Viser innlegg med etiketten Trøye. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Trøye. Vis alle innlegg

søndag 17. november 2013

Fleire ullplagg

No har eg sydd opp det eg hadde av desse ullstoffa i skuffa mi, men eit par meter til er på veg.

Her er heildress str 86, trøye str 4 år, body str 92, body str 86, og heildrakta i str 80 frå forrige innlegg. Stoffa til venstre har mønster i ein veldig mørk lillafarge.


Her er heildrakt i str 68 og body i str 80 med brune stjerner. Med grøne stjerner er det body i str 62, samt heildrakt og body, begge i str 74. Og eg ventar på grøne KAM-knappar. 


tirsdag 25. juni 2013

2 t-skjorter

Då har eg endeleg fått sydd litt igjen. Sist veke sydde eg nokre enkle panneband som eg diverre ikkje har fått teke bilde av. Og i dag fekk eg laga desse to t-skjortene i str 104 og 122. Greitt å få bruke nokre smårestar på armane. Elles er det brun jersey som er utruleg mjuk og god, trur den er kjøpt hos tidlegare Tiljamiid sin nettbutikk 



(Hm... eg ser at dette bildet ikkje var optimalt, men i dag måtte eg bruke nr 2.-kameraet mitt...)

Satsar på å ha salsbod på Sandane-dagane i år òg, så det gjeld å få laga opp litt no. Eg får satse på litt syarbeid i ferien, berre få dagar att no. 

onsdag 7. november 2012

Forklekjolar og ulltrøye

Sist søndag var eg på Eid og hadde sydag med to andre. Kjekt å sitje fleire i lag og skravle og sy, og mimre frå 20 år tilbake då vi gjekk i same klasse på saumlinja på Jølster.  

Til denne søndagen hadde eg klipt ut 6 forklekjolar. Eg fekk sydd 4 av dei, og dei to siste blei klare kvelden etterpå. 

Blei visst mykje muffinsar her... Kjolane er sydde i babycord og vevd bomull, og ei er vendbare. Nokre har applikasjonar, nokre har lommar, og nokre har begge deler. Ikkje alle fekk "pynt" på begge sider, tenkte at såpass mønstrete stoff ikkje alltid treng så mykje stash. 




 Detaljar frå nokre av kjolane

 I tillegg har eg fått laga ei ulltrøye i str 6 år. Mjuk og god merinoull frå Myllymuksut. 

mandag 22. oktober 2012

Litt nytt frå sykroken og strikkepinnane

Så har eg fått sydd litt igjen. Når eg har stått og selt tinga mine, får eg ofte spørsmål om eg har noko som passa til ditt og datt, så no har eg planar om å lage nokre sett for salg. 

Fyrst er det ein tunika/litt utoversvinga trøye i litt tjukt stretchstoff, med tilhøyrande dongeribukse. Buksa er sydd av ei avlagd dongeribukse. Litt vanskeleg å vurdere om buksa og overdelen passar til samme størrelse, men trur det skal vere sånn nokounde. Begge er eigne mønster. 



Eit sett med body og bukse, bodyen er i str 86, buksa omtrent det same, kanskje litt større. Mønsteret til bodyen er frå "Heilt spesiell", medan buksa er eige mønster, sydd av ei gammal dongeribukse. Då buksa var ferdigsydd såg eg diverre at det var den buksa eg hadde søla litt hobbymaling på på jobb, eit par svake kvite målingsflekkar på framme. Mulig eg ikkje kan selge den, i så fall blir det på billigsal. 

Trøye i str 6 år, eige mønster. Denne har eg ikkje noko attåt endå, men mulig eg kjem til å lage ei dongeribukse til denne òg. Må berre ha ein pause i buksesyinga, sidan eg trøbla ein del med den forrige. Mjuk deilig interlock i bomull. 


Som sofaarbeid den siste veka har eg hatt desse sokkane. Dei er strikka i Senjagarn frå Nille, og passar til mine 6-åringar, dvs ca str 30. 



