Mitt lappeteppe,
det er samansatt av mange små bitar frå alle delar av livet.
Blir teppet lyst? Blir det mørkt? Er det i raude tonar, gult, melankolsk blått, i allefall ikkje svart.
Det kan ha bitar av grått, andre utvaska mønster og falma fargar.
Men det er desse bleike bitane som gjer at dei lyse og klare fargane blir endå meir skinande og glade!

Det er mitt lappverksliv.

Viser innlegg med etiketten Scrapping. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Scrapping. Vis alle innlegg

mandag 1. oktober 2012

Hildrescreppene 21. og 22 september

I alt 30 damer var samla på Hildre under haustens
screppetreff. 
Fristelsane som Familieminner tilbydde var store,
 og kursa var kjempespennande.

KURS
Det første kurset eg var med på
laga vi esker til sjokoladeplater og esker.
(Øverst)
Det andre kurset traff rett i hjarterota:
Art Journal.
Her var det leik med farger, sjablonger, 
stempel og utklipp frå blader.

tirsdag 15. mai 2012

EPLA BUTIKK


Har lagt ut nokre kort på Epla.
Gå inn HER og ta ein titt, 
blir ikkje lei meg om nokon handler heller.

mandag 9. april 2012

Dekorering av album

Har pynta litt i albummet.
Ettersom eg er hekta på sommerfuglar,
er det det heile albumet handlar om.
 

 Har prøvd å lage ein blomster,
nesten vellykka gitt.

 Har funne små dikt, sanger og "kloke ord" om sommerfugler.
Her er eit lite utdrag frå Erik Byes "Vår herres klinkekuler",
der poden blir distrahert av ein sommerfugl som streifer brynet hans,
og han gløymer alle klodane.

Og litt hund.

søndag 18. mars 2012

Eiga bok

 På laurdag var eg på 
Scrapping Kafè
Anita Hildremyr kom og lærte oss å lage

Det er vel nokre som blir dritlei, men....
eg er hekta på
SOMMERFUGLAR

 Dei kjem som stempel, puncher og andre former.
Umulig å stå imot.
 Vi har dekorert kartong med ønska papir,
og no er det å pynte, finne tekst og velge bilder ein vil ha inn i.




tirsdag 13. mars 2012

Screppetreff


Susann, Kristin og Hilde
organiserte atter ein gong eit supertreff på Hildre.
SUPERSCRAPPER!

Tilsaman 33 scrappera var samla.
18.00 til 24.00 fredag
10.00 laurdag til 02.00 søndags morgon

 Men heldt berre til 24.00 laurdagen.
Bra det og.
 Frå pulten min,
Innfelt, frå eine av to "godtebutikkar"!

KORTKURS
FAMILIEMINNER kom å haldt tre kurs 
(og hadde butikk, også Brattvåg Bok & Papir var og der).
Eg blei inspirert og lærtr tre nye teknikkar.

Under:
Mitt eige uttrykk på det eine kortet.


 Sommerfugl og blonder
 
 Fekk ein bit blonde med
Marit, og den passa perfekt


 Sommerfuglen er stansa ut. Og den vart innkjøpt 
på dette treffet.
Litt må ein no unne seg!


 Inne i kortet er det sudoku, 
med løysninga på ein tag gøymt i ei lomme.
Har og brukt sommerfugel-stempel.
Er litt hekta på desse :-/

ENGLEKORT
 Engler er inn i tida,
så dette er mitt bidrag.


 Passer vel godt til ein engel dette!

søndag 27. februar 2011

onsdag 16. februar 2011

Scrappingtreff på Hildre

Fredag 11. feb, kl 18.00 til 24.00
Laurdag 12. feb, kl 10.00 til 02.00 søndag

KJEMPEKJEKT

11 screpper samla rundt borda på Hildre kulturhus.
Og det er ikkje mykje av bordplatene som synest.

Egentleg mangler det ikkje så mykje trur eg!!?

Laurdag måtte vi ha eit lite avbrekk med pizza.
Ellers var det kaker og kaffi å få.

Oppbevaring.
Frå fult kaos til systematikk.
Eg var heldig og vant ei oppbevaringsboks,
gitt av Familieminner,
i utloddninga under treffet.

Litt av det som blei skapt under treffet!

Takk til damene som sette dette i sving,
og gleder meg til neste gong (september?)