Viser innlegg med etiketten Matlaging. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Matlaging. Vis alle innlegg

tirsdag 17. august 2010

Bake hjertebollar

Fredag var vi til Førde med flyttelasset til eldstejenta, og då var eg såvidt innom eit par butikkar òg. På "ting" kjøpte vi silikonformer til baking, og i dag hadde Kristina så lyst til å prøve dette. Så eg miksa i hop ei deig med både grovt og fint mjøl, samt brødkrydder frå Devika.



Jentene likar godt å bake, så det var ikkje lenge gjort å fylle desse formene. Men etter steiking og heving var det ikkje så lett å sjå at det var hjertebollar, med mindre vi snudde dei opp ned. Så då er litt av morgondagens lunsj ordna!

torsdag 22. juli 2010

Bakedag

Sidan vi skal på tur i morgon, har eg brukt dagen til å bake og vaske kle. Av bakst er det blitt pizzabollar, pizza, fletteloff, kanel- og vaniljebollar og rosinbollar.



Litt til niste til i morgon, og ein del til frysaren. Kjekt å ha.

søndag 31. januar 2010

Bursdagsfeiring

Då har vi tjuvstarta litt, og feirar tvillingane sin 4-årsdag eit par dagar på forskudd. Jentene har vore ivrige og gleda seg i mange dagar, og når kakene skulle bakast var dei veldig hjelpsomme. Jentene er i ein alder då Hello Kitty er det heilt store, så vi måtte no prøve å få til litt Hello Kitty pynt. Resultatet ser de her - Nora si oreokake med rosafarga krem, og Kristina si marsipankake med ein liten Hello Kitty.


Muffins med rosa glasur og blomsterpynt.
Her skal vi til å blåse ut lysa på kakene.

Feiringa gjekk fint med 29 personar innom dørene, pizza og salat, og kaker, muffins og gele til alle. Jentene fekk mykje fint, og var storfornøgde med feiringa. Tysdag som er 4-årsdagen på ordentleg, har vi invitert barnehagen heim til oss, så då blir det barneselskap og meir feiring.

mandag 28. desember 2009

Strikkerier og krydderkake

Då er buksa i Alpakka ferdig og overrekt til mottakaren, han som fekk jakka til jul. Mjuk og god, håpar guten rekk å bruke ho litt før ho vert for lita.

Når ein er hekta på handarbeid er det ikkje lett å reise nokon plass utan å ha med seg noko. Tenkje seg til å sitje ein heil ettermiddag utan å ha noko i hendene. I går var det tid for juleselskap igjen, så då tok eg med meg tråd og pinnar og begynte på ein kjøkenklut. Den vart fullført i TV-stolen i går kveld.
Før vi reiste avgårde i går, fekk eg lyst til å prøve eit nytt bakverk. Eg hadde smakt dette før, og lenge hatt lyst til å prøve. Så då var det ei Islandsk krydderkake som vart medbrakt til juleselskap i Jølster. Oppskrift nedanfor. Kjempegod med smør og brunost på.




Islandsk krydderkake
Fin å ha med på tur eller til kaffekosen hjemme !

Ingredienser

3 dl havregryn

3 dl hvetemel

2 1/2 dl sukker

1 ss kakao

2 ts natron

2 ts malt kanel

1/2 ts malt ingefær

1/2 ts malt nellik

2 1/2 dl kulturmelk

Slik gjør du
Bland alt godt. Bruk smurt og strødd brødform. Stek nederst i ovnen i ca. 1 time ved 180 grader. Avkjøl i formen før den skjæres i skiver.

lørdag 26. desember 2009

God jul!

Endeleg eit nytt innlegg i bloggen min! Desember har vore utan nye innlegg, mest fordi alt eg har strikka har vorte julegåver, så då kan det jo ikkje offentleggjerast før julafta er over. Vi har så langt hatt ei fortreffeleg jul, familien samla og mykje kos.

Her er vi klare til å innta julematen, for dei vaksne er vel det eit av dei store høgdepunkta.


Årets pinnekjøt, dampa og skjerpa i ovnen. Nam nam.


Her er ei av gåvene som vart gjeve vekk. Babyjakke frå boka "Myk start", i alpakka. Buksa er under produksjon, men sidan det vart litt hektisk før jul, satsar eg heller på at den blir ferdig til vi skal besøkje den vesle nevøen vår og familien i løpet av romjula.


Denne vesten fekk niesa vår på 12 år.

Ei anna niese fekk denne, med utgangspunkt i samme mønster, men litt større.
Desse var ikkje julegåve, men bursdagsgåve til veninna til 11-åringen. Ho hadde ønska seg selbuvottar i lang tid, så då måtte ho jo få det.

Niesa vår på 8 år ønska seg òg selbuvottar, så desse låg i gåva hennar.

Vår vesle nevø på ca 9 mnd fekk seg ny gensar strikka i Smart. Eg fann ein liten frosk i korga mi, den passa fint på denne gensaren, tykte eg.


Då kan eg berre ynskje lesarane ei framleis god jul!

torsdag 15. oktober 2009

Bursdagsfeiringar og nye huer

I desse dagar har det mellomste barnet mitt runda 11 år. Tradisjonen tru er det to feiringar, ein for familie og ein med veninner. I forkant av familieselskapet var det mykje arbeid, her skulle det nemleg lagast tapas. Hanna er sjølv veldig engasjert, så ho hjelper til på kjøkenet så mykje ho kan. Her lagar ho små spyd med melon, oliven og spekeskinke.


Noko vi òg serverte var rullar med lompe, snøfrisk, røykjelaks, kvitløk og persille. Rikt på smak, og veldig godt.


Her er heile kjøkenbenken med mat.

Hanna skal òg ha selskap med veninnene sine. Ein dag eg var vekke på kurs, skulle ho og storesystra lage invitasjonar. Sidan skrivaren til dataen ikkje virka, var det berre å begynne å klippe og lime. Resultatet vart kjempeflott, tykte eg. Så då er det berre å glede seg til fredag då selskapet skal gå av stabelen.




Det har vore ei travel veke, men innimellom er det blitt litt strikking òg. Tvillingane trengde nokre nye varmare huer til vinteren. Dei fekk velje fargar sjølve, og ikkje uventa vart det rosa med litt attåt. Med Hello Kitty framme vart begge fornøgde.


Jentene er begynt å teikne ein del. Her har Nora teikna mor si. Eg syns det var ei sjarmerande lita teikning, så den må visast fram.