Viser innlegg med etiketten Teppe. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Teppe. Vis alle innlegg

mandag 7. mars 2011

Nøstebarntrøye, labbar og nye prosjekt

Litt lenge mellom kvart innlegg her, men eg får ta ei oppdatering i dag.
Fyrst kan eg omsider vise fram denne nøstebarntrøya, strikka den ved juletider, og har endeleg fått overrakt den i gåve no. Håpar tantebarnet mitt som går i utebarnehage held seg god og varm i den.
Trøya er strikka etter oppskrift #1905, men med lange ermer i staden for dei korte som var i oppskrifta. Garnet er 2-tråds Askeladen merinoull/nøstebarngarn.

Innimellom er det blitt nokre sokkepar.
Desse barnesokkane er i restegarn, Fabel og Senjagarn.

Mannen har fått seg eit par lange og smale (etter ynskje) raggsokkar i Jarbo raggi-garn.
Tjukke og gode.

For tida har eg to prosjekt på gang, ein nøstebarntunika til ei av jentene. Tålmodigheitsprøve med tynt garn.





Elles er eg i ferd med å redusere mengda av restegarn i lageret. Har ein god del påbegynte nøste av Rubin, Smart, Safirgarn, Østlandsgarn og slikt. Eg sette jentungane til med nøstemaskina for å få laga små fine nøster, ei oppgåve dei krangla om å få gjere...






Så no skal det bli lappeteppe her. Planen er å få brukt opp alle smårestar, i tillegg har eg kjøpt inn koksgrått garn til å ha ytterst på rutene, slik at det blir ein heilskap i teppet.
Rutene er 15x15 cm store, så eg har rekna ut at eg treng 120 ruter for å få eit teppe på 150x180 cm. Er vel komt opp i ca 35 ruter no, så eg har no ein del igjen før eg er ferdig...


Mandagen er min fridag, litt husarbeid og litt hobbytid, så no skal eg ta eit par striper på tunikaen før eg gjer noko meir. Ha ein fin dag!

søndag 1. august 2010

Babyteppe endeleg ferdig!

Endeleg vart dette prosjektet ferdig, det har teke ei stund. Her har det gått med 6 (+ litt til) buntar Babymerino frå Nille, strikka på pinne nr 6. Teppet er eit "Mor Signes babyteppe", strikka diagonalt. Eg har hekla einn kant rundt etterpå.



Dette går i messe- /gåvekassa. Kan vere kjekt å ha om ein skulle trenge ein sengjamat ein gong.

søndag 18. juli 2010

Feriesyslar...

No har vi tre veker ferie framfor oss, og det er berre å begynne å nyte det. Veiret er ikkje av det beste her vestpå, men vi får gjere det beste ut av det. Denne helga har blitt brukt til å passe ungane til nokre bryllaupsgjester, og elles til forefallande arbeid her heime. (Les: husarbeid.) Litt avslapping innimellom har det òg blitt.

Vi har bestemt oss for at frysarane våre er fulle nok no, så vi må begynne å ete opp litt. Dagens middag vart difor grillbein med tilbehør.


Eg jobbar med å finne tilbake strikkelysta, no når vi har ferie må eg no benytte meg av at eg har god tid. På den vesle ferieturen som vi hadde for eit par veker sidan begynte eg på dette babyteppet. Greit å ha noko rett-fram-strikk der ein slepp å tenkje. Målet no er å få ferdig dette innan rimeleg tid...



Tjukke pinnar og babyull, kun rettstrikk, kan det bli enklare? Planen er å hekle ein kant rundt når det er ferdig.



Tvillingane våre...

Då dei kom til verda var vi alle sikre på at dei var toegga, sjølv om dei var nokså like ved fødselen. Toegga tvillingar er arveleg, og sidan eg har brødre som er tvillingar, og elles ein god del tvillingpar i slekta, måtte jo dette vere arven som slo til. Etter kvart begynte vi å lure litt, vi måtte kle av dei for å sjå på fødselsmerka kven som var kven. Då dei vart større voks dei seg meir og meir ulike, og folk flest som kjenner dei har ikkje problem med å sjå forskjel på dei.
I går tok eg dette biletet av dei medan dei så på Tv. Eitt eller to egg???




Ha ein fortsatt fin kveld!

søndag 27. september 2009

Hue, tøfler og nok ein barselspresang.

Dette har vore ei bra helg med strikking. Fekk fyrst ferdigstilt ullbuksa i forrige innlegg, sidan har eg laga ei hue og eit par tova-tøfler. Tøflene er i maskina no, etter ei runde var dei for lite tova, så vi får prøve eit litt hardare program. Tenkjer òg å lage nokre blomster av ullfilt og montere på, ferdig resultat kjem seinare.



Hue str 8 år, strikka i Smart. Modellen er noko yngre enn 8 år, så den ser naturleg nok litt stor ut.




Tøfler før toving.
Veninna til eldstejenta fekk ein gut denne veka, og allereide tidleg i sommar var gåva "bestilt". Den har lege ferdig ei stund, men eg kunne jo ikkje blogge den før den var overrekt. Mor Signes diagonalstrikka teppe i babyull og ei lita djevelhue.

mandag 7. september 2009

Barselsgåve og garninnkjøp

Då har heile familien (-eldstejenta) vore på barselsbesøk til vårt nye tante-/onkel-/sysken-barn. Ein liten skjønn pjokk på drøye 3 kilo.




Han fekk gåve òg, og sjølv om han kom 3 veker før termin, rakk eg å bli ferdig. Mor Signes babyteppe, djevelhue og eit par tommellause vottar.












Når eg likevel var i byn, måtte eg berre svippe innom Domus og finne noko meir spennande strømpegarn enn det dei har å få tak i her i kommunen. Resultatet var dette:


(Syns fargane er finare i verkelegheita enn på bildet).





Gledar meg til kome i gang, må berre avslutte vaskefilla som eg held på med. Eg har nemleg eit prinsipp om å ikkje ha fleire arbeid på gang på ein gong. Då er eg redd eg kan kome ut på viddene etterkvart...



Til slutt var vi på visitt på hyblane til elstejenta og tanteungen vår, dei er nyleg begynt på sjukepleieskulen i Førde. Hyblane var fine dei, men det blei ikkje noko fotografering der, så bilder derifrå blir her ikkje å finne.



Det trur eg var alt for i dag, får ta meg ei økt med vaskefilla (som er under produksjon) før eg legg meg.