Viser innlegg med etiketten Gensar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Gensar. Vis alle innlegg

onsdag 22. januar 2014

Litt ymse spøt


Den siste tida er det ikkje blitt sydd noko, men derimot er strikketøyet med i ledige stunder. I jula blei det nokre par tovavottar, sidan har eg halde på med ein barnegensar og eit par labbar. 

Restegarnsgensar i 2-tråds merinoull frå Nøstebarn. Trudde eg skulle klare å bruke opp litt garn, men her er visst ein god del igjen på desse nøsta. Gensaren er strikka i str 4 år, men verka meir passeleg til ein 2-åring...


Labbar i alpakka-garnet Sterk. 

Sist helg var eg på besøk hos dottera mi som bur i Bergen. Då vart det besøk både på janus-utsalget og på Nøstebarn-butikken. Så no har eg mykje god ull i hus, som ventar på å bli "brukt".


Ha ein fin dag!







mandag 11. november 2013

Lenge sidan sist...



Det blir visst sjeldnare og sjeldnare mellom innlegga på bloggen her. No i haust har det vorte lite handarbeid, og det vesle eg har laga er nok blitt dårleg dokumentert. 
Her om dagen gjekk det opp for meg at det er under tre veker att til eg skal på messe og selge. Sjølv om eg har eit bra lager, likar eg å ha med meg litt nytt når eg reiser ut med tinga mine. Så difor må ledig tid prioriterast til hobby. Eg har allereide hatt meg nokre økter, og kan no vise fram litt smakebitar. 


Ei bestilling på bukse og genser, str 6 år



Kjolar i eit ullstoff som eg kjøpte i Krakow i fjor. Noko eg er litt usikker på, sidan eg ikkje har fått testa kvaliteten på stoffet. Men det kjennest bra ut. 

Kjole i ullfilt frå S&S. 

Her er det jentene mine som har fått seg kjolar. Må teste ut litt nye mønster, og då er det greitt å ha dei som prøvedukker. 


Babyhuer i merinoull frå Myllymuksut.



Bukse i babycord. Her planlegg eg genser til, men så langt er eg ikkje komt endå....



lørdag 27. april 2013

2 stk mariusgensarar

Då er endeleg begge mariusgensarane ferdige. Og vinteren er forhåpentlegvis slutt. Men varme gensarar kan vere kjekke å ha likevel, dessutan er desse rikeleg store slik at dei kan vare lenge. 

Eg tykkjer dette mønsteret med rundfelling er veldig greitt å strikke, lite montering når ein er ferdige. 
Desse gensarane er strikka i Sandnes Alpakka, så dei er skikkeleg mjuke og gode. Størrelse 10 år, pinnar ner 3 og 3,5. 

Måtte til med utefotografering i sola i dag - sjølv om vi snart begynner på mai er det lite knoppar og grøne tustar endå. Men med nokre fleire slike dagar som i dag kjem det seg vel etterkvart. 







Og så eit lite spørsmål til slutt: 
Når tvillingar er einegga, skal ikkje tennene vekse ut om lag samstundes på begge? Får tru tanna som manglar kjem snart :-)


Ha ei framleis god helg!

onsdag 10. april 2013

No var det jammen lenge sidan sist...

...Men alt står bra til likevel. Noko travelt har det vore i det siste, så hobby og blogging har ikkje vore øverst på prioriteringslista. Eg har ikkje noko plan om å slutte bloggen, så no må eg ta meg på tak å få liv i den igjen. 

Sist innlegg var før Treskifestivalen i Stryn. Vi reiste avgårde, men salet gjekk vel ikkje akkurat strålande. Nokre huer og eit panneband var alt. Salsboder inne i eit telt når sola strålar ute er vel ikkje heilt optimalt. Men no har eg no prøvd det. 

Noko av det eg selde var denne Space Invader-hua. Seinare har eg strikka ei til, og den har eg i lageret mitt. 


Tidlegare i år strikka eg ei grøn Pickles-jakke til eine tvillingen min. Systra måtte òg få, og den vart burgunderraud. Veit ikkje om eg vart heilt fornøgd - modellen var smal, og armane var veldig smale. Og det å bestille garn på nett, utan å få sjå fargane skikkeleg fyrst, ikkje heilt bra det heller. 


Fargen på desse bilda lyg. Raudfargen er djupare, men vanskeleg å få det sikkeleg på bilde. 


 Noko eg er meir fornøgd med er denne Marius-gensaren i alpakka-garn. Fantastisk mjukt og godt garn. Denne er òg til ei av tvillingjentene, og gensar nr. 2 er undervegs. 


 

Sist søndag hadde eg og veninna mi sydag - og prosjektet no framover vert å få opp lageret før sommaren, så får vi prøve å komme oss avstad på nokre messer. 

Bodyar med ulike mønster og glade fargar er som regel populært. 
Her er bodyar i str 68, 74 og 86. Hugsar ikkje heilt, men trur eg bestilte stoffa hos Fabelblå. 





To trøyer i "bygg og grav" stoff. Str 3 og 6 år. 




Så får vi krysse fingrane for at det ikkje blir nærmare to mnd mellom innlegga no framover, sjølv om det er mykje som skjer. Mykje spennande på jobb, barn nr 3 skal konfirmerast, og vi skal forhåpentlegvis nyte våren som no er i anmarsj. 

På gjensyn!

onsdag 22. februar 2012

Bukse, T-shirt og siklesmekker

Litt nytt frå symaskinene etter sist helg.


Ei langarma raglan t-shirt str 110, sydd etter mønster frå siste Ottobre.


