganger

Arne Ruste

Ønskjer deg ei strålande veke! Med fortsatt ferie eller jobb eller kva du fyller dagane med. Eg satsar på at yt har rett, og at det blir varmt frå i morgon. Eg treng meir D-vitamin, og brunfarge og varme i kroppen før hausten kjem for godt.

Sol og regn i kveld. Etter at eg hadde fått skogtur, vore på kafe og sagt "ha det bra"
til venninne som skal til utlandet eit år og funne ferdig middag i kjøleskapet!
Regnboge!

mandag 29. mai 2017

Vekestart veke 22

Sol! Fridag!

Sol inn stoveglaset lenge før frukost.

Har kryssa ut eit par slike ting på lista som har vore utsett, fordi... du veit slike ting som tek lengre tid å grue seg til enn å utføre? Fekk gjort dei idag! Kjennes endå betre ut å nyte sola etterpå då. Las bok i sola, åt lunsj i sola, vart klissete av solkrem(men ikkje solbrent) Bretta klær, laga middag. Snakke med ein son. Tenkte på den andre sonen. Kyssa mannen. Har trena yoga i kveld, kroppen syntes det var grusomt slitsomt, kan bli stiv i morgon. Altså ein slik dag som er kvardag, som er livet!

Alt dette maset om
KVALITETSTID
(når det vel er sjølve livet vi meiner)

Ete brødskive med brunost. Ta bussen heim frå jobb i regnver.
Vakne midt på natta og le høgt av noe du nettopp drøymde.
Forsove seg men likevel ta seg tid til å koke egg til frukost.
Trøyste ei dotter i telefonen. Gråte i ei gravferd.

Sjølve livet! (heiter det)

Øystein Hauge




Og kall meg gjerne ei enkel sjel, men sola skein idag, eg har solgul veske, gule sko kjøpt på salg i fjor og plena full av gullgule løvetenner! Då må ein jo bli glad!


mandag 27. februar 2017

Måndagskos

Kjøkkenutsikt med sol!
Idag har det vore ein roleg og fin måndagsettermiddag i heimen. Det er sol til langt på ettermiddagen som avslører eit solid støvlag her og der... Det er lyst og fint, vinter med stabil snø er veldig vakkert!

Junior og eg har sitte i kvar vår sofa, vi har prata om dette og hint. Vi har høyrt jazz, i utvalg av junior, og det er mykje eg nok ikkje hadde funne på eiga hand. Å få ein 19åring til å snakke, handlar mykje om god tid og rett setting! Det er så godt med slike stunder, og eg kjenner det stikk litt i mammahjertet at han skal flytte til hausten. Men slik er livet! Og eg trur han har gjort gode val, og har mykje bra i vente. Og eg skal vel finne ting å fylle ettermiddagene med! (for ikkje å snakke om at det blir fint å få han heim på besøk)
Medan vi satt der, sto kyllingen i omnen og godgjorde seg. Det viste seg at den måtte stå riktig lenge...så vi fekk nyte lukta ei god stund før vi kunne ete.
Grøne blad på fastelavnsriset!
Eit hint om kva som kjem ute etterkvart, herleg! 
Kylling som viste seg å trenge mykje lengre tid
på å bli ferdig enn oppskrifta sa...
Måndagar altså, dei er ikkje så verst!