Viser innlegg med etiketten Veske. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Veske. Vis alle innlegg

torsdag 13. oktober 2011

Sydilla og ny maskin

Fyrst kan eg no vise fram noko av det eg har laga i det siste:




To små vesker til smådamer


Snurreskjørt til smådamer


Eit par ugleposar til småting


Ei lita toalettveske til ei av døtrene mine (Måtte teste ut bildepapiret til å stryke på stoff, fungerte fint det.)




Så har eg gjort ei ny invistering, den etterlengta overlockmaskina er endeleg på plass. Den fungerer nok som den skal, men eg må bruke litt tid på å gjere meg kjend med maskina. Den syr fint, men eg syns ikkje endane er så fine. Korleis feste desse på skikkeleg vis?





Ja ja, eg har no prøvesydd litt. Denne vesle dongeribuksa er omsaum av ei bukse som var forlita til sonen min. Avlagde dongeribukser er greit såleis, kan brukast til så mangt. Ei lita siklesmekke vart det òg.



5 huer i monstertruck-stoff. (Burde kanskje bestille meg litt meir jerseystoff sånn at eg har meir å variere i...?)













søndag 2. oktober 2011

Vesker og kjolar

Så har det vore helg igjen, og eg har lurt meg til litt sytid, sjølv om veiret er litt for fint til det.




I går laga eg desse små veskene. Dette er ei forminska utgåve av eit rosenett som eg har sydd tidlegare. Veskene kan brukast på begge sider, så her er det mulig å variere.



I dag er det blitt eit par forklekjolar. Desse er òg vendbare.



Ser at bilda ikkje er av dei beste, men for ein gong skuld skin det sol her...




torsdag 2. september 2010

Ny veske

Eg tykkjer eg får for lite tid med den nye symaskina mi, det er mykje som skjer på ettermiddagane, så det er lite fritid for tida. Men i går kveld fekk eg meg eit par timar i sykroken som eg har innreia på soverommet vårt. Har så mange ungar at her ikkje er noko rom ledig, men eige hobbyrom er jo darumen, sjølvsagt.

Denne veska såg dagens lys i går kveld. Kjøpte stoffet på den lokale sybutikken i går ettermiddag, hjertestoffet var eigentleg julestoff, men det går no fint an elles òg. Tenkjer no meir på sommar enn på jul når eg ser dette...



Veska er sydd etter samme mønster som den forrige veska mi (Nokre blogginnlegg tilbake). Ei rimeleg enkel veske i ein fasong eg likar. Spørs om dette vert gåve eller messesal, det vil tida vise.