Bukse omlag i samme størrelse, sydd av eige mønster.


4 stk siklesmekker i samme stoff.


Bil-interlock, kjøpt hos Sydilla, ribb og babycord frå Stoff og stil.




onsdag 25. januar 2012

Bursdagsgåve til fadderbarnet mitt

Sist helg fyllte niesa/fadderbarnet vårt 5 år. Til henne hadde eg laga dette antrekket, trøye med fiolar og "redesign" dongeribukse med lommar og ribb i livet. Eit matchande panneband vart det òg. Kristina er modell, sidan mottakaren er omtrent akkurat like stor.









Slike kroner har eg sydd nokre av i det siste, både til mine eigne jenter og til barnehagen eg jobbar i. Bursdagsbarnet måtte òg få ei slik ei, kanskje ho kan kome til nytte no når det snart er karnevalstid. Rosa paljettstoff på eine sida og gullstoff på andre sida, kan snuast etter behov.











torsdag 21. juli 2011

Feriestrikk

Då er vi tilbake etter nokre dagars tur til Trøndelag. På slike turar blir det ein del bilkøyring, og bra med strikketid både i bilen og elles. Endeleg fekk eg fullført rullegensaren til Nora, den har eg halde på med sidan begynnelsen av juni. Så greitt for samvittigheten å få fullføre prosjekt.




Ja då, tidlegare hadde eg eit mål om å alltid ha berre eitt prosjekt om gongen, men dette har nok sklidd ut. Eitt prosjekt på hytta, eitt "enkelt" til å ta med vekk eller til bilkøyring, plutseleg er det ei gåve som hastar litt +++, så ballar det på seg. Men nett no har eg berre tre - trur eg.





Rullegensar etter Nøstebarn si gratisoppskrift
2-tråds merino lammeull frå Askeladen, fargane rosa og bringebærrød. Str 8 år, litt stor til denne 5-åringen, men ikkje verre enn at det går fint.


Så då har begge tvillingane fått seg rullegensar. Desse er lette og mjuke, håpar berre jentene brukar dei når det vert kaldare. (Ei av dei er noko følsom for ull-kløing...)



Etter at gensaren vart ferdig, måtte eg finne på noko nytt. Hadde ikkje planlagt noko, men garn og utstyr er å få kjøpt, så det er veldig greitt. Inn på nærmaste Nille og kjøpe pinne nr 4, og grave fram noko i handleposen frå ein av stoppestadane på vegen, og så vart det kjøkenklutar.



Desse er strikka etter oppskrift på Husmor Marias kopptue.

Garntypane eg har brukt er Pt Helårsgarn, Rauma Oktett og Paris. Klutane vart veldig mjuke og gode, og oppskrifta er enkel og veldig grei. Eg har faktisk fått litt dilla, så eg ser ikkje bort i frå at det vert endå fleire slike...



På turen fekk eg sjølvsagt lurt meg innom diverse butikkar med garn og tilbehør, skal sjå om eg får laga eit innlegg om det ein av dagane.


mandag 4. juli 2011

Storfiskaren

Vi har hatt nok ei fantastisk hyttehelg. Denne helga vert nok ekstra minnerik, sidan mannen min har persa seg. I ein alder av 41 år har han fått si største fjellaure i dette vatnet, og det var no ei stor oppleving for oss som var med.


Den stolte fiskar med storfisken. Ved sidan av ligg mine småpinnar.



Og vekta stoppa på...


1,09 kg


Medan vi stod og fiska, kom ei ørn siglande inn over vatnet. Eg forbannte at eg ikkje hadde fått med meg det skikkelege kameraet mitt med det nye objektivet... Grr. På dette bildet teke med mobilen er ørna berre ein liten prikk... (Viss ein ser den i det heile tatt.)



No er det avslapping med dette utover kvelden. Rullegensar til Nora.



Ha ein fin kveld!



mandag 30. mai 2011

Rullegenser

Den siste tida har det skjedd mykje, og det har vore mindre tid til handarbeid. Men no er endeleg denne gensaren til Kristina ferdig. Det er ein rullegensar etter gratisoppskrift frå Nøstebarn.



Garnet er 2-tråds lammeull frå Nøstebarn, fargane lilla og oransje. Angrar litt på at eg ikkje strikka 3 omg lilla+ 2 omg oransje, men no blei det 2+2. Størrelse 8 år til 5-åringen min.





Ein relativt tynn ullgensar kan vere fint på kjølege sommardagar. Her på vestlandet bør ein ikkje pakke vekk ullkleda sjølv om ein er i slutten av mai.















Ha ei fin veke!


onsdag 25. mai 2011

Rekreasjon

Sist helg var ei skikkeleg ruskeveirshelg, og vi hadde diverse å gjere heime. Men søndag fekk eg meg ein tur opp i dalen, fyrst åleine, sidan kom småjentene. Det er så godt å ha litt tid for seg sjølv, fiske litt, strikke ein god del, og elles slappe av.


Fisk vart det ikkje. Ein lokalkjend kar som har meiningar om alt seier det er for kaldt i vatnet endå. Nysnø i fjella og greier, så han har vel rett.




På strikkefronten fekk eg komt skikkeleg i gong igjen med ein gensar som har lege på vent no medan vi har styrt med konfirmasjon og 17. mai og slikt. Arm nr 2 ferdig og raglanstrikket påbegynt.



Dette skal bli ein rullegensar til Kristina, greit med ullgensar om sommaren òg, viser det seg. Greitt med ein som ikkje er altfor tjukk då.