Viser innlegg med etiketten brød. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten brød. Vis alle innlegg

tysdag 2. november 2010

Byggbrød

I går baka eg brød etter oppskrifta på baksida av byggmjølpakken.  Eg følgde oppskrifta nesten slavisk.  Det vil seie eg brukte mindre vatn enn 1,8 dl til 2 kg mjøl.  Sjølv om eg etterheva i over ein time, sprakk brøda mine litt likevel.  Det gjer kanskje ikkje så mykje.

Elles heva brøda omtrent som vanlege grovbrød.  Smaken var heilt grei.  I framtida vil eg nok blande litt fleire kornsortar i grovbrøda mine.  50% grovt er litt lite til kvardags, meiner no eg.

laurdag 30. oktober 2010

Laurdagsloff?

For tida bakar vi fletteloff i mat og helse.  Elevane vel sjølve kva slags flette dei vil lage.  Dei fleste prøver seg på seksfletta til høgre.

Viss de vil sjå ein som er flink å flette, kan de sjekke her.

Oppskrifta under er til ein loff, skriven for ungdomsskuleelevar.
Doble gjerne oppskrifta ...

Fletteloff
½ pk gjær

1 ms margarin
2 dl mjølk
½ ts salt
1 ts sukker
ca 5 dl kveitemjøl
1. Del gjæren opp i ein bakebolle.
2. Smelt margarinen i ei panne. Ta panna til side og tilset mjølk,blandinga skal vere fingervarm/37 grader.
3. Slå blandinga i bakebollen og rør ut gjæren.
4. Rør inn salt (og sukker).
5. Tilset kveitemjøl og elt deigen glatt og jamn.
6. Dekk bakebollen med lok/arbeidstallerk/plast og lat deigen heve til dobbel storleik.
Utbaking:
7. Set steikeomnen på 220 grader.
8. Du kan no velje om du vil flette 6-flette eller ei tjukk 3-flette med ei tynn 3-flette på toppen.
9. Hev fletteloffen til dobbel storleik,ca 25 minutt.
10. Steik fletteloffen i 20-25 minutt.
11. Avkjøl brødet på rist.

måndag 25. oktober 2010

Lever enno!

Blogglesarane trur kanskje eg har drepe surdeigen min.  Det har eg ikkje!  Eg har tvert imot delt han, slikat eg no har ein lys og ein mørk.  I staden for å lage to, fora eg den eine med kveitemjøl og den andre med sammalen rug.  Innimellom set eg deigane i kjøleskåpet for så å ta dei fram nokre timar før eg vil bake.

Brødet på bildet bakte eg fredagskvelden og serverte det til ostefatet laurdag.  Det var ein loffdeig med ca 1/4 sikta rug i.  Til 7 dl væske brukte eg ein stor pakke tørka jordbær og ein pakke valneter.  I tillegg putta eg i nokre rosiner og eit par matskeier maltekstrakt.  Tørka jordbær har eg ikkje smakt før.  Det smakte godt, men eg liker betre aprikosar. 

onsdag 13. oktober 2010

Sleit med å lyde

 Då eg kom heim i dag hadde yngstemann laga pizza.  Det passa godt, så fekk eg bruke tid på å lage frukt- og nøttebrøda s. 73 i Schakenda si bakebok.  Eg trudde eg hadde alle ingrediensane i hus, utanom graskarkjernar som eg ikkje fekk tak i.  Men valnetene som eg trudde eg hadde, var det heller ikkje råd å finne.  Det vart til at eg tok meir av vanlege neter.  Frukta var eg og raus med.
 Ein annan ting eg lurte meg til, var å ha vatnet litt varmare enn rett frå springen, kanskje 20-25 grader.  Med 200 g surdeig og 1/2 pk gjær heva faktisk deigen seg opp til kanten på ein time.
 Eg forma brøda.  Dei fekk stå og heve ein time medan eg  var på butikken og kjøpte mellom anna ost, druer, mandarinar og pærer.
No står det berre att å smake på dei!

tysdag 12. oktober 2010

Futt og fart!

