Viser innlegg med etiketten Books. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Books. Vis alle innlegg

lørdag 28. juli 2018

More babyquilt, knitting, nature and good reads!

An amazing summer! Some sewing and reading in this blogpost. 


Dette har vore ein utruleg sommar kva vedkjem veret! Varme dagar heile tida, ein og annan dag med litt regn, burde sjølvsagt vore mykje meir sett ut frå plagene i jordbruket og den forferdelege skogbrannfaren. Eg har vore ille plaga av eit gnagsår som starta lite og blei stort og betent...så dermed blei det stogg i fjellgåinga nokre veker. 

Endå eit babyteppe blei laga og overlevert. Dette er meir i vognteppe-storleik. Koseklut høyrer med.


 Eg tok meg på tak og strikka ferdig kanten rundt Løvli-sjalet. Sjalet blei kjempefint, tykkjer eg. Eg har brukt lamull frå Rauma. Litt usikker på om det burde vere endå meir strekt/blokka.



Ein forsinka gjebuspresant frå Hilde, garn frå Hillesvåg! Dette er det mest eksklusive og gode bomullsgarnet eg har strikka i, trur eg.


Vask av golvteppe er ein typisk sommaraktivitet... Vi har hatt skikkeleg opprydding i år. "Mørkeloftet" har blitt tømt for gammalt skrot, og helst vil ein ha total oversikt og system i heile huset på ein gong. DET går ikkje. Dermed blir det litt uryddig over alt ein periode.

 

Juli månad har vore "staycation". Veret har vore alldeles nydeleg, og sidan eg har vore heime, har blomane fått jamnt med vatning og stell.










Ein kveld kom litt regn...

Frå lufteverandaen vår har vi fin utsikt, både rett bort i furukronene, men og over fjorden. I tillegg er det nordvendt, og ikkje så gnalljande hett som på sørsida av huset...






Storytel


Det viste seg at "Svenska gummistøvlar" er eit fritt framhald av "Italienske sko" som kom ut ca. 10 år tidlegare. Ja, dermed måtte eg høyre også denne boka. Det var litt merkeleg, ettersom eg då visste kva som skjedde med dei forskjellige karakterane... Men boka er fantastisk, innlesen på originalspråket!


"Italienske sko" av Henning Mankell


Jan Guillo sin slektskrønike held fram. Eg høyrer no på bok nr. 6 av til no 8. Storytel kom med denne boka for nokre dagar sidan. Boka er litt forvirrande i starten sidan "eg-personen" er eit barn som fortel til tanta si, som var hovudfigur i Blå stjerne. Dette gjekk opp for meg etter kvart... Men det er veldig bra at det kjem små flashbacks undervegs, som gjer at ein hugsar gangen i forteljinga.  Denne serien høyrer eg på norsk.
Særleg denne boka kan minne om Ketil Bjørnstad sine bøker frå midten av 1900-talet og utover.


  Her  er eit intervju med forfattaren, der han mellom anna framhevar det som eg har tykt har vore mest interessant undervegs. Det gjeld dei 2 verdskrigane, som blir skildra frå ein heilt annan synsvinkel enn vi er vane til frå historiebøkene  frå sigerherrane si side.

Her er ei kort omtale av boka.

Ekte amerikanske jeans av Jan Guillou (Nedlastbar lydbok)

fredag 13. juli 2018

Baby quilt and more Storytel!


Self composed baby quilt for my new grand niece. Scrappy quarter log cabin blocks. Flannel on the back. On purpose not so much quilting, I wanted a fluffy feeling.  Very satisfied!



Blomar som trivast akkurat no.







Meir Storytel

To bøker der eldre menn er hovudpersonar, ein treng kanskje ha ei viss livserfaring før ein set pris på denslags... uansett set det i gong refleksjonar eg trur ein har godt av.

Stoner av John Williams, "eit lavmælt meisterverk", meisterleg lese av Kim Haugen. Må berre anbefale!

MAGISK: – Det er ikke godt å si hva det er ved denne boken som griper fatt i deg. Som all stor litteratur rommer den noe udefinerbart – ja, noe magisk – som du hele tiden fornemmer uten helt å klare å sette ord på det, skriver VGs anmelder Tom Egeland om John Williams roman «Stoner» fra 1965.

Svenske gummistøvler av Henning Mankell

Denne perla av ei bok, Mankell si siste, høyrer eg på framleis, innlesen på svensk. Må berre anbefale!

mandag 9. juli 2018

The Japanese Lover...

This is a long blog post about a great novel, some sewing, some excursion in our area, and some flowers. I've heard the expression "staycation", which I think is how I spend part of the summer vacation. My vacation lasts for the whole summer, while my husband's doesn't start until last week of July. There are so many things to do during staycation, i.e. explore new places in the surroundings, make some "Marie Kondo-clean-up", gardening, sewing, workouts, hiking, watching good series on Netflix (Foyle is my favourite at the moment), looking after  daughter's dog, you name it...all this without panicing that everbody else go abroad for at least one or two weeks..you know..

Link til Bambisyr, visa och beretta og Love, laugh Quilt, Monday making.