***

søndag 7. oktober 2012

Meir ullkle til barn

Då har eg endeleg fått sydd litt igjen, og sidan eg har fått ny forsyning med ull frå Myllymyksut, og det går mot ullsesong, måtte det bli ullkle denne gongen òg. I dag vart det tre bodyar og ei trøye, og dei er allereide på plass i Epla-butikken min, i lag med sitjeunderlaga frå forrige innlegg. 


Sidan maskinene allereide var tredde med raud tråd, blei det det raude stoffet i dag. Har òg liggande med turkise pigsvin, og så ventar eg på ein dryg meter med brune. Gledar meg til å lage noko av dei òg, sjølv om eg krangla ein del med utstyret i dag. Satsar på betre tider neste gong. 


Body str 80  

Trøye str 3-4 år

Body str 68

Ein dag eg var ein tur i sentrum her, kom ei dame bort til meg og lurte på om eg ville stå og selge på senteret her, ein laurdag i november. Eg syns jo sånt er spennandes, så eg sa ja til det. Så no må eg prøve å få produsert meir framover, det er jo snart julemesse-tid òg, og vekene går fort.  

søndag 16. september 2012

Svarar det seg å sy sjølv?

I dette tilfellet trur eg det ja. Var litt rundt i butikkar i går, jentene er i ferd med å vekse ut av/slite ut ullkleda sine. Ei ulltrøye kostar glatt 300 kroner, og for oss som er så heldige å ha nokre barn, vert det litt utlegg når alle skal ha nytt.
 
Eg har ei stund hatt liggande ein snau meter med deilig merinoulltrikot frå Myllymuksut, og ei lita tilhøyrande stripe ullinterlock einsfarga raud. Av dette har eg i dag sydd to trøyer i ca 6-års størrelse. Når eg handlar frå denne nettbutikken, held eg meg alltid under 200-kroners grensa, så piggsvinstoffet kosta i underkant av 200, og interlocken bestillte eg i lag med noko anna, så eg tippar ca ein 50-lapp.
 
Så 2 ulltrøyer for 250 kr, då svarar det seg vel? (Med i rekneskapet er dog ikkje frakt, tråd, nåler, timelønn og ikkje minst dei to ulike maskinene eg brukte for å få dette til....) Nesten så eg må skaffe meir av dette stoffet, for dette var eg ganske fornøgd med :-)
 
 
To storfornøgde jenter med kløfrie ulltrøyer - denne ulla verkar veldig mjuk og god, håpar verkeleg den held seg like fin ei god stund.

 
 
Tannfeen har forresten hatt ei travel tid her i det siste, og meir blir det vel. 


mandag 16. juli 2012

Endeleg ferie!



Tre veker utan andre planar enn å sysle litt heime og evt nokre småturar rundt om viss veiret vert brukbart. Fyrsteprioritet blir nok kjøkenet som i desse dagar vert totalrenovert. Mykje pirkearbeid i eit gammalt, skeivt hus. For å lage litt meir arbeid, skal vi også flytte vask og oppvaskmaskin, slik at nye rør må leggast.  I dag starta golvlegginga, og når det er klart, kan vi begynne å få på plass skåpene. Med litt framskritt kvar dag, skal vi nok bli ferdige. 



 På kjøkenet er det ikkje alt eg evnar å vere med på, så innimellom har eg rydda litt på syrommet. Eigentleg skulle eg hatt meir plass, tre symaskiner på ein liten benk vert litt trangt, det blir vel til at eg set vekk den maskina som ikkje er i bruk. 


Eg har òg sydd litegrann dei siste vekene/dagane, det er blitt nokre trøyer og bodyar til neste messe.




fredag 27. april 2012

Siste sydag før messe

I dag har eg hatt fri, og dagen har blitt brukt til messeførebuingar. Eg hadde så mykje eg hadde lyst til å lage før laurdag, og dette var det eg rakk i dag; 2 t-skjorter, 4 bodyar, 8 huer og 15 siklesmekker. Fekk brukt opp litt smårestar, m.a. til smekker. 


Eg hadde prisa og pakka mykje på førehand, så no er det meste klart. 