 Då ser de tydeleg at det er futt i surdeigen.  I dag kom eg seint heim, og eg skal ut på tur, så bakinga får vente til i morgon.  Det er ikkje så mykje arbeid med bakinga.  Ein lagar raskt ein deig medan ein kokar middag, men ein må vere der å passe på.  Dersom eg held fram med å bake på denne måten, så vil eg nok lære kor lang tid det tek.
I morgon håper eg å kome sterkt tilbake!

P.S.
No har eg altså ferdig surdeig, så om nokon på Hareid har lyst på ein bit, er det berre å gje meg eit vink.  De veit kvar eg er på dagtid, og om ettermiddagen skal eg ha meg ein snartur på butikken ...

måndag 11. oktober 2010

Der det er liv, er det håp!

Det er spennande med surdeigen!  Eg har tru på at eg skal få det til denne gongen.  Målet er å lage frukt- og nøttebrødet side 73.
Dette bildet har de sett før.
Dagen etterpå hadde deigen heva seg i den minste Espelidbollen.
Deigen fekk heve i eit glas denne gongen.  Eg vog opp ingrediensane, dei ca 100 g sikta rug  som eg let vere akkurat 100 g, var nok litt i meste laget.
Men den litt for faste deigen såg og lukta akkurat som han skulle.  Legg merke til mi nye oppfinning: Ein strikk for å halde plastfolien på plass.

I morgon skal surdeigen vere klar til bruk.  Schakenda skriv to stader 1-2 dagar.  Eg trur ein dag er nok på mitt kjøken der det sikkert er godt og varmt på dagtid.  Men ein treng ikkje bruke surdeigen den dagen den er ferdig, slik eg forstår det kan det vere ein fordel å "friske han opp" ein ekstra gong.  I morgon er eg truleg heime berre eit par timar om ettermiddagen, så bakinga får vente. 

torsdag 29. juli 2010

Banan- og honningbrød

... eller gjer som Jamie

For nokre dagar sidan kjøpte eg nokre bananar i ein pose til 10 kr.  No hadde dei sett sine beste dagar.  I Jamie si kokebok fann eg ei oppskrift på bananbrød som eg fekk lyst å prøve.  Eg brukte foodprosessor og kjøkenmaskin.  Hevinga gjekk litt treigt, så i oppskrifta under anbefaler eg ein pakke fersk gjær.  Eg sette bollen på vekta og vog opp ingrediensane.  Spesielt med flytande honning synest eg det var praktisk.  Eg hadde i eit egg då deigen min vart litt fast.  Eg var og freista til å ha i litt smør, men heldt meg.

Eg starta med å hakke "ein neve", med meg vart det 125 g mandlar, i foodprosessoren.  Deretter mosa eg 6 bananar til dei vart ei suppe.

1 pk gjær
ein neve mandlar, kan sløyfast
6 1/2 dl mosa banan +vatn
60 g flytande honning
1/2 ss salt
(1 egg- mitt påfunn)
ca 1 kg kvitemjøl
---
honning til toppen

Bland alt i kjøkenmaskina og lat ho gå til deigen er glatt og fin.
Hev til dobbel storleik
Form 10 bollar (eg laga 12)
Legg dei tett i ei form.
Hev til dobbel storleik.
Drypp honning over brøda.
(Her kunne eg ha vore rausare.)
Steik ved 200 grader i 20 minutt.

onsdag 7. juli 2010

Kveldsmat

Under mottoet "uansett ver, det er alltid noko å gjer'", har vi no vaska kjøleskåpa og rydda i matboda.  Frysarane er litt for fulle enno. Vi hentar mest muleg mat derifrå, og så satsar eg på at det vert ein gråversdag seinare i sommar. 

Det same skjer kvar gong eg vaskar kjøleskåpet, det dukkar opp mange eksemplar av same vare.  Eg meiner eg veit kva eg har, og kvar eg har det, likevel greier alltid noko å snike seg vekk.  I går fann eg ikkje mindre enn seks glas med oliven.  Så no har vi hatt focaccia to dagar på rad.  Brøda vert større for kvar dag.  I dag laga eg deigen i Kenwood-maskina med 7 dl vatn.  Då vert brødet stort nok til kveldsmat.  

