| Bildet er frimodig lånt av Ikea og har overhodet ingenting med teksten å gjera, det er berre fint... |
Heime hjå oss har me høge dørstokkar.
Særs høge dørstokkar...
Så når Frøken Fryd er komt heim, då er Frøken Fryd komt heim.
Det er heilt pøkk umulig å gå igjen.
Og det går i alle fall IKKJE an å gå på trening!
Eller for å seia det slik, det er mykje som vert viktigare enn å gå på trening.
Slik går det altså til at Frøken Fryd begynner å trena igjen, og igjen, og igjen, og igjen...
Og då kjem Frøken Fryd liksom aldri heilt i gong, og aldri heilt i form.
Det mest effektive er å gå rett frå jobb.
No føler Frøken Fryd at ho er i gong. Igjen.
Frøken Fryd har funne nokre knakande kjekke spinning timar.
Og dei knakande kjekke spinning timane har ein knakande kjekk instruktør, Tine!
Tine spelar knakande kjekk musikk.
Det rykker i "rockefoten" til Frøken Fryd.
Det blir kjekt å trena.
Treninga vert prioritert.
YES!
No er målet å gå på to små spinning timar i veka.
Alt ekstra vert bonus.
Dette for at Frøken Fryd kan lura Frøken Fryd.
Slik har ikkje Frøken Fryd tapt før ho har begynt.
Sånn reint erfaringsmessig har ikkje Frøken Fryd vilje nok til å trena tre gongar i veka.
Med eit mål om tre treningar i veka tapar Frøken Fryd kvar einaste veke.
Trening vert negativt.
Har Frøken Fryd utgangspunkt i to treningar i veka, så er det gjennomførbart.
Trening vert positivt når Frøken Fryd føler mestring.
Men... og her kjem det geniale {kremt}... om Frøken Fryd klarar tre treningar på ei veke, ja då er det bonus på gang.
Frøken Fryd føler seg som ein vinnar.
Og med utgangspunkt i to treningar i veka så vinn Frøken Fryd kvar einaste veka.
Det stoppar ikkje her.
Frøken Fryd er ei kompleks dama, tydeligvis.
For det må vera kjekke treningar altså.
Frøken Fryd har overhodet ikkje vilje til å motivera seg til å gå på kjedelig trening.
Som kettlebells for eksempel.
Totalt ugjennomførbart. Totalt!
Berre sjekk dette innlegget...
Zumba har blitt prøvd, og det var i grunn ganske kjekt.
Men nei, det er og blir spinning ser det ut for.
Så får det vera bra nok da.
Likar du å trena?
Har du høge dørstokkar?
Kva gjer du for å holda deg i form?