Viser innlegg med etiketten Undertøy. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Undertøy. Vis alle innlegg

22.07.2016

Gute-underbukser

Eg har sydd noko underbukser tidlegare, men etterkvart kjøpt truser fordi tidsbruken pr. truse er litt for høg. Men nå har eg sydd underbukser igjen, fordi mottakaren av desse synest at strikket i kjøpe-underbukser er for stramt. Eg fann mønsteret i Ottobre nr 1, 2013. Mønsteret er greitt, men eg har smalna det litt inn bak. Dessutan syr eg med dobbelt stoff i gylfen, eg synest å hugse at det var enkelt stoff i mønsteret. Og så brukar eg FOE (foldover elastic) i staden for kva nå eit strikk det eigentleg skal vere i mønsteret.

Her er prototypen (glimrande prosjekt for restestoff Smile):

19.09.2014

Truser må ein også ha

Mønster: Teikna av kjøpetruse
Stoff: Diverse restar av bomullsjersey. FOE 5/8” brei, frå Ebay.

11.11.2013

Stofflager i katabolsk fase. Og litt om det å sy ein stygg saum.

I kroppsleg samanheng tyder katabolsk “under nedbryting”, dvs. at kroppen tærer på seg sjølv. Slik er det med stofflageret mitt for tida. Eg har hatt kjøpestopp sidan i fjor sommar, med unntak av jersey-innkjøpa denne sommaren. I det siste har det faktisk blitt synleg at lageret blir mindre, og det gjev ei god kjensle. At ikkje stoffa blir liggande ubrukt for alltid… Det motsette av katabolsk er forresten anabolsk, eit ord du sikkert har høyrd…

Det har samla seg opp ein del småbitar av stoff, og jerseybitar kan til dømes brukast til å sy underbukser av!

Raud sikksakk og vinglete, lilla coversaum?? Det var jo ikkje akkurat så fint? Nei, men det går bra likevel! Eg berre brukte dei trådane eg som stod i maskina, eg, sydde i full fart. Hadde ikkje gjort det slik om dei skulle selgast, men desse skal ikkje visast fram for andre enn oss i heimen. Og vi skal nok tåle det.

Eg har nokon gonger i saum-samanheng møtt menneske som krev av seg sjølv at det dei lagar skal vere perfekt, og det fører til at dei ikkje lagar noko i det heile tatt.

Eg sjølv er også nøye av meg, men tenkjer av og til at eg må øve meg i å ikkje gjere ting for nøye. Som å tåle at ein saum er skeiv. Rundt perfeksjonen lurar fleire farar, der manglande gjennomføringsevne er ein av dei meir alvorlege, men nok ikkje så hyppig slik det er omtala i avsnittet ovanfor. Men kva med tidsforbruk for å gjere ting så perfekt ein kan? Blir det misbruk av tid? På den tida eg bruka på å rette opp dei små og eigentleg ubetydelege feila eg gjorde på genseren, kunne eg rukke å sy ein genser til…  (Eller gjort noko heilt anna, lest ei hyggeleg bok med barna, til dømes?)

Balansen mellom godt resultat og tidsforbruk. Eller skal vi seie godt nok resultat. Verdt å tenkje på, synest eg.

Og, om du er blant dei som krev at alt du syr skal sjå perfekt ut på innsida så vel som utsida; kva med å sy deg ei underbukse med skeive saumar og “feil” trådfarge? ;-)

Kom gjerne med synspunkt, forresten :-)

This post is about the balance between the strive after making something perfect and the dangers around the corners. Like spending way too much time on a project. Or being so afraid of not doing perfect that one finds it better not to try at all. Issue worth thinking about, I think. Sometimes I think that I need to practice once in a while on doing things not perfect, just to save time that can be spent in a better and more appropriate way ( like sewing more garments, or spending quality time with my children) and learning to cope with the fact that everything I  make can’t be perfect.

03.08.2012

Underbukse-dilla, nå også underbukser til gutar og damer…

Før vi reiste på ferie hadde eg i allefall dilla… Eg fekk ikkje blogga om trusene då, for dei fleste var bursdagsgåve til to tantebarn, og eg kunne jo ikkje røpe kva dei skulle til bursdagen ;-)

DSC_0582

Underbukser til nevø: Eg samla alle ulike typer underbukser eg fann i skåpet til femåringen i huset, og teikna mønster. Snegle-underbuksa var prøveunderbukse og blei ein del for stor. Men dei andre tre blei bra. Det såg ut til å vere felles for fleire kjøpe-underbukser at strikket var 80% av barnets livvidde (eg hugsar ikkje om eg fann mål i Aldrich eller Haugsand si bok), og vidda på bokseren 93% av barnets hoftevidde.  Midt framme er det dobbelt lag stoff. Eg spurte mannnen min om det er viktig å ha dobbelt stoff framme på guttetruser, og fekk til svar at “det blir alltid litt vått der”. Aha, naturlegvis, då er det nok greitt med dobbelt stoff ;-)

Systera fekk også truser, og i samme slengen sydde eg opp nokre til mi eiga jente òg. Dette er samme trusemønster som tidlegare, teikna av truser eg fann i skåpet.