Oppskrift finn du her. 

måndag 31. mai 2010

Brød

Når ein arbeider heime med stillesittande arbeid, kan det vere godt å lette på seg av og til.  Då passar det bra med brødbaking.  Dette flate brødet laga eg på same måte som focaccia.  Eg hadde olje på deigen og trykte det ut med hendene.  Etterpå ruta eg det opp med deigskrapa. Dette er ein lettvint måte å lage småbrød på. I dag hadde eg solsikkefrø og havregryn i deigen.

Så fall eg for freistinga å lage ein focaccia. Den står i omnen no. Studenten kjem fram i halv tolv tida i kveld.  Han har vore i hovudstaden i helga på ACDC-konsert. Han kjem nok til å gjere eit innhogg i yndlingsbrødet sitt.

måndag 24. mai 2010

Dagens focaccia

Utgangspunktet for dagens focaccia var eit fetaostglas tomt for fetaost, men med ein del olje att.  Oljen gjekk i brødet.  I staden for å spreie olivenane utover brødet, fann eg ut at eg kunne lage eit brød med halvparten oliven, rosmarin og salt og halvparten berre rosmarin og salt.  Så kan folk ete frå den enden dei vil!

Rosmarinen smakar kjempegodt når han får tørke oppå brødet.  I dag serverte vi ost attåt til kveldsmat.  Elles er dette godt suppebrød.  Oppskrift finn du her.


måndag 3. mai 2010

Brød med baktanke

I går laga eg dobbel porsjon, d.v.s. ca 5 l minestronesuppe.  Eg fann ut at med eit godt brød attåt, ville der kanskje vere att til i dag.  I staden for å lage groper med olivenolje i, putta eg heile oliven i foccaciaen Ingen var skeptiske her, og det brødet som ikkje forsvann til middagen, var i alle fall vekk før kveldsmat!  Frisk rosmarin vert nydeleg når den vert steikt saman med salt!

onsdag 28. april 2010

Kvitløksbagettar - steg for steg

Eg har lova ein ung blogglesar å legge ut oppskrifta på kvitløksbagettar. Så her skal de få ei steg for steg-oppskrift.
Deig til 4 bagettar
1/2 - 1 pk gjær
2 ms flytande margarin/olje/smelta smør
1 ts salt
4 dl lunken mjølk
(1 egg)

ca 10 dl kveitemjøl

1. Smuldre gjæren i bakebollen. Bruk gjerne kjøkenmaskin.
2. Ha i lunken mjølk, salt og olje. Egg gir luftige brød.
3. Ha i kveitemjølet og kna deigen godt.

Medan deigen hevar, lagar du kvitløkssmør. Bruk stavmiksar om du har.

1. Hakk 2 båtar kvitløk saman med nokre urter. Eg brukte oregano og grasløk i dag.
Du kan bruke timian og/eller basilikum også.
2. Ha i 50 g smør (Tine - ikkje margarin)

Når deigen har heva til dobbel storleik, deler du han i fire emne.

Kjevle kvart emne til eit rektangel ca 30x20 cm. Smør på 1/4 av kvitløksmøret. Rull saman og legg brøda på ei bakepapirkledd plate.

Lat bagettane heve under ein handduk ca 25 minutt. Skjer gjerne hakk i dei og pensle med egg.Steik bagettane ved 200 grader i ca 20 minutt.
Desse brøda smakar godt til kyllingrettar og supper.
Då eg tilbaud ei venninne av meg å bake kake til konfirmasjonen om vel ei veke, spurde ho om eg heller kunne bake brød. Ho skal få dei tre til venstre, focaccia, valnøttbrød og rundstykke.

måndag 26. april 2010

Brødet var nesten det beste!