Det har blitt ein del prislappar og feste på... Eg har brukt visittkort frå Vistaprint som prislappar, litt store men det gjer ikkje noko.


Så då får vi krysse fingrane for at det går bra i helga :-)




torsdag 12. april 2012

Lenge sidan sist..


Då er det ei stund sidan sist blogginlegg, så no får det bli eit oppsamlingsinnlegg.
Det blir for tida litt masseproduksjon av småting til Bygdenæringsdagane i Stardalen, der eg dristar meg til å ha ein stand.


Nokre fleire klemmepungar i friske fargar og motiv

Siklesmekker...
Eit hiv med nye huer...
Og nokre bukser til bodyar eg har sydd før. Tenkte eg skulle selge desse som sett.
Og så har eg strikka litt igjen...

Dette er nonstoptrøya - med mønster frå Ravelry. Strikka med tjukkare pinnar og garn enn oppskrifta seier, så den er lun og god. (Jade - pinne nr 4)
Eg vart ferdeig med denne på eit møte i går, og alle trudde det var ein kjole, sikkert pga den var så lang og smal. Men den er veldig elastisk, så den er heilt fin som trøye til ein 3-5 åring. Fin t.d som vest utanpå ei ulltrøye eller pologensar.
Her er eit eksemplar til, denne er større. Ca str 7-10 år.
Strikka i mjukt Alpakkagarn frå Sandnes, pinne nr 4.
Alt dette er for salg, men eg legg det ikkje ut på Epla-butikken min før etter messa, når eg ser kva som vert selt der. Om det er nokon som ynskjer seg noko av dette, er det berre å seie frå.

mandag 7. mars 2011

Nøstebarntrøye, labbar og nye prosjekt

Litt lenge mellom kvart innlegg her, men eg får ta ei oppdatering i dag.
Fyrst kan eg omsider vise fram denne nøstebarntrøya, strikka den ved juletider, og har endeleg fått overrakt den i gåve no. Håpar tantebarnet mitt som går i utebarnehage held seg god og varm i den.
Trøya er strikka etter oppskrift #1905, men med lange ermer i staden for dei korte som var i oppskrifta. Garnet er 2-tråds Askeladen merinoull/nøstebarngarn.

Innimellom er det blitt nokre sokkepar.
Desse barnesokkane er i restegarn, Fabel og Senjagarn.

Mannen har fått seg eit par lange og smale (etter ynskje) raggsokkar i Jarbo raggi-garn.
Tjukke og gode.

For tida har eg to prosjekt på gang, ein nøstebarntunika til ei av jentene. Tålmodigheitsprøve med tynt garn.





Elles er eg i ferd med å redusere mengda av restegarn i lageret. Har ein god del påbegynte nøste av Rubin, Smart, Safirgarn, Østlandsgarn og slikt. Eg sette jentungane til med nøstemaskina for å få laga små fine nøster, ei oppgåve dei krangla om å få gjere...






Så no skal det bli lappeteppe her. Planen er å få brukt opp alle smårestar, i tillegg har eg kjøpt inn koksgrått garn til å ha ytterst på rutene, slik at det blir ein heilskap i teppet.
Rutene er 15x15 cm store, så eg har rekna ut at eg treng 120 ruter for å få eit teppe på 150x180 cm. Er vel komt opp i ca 35 ruter no, så eg har no ein del igjen før eg er ferdig...


Mandagen er min fridag, litt husarbeid og litt hobbytid, så no skal eg ta eit par striper på tunikaen før eg gjer noko meir. Ha ein fin dag!

lørdag 20. november 2010

Non stop trøye til tvilling 2

Med tvillingar i hus må det meste vere rettferdig. For vel ein månad sidan fekk tvilling 1 si non stop trøye. Etter litt anna småarbeid manna eg meg opp til å starte på trøye nr 2, slik at begge skulle få. Endeleg vart denne ferdig òg, og resultatet vart no greit. Litt knall med dei lilla stripene, men jenta likar lilla, så slik måtte det bli.



Mønsteret er lasta ned herifrå. Ei grei oppskrift som gjev berre to endar å feste om ein vel å bruke ein farge, evt fleirfarga garn.