Eg fekk denne æresbevisninga av Marie, som eg blei kjend med for ei lita stund sidan på blogg, og som har slike fine visdomsord og flotte naturbilete på bloggen sin. Hermed utnemner eg følgjande 5 bloggarar til Rockin' Girl Blogger (det er sjølvsagt opp til deg om du vil halde fram å nominere):
Nr. 1: Juliann, som bur i barndomsbygda mi, som eg tok norsk grunnfag saman med for 6 år sidan (!), som er kjempekreativ og sprudlande, som er glad i pelargonia og hestar, som har vore med på Round Robin i USA, som held styr på heimesida til NLQ, som kom med løysinga i konkurransen min denne veka, og i tillegg truleg får ekstrapremien for namneforslag!
Nr. 2: Gimpelise på Hobbyboden, som var så tøff å besøkje meg i sommar. Tenk å møte eit bloggbekjentskap for første gong, det er spennande! Dessverre hadde ho ikkje så god tid, men kontakten var der så absolutt, og vi hadde sååå mykje å snakke om (mellom himmel og jord), ikkje berre handarbeid. Denne jenta er dessutan veldig hjelpsam på heklefronten, jamfør Granny Ripple-teppet mitt, som ho starta along med på Hobbyboden.
Nr. 3: Timotei, som har ein nydeleg blogg, likar Lise Bergene-mønster slik som eg, som besøkjer bloggen min jamnt og trutt og skriv kjekke kommentarar (det likar eg, sjedu)!
Nr. 4: LilleMø, mitt eldste tantebarn, ei utruleg tøff jente, som omsider( etter press) kom ut av bloggeskapet. Ho inviterer storfamilien + til verdens beste minestronesuppe og familiequiz kvar romjul, og er elles ikkje redd for utfordringar av noko slag. Ho har ei sinnsro eg misunner henne!
Nr. 5: Ingunn, som har kjekkaste butikken på Eid, og som er ei sporty, kreativ og hjelpsam dame. Ho har heimeside, som fortel om verksemda hennar. Vi ventar på blogg, men kanskje det er viktigare at ho nyttar tida til å sy opp modellar til butikken, til glede og inspirasjon for alle oss hine som frekventerer den koselege butikken i Eidsgata. Ho har klemmekrok utanfor butikken, tenk det!!
No er det sikkert mange som er skuffa fordi dei ikkje kom på lista, det er ikkje vondt meint!