No er vi som eg har fortalt om tidlegare, inne i ein periode med "Brød og tallerken".  Halve gruppa, 6-7 elevar bakar grovbrød og dekorerer brødpose, medan resten lagar middag på tallerkar.  Brødbakarane er då sjølvsagt gjester.  I dag hadde dei to middagsgruppene samarbeidd om planlegginga, så middagane vart omtrent like.

Då dei planla ville dei kjøpe bagettar og lage kvitløksbagettar.  Men så var det det at læraren krev at dei lagar frå grunnen av.  Så i dag laga dei loffdeig, og så hjelpte eg dei med å lage kvitløksmør til å ha inni.  Framgangsmåten var som til "kanel i svingane". 

Her er ei enkel oppskrift for røynde bakarar.

4 bagettar
4 dl mjølk
2 ms smør eller olje
1/2- 1 pk gjær
1 ts salt

9-10 dl kveitemjøl

Kvitløksmør
50 g smør
2 båtar kvitløk
urter
(Vi brukte persille og oregano, men basilikum er og godt)

Lag vanleg loffdeig.  Hev deigen.  Del i fire.  Kjevle emna ut til firkantar.  Smør på kvitløksmør og rull saman.  Hev bagettane.  Skjer gjerne nokre snitt i dei før steiking.  225 grader i 15-20 minutt.

laurdag 3. april 2010

Rett på bloggen - Focaccia igjen

Vent litt med å skjere i brødet, seier eg.  Ein svolten kar står klar.  Ja, det skal vel rett på bloggen, svarer han.  Eg synest eg nettopp har lagt ut oppskrift på focaccia, men ser at det var i januar i fjor.
Utgangspunktet er ein vanleg gjærdeig med vatn og olivenolje.  For å få god smak, bør ein bruke lite gjær og lang hevetid.

1/4 pk gjær
4 dl vatn
1 ts salt
ca 10 dl kveitemjøl
3 ms olivenolje ++
Eg brukte brødbakemaskina til å kna deigen, men eg hevar han i ein rund bolle med olivenolje i.  Når deigen har heva, er det berre å legge han over på plata utan å kna.  Det er nok å trykke brødet flatt.  Då vil ein få store porar i brødet.
Etter at brødet har heva på plata, er det tid for olje, salt og krydder. Lag groper med fingrane.  Ein av grunnane til at eg kom på å bake focaccia, var ein rosmarinplante eg hadde kjøpt til lammelåret.  Ein kan ha det ein måtte ha lyst på oppå brødet.  Tomat og oliven er mykje brukt.

Steik ved 220 grader i ca 20 minutt.

søndag 31. januar 2010

Naanbrød - andre forsøk

I dag laga eg naanbrød av resten av surmjølkspakken.  I staden for 6 små, laga eg 8 litt større.  Likevel synest eg dei vart for tjukke!  Eg samanliknar dei med slike ein får kjøpt i pakkar.  Dei første vart litt mykje steikte.  Desse kunne nok fått eit par minutt til...  Ja, ja, practise makes perfect!

onsdag 27. januar 2010

Naanbrød - første forsøk


I dag laga Wenche naanbrød til ein indisk rett.  Eg har tenkt å prøve å lage naanbrød fleire gongar, men aldri kome så langt.  Sidan eg har meir frosen kyllingfilet, kjøpte eg eit glas Tikka Masala med tanke på middag i morgon.

Fordi eg ville lage deigen i brødbakemaskina, reduserte eg mjølka til 4 dl.  Mine brød dekte plata heilt, men vart likevel for tjukke, synest eg.  Eg ville nok laga 12 tynnare brød på to plater.  Den ujamne fargen kjem nok av høg temperatur og at eg pensla brøda med surmjølk.

Eg tek gjerne imot tips!

Sjå gjerne oppskrift og video her.

fredag 16. oktober 2009

Fletteloff



Denne veka har vi starta med fletteloff på skulekjøkenet. Det er like kjekt kvart år. Elevane få velje kor mange dei vil flette med. Dei fleste greier 6-flette. Eg viser ei enkel 3-flette med ei tynn 3-flette oppå, og ei 6-flette.