Isabel Allende si bok Den japanske elskeren er ei bok eg varmt kan anbefale. På ein måte er det ei feelgood-bok, ein sjanger eg ikkje er spesielt begeistra for. Likevel er dette av eit anna kaliber enn den vanlege kiosklitteraturen. Allende er berre heilt fantastisk i sin forteljemåte! Gå gjerne inn på lenka og les omtala.

Eg abonnerer på Storytel i sommar, og i påvente av at bok nr. 6 i Jan Guillot-serien skal kome der, kom eg tilfeldigvis over denne perla. Ho blir lesen på engelsk, noko som i seg sjølv gir ein ekstra dimensjon til opplevinga. Eg ser forøvrig at Fabel, ein annan  lydbokapp (gratis i 1 md), har boka innlesen på norsk.

Storytel er veldig brukarvennleg, og for folk som høyrer lydbok i senga, er der innstilling for kor lenge ein vil at lesinga skal gå før den stoppar....Bøkene kan høyrast om dei er nedlasta eller ikkje.

Frå syrommet

Eg høyrer mest bok på syrommet. Her viser eg nokre fleire løparar/brikker eg har laga.No har eg brukt opp alle Tilda-bitane, og ein god del av Camille Roskelley-bitane. Desse går altså ut av "sortementet" mitt.
Det er eigentleg litt rart at av alle mønster, blad og bøker eg har, så likar eg best å improvisere, la det bli til undervegs, slik som her. Her har eg brukt twisterlinjalen, ein av dei få linjalane eg faktisk bruker ein del (ut av haugen eg har i skuffa).
Det er altså stort forbetringspotensiale på mange frontar her!
Kathrine freista med low volume-stoffpakke og artig putemønster. Skal tru om mønsteret vert brukt?



Tur i Eid kommune med utsikt til Gloppen kommune!

Her om dagen var ei god veninne og eg på kombinert hyttetur og utflukt. Vi køyrde over Hundvik-fjellet og heilt ned til fjorden på andre sida, Hundvika. På bilete nr. 1 ser vi inn til Hestenesøyra. Nr. 2 viser Skeistranda, ei veglaus grend der det framleis bur eit par menneske, der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Over denne grenda er Skjæringane, fjellrekkja aust for Gjegnen som vi ser så godt frå hytta i Remmedalen. Vilt og vakkert, ja. Gjegnen ser vi ikkje frå Hundvika, men til gjengjeld Bukkenibba. I Hundvika bur ein del menneske, og det er berre utruleg med den vegen på vinterstid!




Litt blomar frå platten heime. 
Rosa i midten er den einaste vi har, bortsett frå Rosa Rugosa. Her er ikkje eigna til roser. Men denne har no overvintra i 2 år i same kassa på platten. 





mandag 25. juni 2018

Tilda runners and some books.

I have made a couple of small runners with Tilda fabrics. 

Her er eit par løparar eg har sydd i går og i dag. Når eg får ferie, slappar eg gjerne av på syrommet nokre dagar med lydbok attåt (sjå omtale under).  Løparar lagar eg gjerne etter innfallsmetoden, improvisert. Eg hadde ein bunke Tilda-kvadrat liggande, og no er dei nesten brukte. 
Desse løparane tenkjer eg å ha til gåver til nokon nokon som likar den romantiske stilen.

Link til Bambisyr, visa och beretta og Monday Making.




Her er 20 eks. av Love Patchwork and Quilting. Eg har hatt veldig mykje glede av desse magasina, sjølv om eg ikkje har laga så svært mykje herifrå. No ryddar eg, og sel gjerne unna til 30 kr stk. 


Bøker til å bli oppslukte av! 

Brobyggerne av Jan Guillou (Innbundet) Her er omtale av starten på serien.

Denne krøniken er underhaldande og lærerik. Eg held på med bok nr. 5 av førebels 7  i serien om familien Lauritzen. Storytell er tingen når ein syr eller går tur, eller står på kjøkkenet for den saks skuld. Anbefalast!

mandag 9. april 2018

Improv, scraps, play...




 This cushion is Victoria Findlay Wolfe's pattern from her book Modern Quilt Magic.

I påska blei det litt jobbing med avskjæra mine. Eg slit med å finne eit godt norsk ord for scraps...
Uansett, eg har store mengder avskjær i posar og boksar både her og der. Dei eg har teke føre meg, er dei nyaste. Det er litt artig å sjå kva typer stoff og fargar eg har brukt mest, og kva som nesten er fråverande... Eg er blitt meir og meir begeistra for å blande inn einsfarga stoff (solids), dei framhevar fint mønstra stoff. Eg likar og veldig godt å improvisere, legge vekk linjalen, og riktig kose meg. Det er mindfulness av god vare!


Link to Oh Scrap!
Link to Monday Making

Modern Quilt Magic


 Something old and something modern... 



Improv, slabs, playing, learning new skills...


 Blocks made from scraps and no ruler until the final cuts...










Sorting some scraps by colour







This book from Cindy Grisdela is very informative and full of inspiration!

Artful Improv: Explore Color Recipes, Building Blocks & Free-Motion Quilting