DSC_0574

Og då vi kom heim frå ferien, var det mammaen og vår felles svigerinne sin tur til å ha bursdag, så eg prøvde meg på truser til dei også, eg. Mest for moro skuld, eg fann fort ut at det ikkje lønner seg å sy trusene sine sjølv… Mønsteret til desse fann eg i Ottobre, men eg gjorde ein del endringar.

2012-07-25 13.26.32

Strikk i “bein-opningane”: På desse sydde eg FOE (foldover elastic) fyrst på på vranga, kant i kant med saummonnen med overlock-saum. Bretta deretter strikket på langs mot vranga og sydde over med cover-saum frå retta. På førehand hadde eg målt opp strikket og nåla det grovt på trusa (NB: Eg nålar alltid på langs dei gongene eg nålar før overlock-saum, aldri på tvers der kniven skal gå. Å køyre over ei knappenål kan fort kome på ein del hundrelappar i knivbytte, har eg erfart…) Lengda på strikket var, tja, kanskje 70% av omkrinsen rundt beinet på trusa (Tok det på gefühlen, men sørga for at det var lik lengde i kvart bein).

Stoff og tilbehør:

Sneglejersey frå Znok Design, Apejersey og biljersey frå Stoff og Stil. Siffer-jersey frå Mjuka tyger? Jersey med maskiner og skyer frå JNY Design, astronaut-jerseyen er kjøpt hjå Textart.no, og designa av Johanna Ahlard (som har designa fleire av stoffa her). Jerseyen i dametrusene er også kjøpt hjå Textart.no

I alle trusene er det brukt 5/8” FOE kjøpt på Ebay.

24.06.2012

Rosa tema, del I: Fleire jente-underbukser

DSC_0474lys

Treåringen treng fleire truser til ferien, når vi ikkje har tilgang på vaskemaskin heile tida. Eg spurte henne om ho likte best vanlege truser eller bokserar. Ho var klar på at det var bokser-underbuksene som var best. Så då blei det tre nye av dei!

Om nokon lurar på kva for fasong dei tre (fire) ulike delane på underbuksa har, kan dei studere bileta under:

DSC_0470

DSC_0471

DSC_0472

Det er ein fjerde del, og det er det indre laget i kilen. Den har samme fasong som kilen, men er mellom 1 og 1,5 cm smalare på kvar side. (Festast berre i saumane til framstykke og bakstykke)

Eg har montert heile underbuksa og sydd på strikket til slutt for å unngå klumpete saummonn. Ikkje det aller stiligaste, og i etter å ha sydd desse, kikka eg litt nøyare på kjøpe-bokseren, korleis dei har gjort det der. Neste gong skal eg vente med å sy den siste sidesaumen før eg syr strikket på, og så sy strikkendane inn i sidesaumen.

DSC_0473

Fargen på dei prikkete underbuksene ser forresten ganske raude ut, medan dei eigentleg er meir pink. Eg har ikkje skjøna meg heilt på kameraet ennå…

Mønster: Knock-off… (Teikna av ei kjøpe-underbukse)

Stoff/tilbehør: Apejersey frå Mjuka Tyger/Johanna Ahlard. Prikkete jersey kjøpt frå Ixat i Sør-Korea. FOE kjøpt på Ebay.

18.06.2012

Jenteunderbukser

Bleieslutt krev underbukser. I starten kan det til og med vere greitt med nokon ekstra på lur. Eg fann ei underbukse med god passform i klesskåpet til jentungen og teikna av, og resultatet i kveld blei desse to:

DSC_0424

Når ein har coverstitch-maskin, er denne typen underbukse veldig rask og grei og sy: Eg syr kilen fast i for- og bakstykke fyrst, deretter legg eg opp  nedst, syr så sidesaumane, og syr på strikk til slutt. Eg sydde ei fyrste test-utgåve rett før helga, og på den brukte eg farga strikk frå Stoff og Stil, 1 cm breitt, litt grovt strikk. Men i dag kom eg på at eg har liggande masse foldover elastics (FOE), og det fungerte supert. Eg har sydd FOE’n på ubretta. Eg er litt spent på om det vil brette seg i vask, men eg trur eigentleg ikkje det.

DSC_0426

Stoff og tilbehør: Kvit/raud/grønn jersey frå Stoff og Stil. Apejersey kjøpt i Hjørring, trur eg. 5/8” brei FOE frå Ebay.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...