Denne videoen frå Youtube meiner eg viser det på beste måte. Enkelte damer på youtube let emna ligge på benken. Eg liker best å ha dei i lufta. Ut i 6.minutt kjem 6-fletta.

laurdag 10. oktober 2009

Latskap er en dyd

.... i alle fall i matematikken! Dette brukte mattelæraren min på 2MNA og seie. Seinare i livet har eg overført dette til andre område. Kan ein gjere ting enklare, er ingenting betre enn det.
Bakar ein ofte og har to bakebollar, er det ingen grunn til å vaske bollen mellom kvar bakerunde. På bildet ser de ein hevedeig laga av 2 dl vatn, 3 dl kveitemjøl og ein ertestor bit fersk gjær ev. ei teskei tørrgjær. Hevedeigen lagar ein om kvelden før ein skal bake.
Deretter er det berre å ha i 1/4-1/3 pk gjær og bake etter vanleg oppskrift anten ein no blandar mjøl sjølv eller bruker ferdigblandingar.

I dag brukte eg 4-kornbrød blanda med sammalen kveite, fin.
Etter to timar hadde deigen heva nok. (I pausen var eg ute i hagen og grov opp knollar etter første frostnatt.)
Eg let maskina slå ned deigen. Og så eit lite triks; eg har i litt olje mot slutten.

Deigen blir litt feit på utsida, og eg kan bake utan mjøl og utan å skitne ut bakematta.

Eg treng heller ikkje å smørje formene. Og hendene vert ikkje tørre!
Brøda fekk heve i 45 minutt før eg steikte dei ved 200 g ca ein time. Formene er "like fine". Eg vaskar dei ikkje mellom kvar bakerunde.
Brød bakt med hevedeig vert gode på smak og smuldrar mindre enn brød bakte på vanleg måte. Berre prøv!

onsdag 9. september 2009

Surdeig: Dag 5: Korleis skal det gjærast?

I dag skulle vere den store bakedagen. Surdeigen har vore i kjøleskåpet, men står det til liv? Etter nesten fem timar er deigen ikkje i sving. Eg vurderte om eg skulle la han stå over natta, men tok heller og rørte inn ein halv pakke gjær fot å sikre gjæring.
Kva skal eg seie? Vanskegrad: Vanskeleg tok eg som ei utfordring. Dag 2 var det skikkeleg liv i deigen med fare for overbobling. Skulle eg då ha tatt dag 3 om kvelden?
Det er berre ein ting som ergrar meg, og det er at eg brukte feil mjøltype i starten. Dermed kan eg ikkje legge noko av skulda over på brodogkorn.no.


Gårsdagens brød av kastedeig heva nok litt for kort før det kom i omnen. Det var eit ekte latmannsbrød. Eg heiv deigen rett på plata og forma det der. Men godt vart det, og oppete er det.

Om eg gjev meg i kast med surdeig att, får tida vise. Kanskje eg heller satsar på det dei kallar poolish, dvs at ein lagar ein laus deig med litt gjær deigen før ein bakar.

tysdag 8. september 2009

Surdeig: Dag 4

Det er liv i surdeigen. Men i går finlas eg oppskrifta, og oppdaga at oppskrifta endrar seg litt dag for dag. Det var heldigvis ikkje for seint å ha i salt. Ein ting har eg derimot gjort feil. Ein skulle bruke sammalen rug, fin frå dag 2. No satsar eg på at det går bra likevel. Deigen har kome i kjøleskåpet der han skal vere til i morgon.

Denne veka har vi laga vaflar og syltetøy på skulekjøkenet. Eg har presisert kor viktig det er å lese gjennom ei oppskrift først, og etterpå tek ein punkt for punkt. Her er det berre å følgje eigne råd med andre ord.
Då eg kom heim frå foreldremøte i dag, hadde yngste mann laga to store pizza etter oppskrift frå gamle "Frå bollar til burritos" og eigen fantasi. Nydeleg var den.