Viser innlegg med etiketten Frøken Flau. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Frøken Flau. Vis alle innlegg

søndag 29. juli 2012

Nye vinklar...





... eller nye auger...?
 
Når me har besøk så har eg så ekstremt kristisk blikk på heimen vår.
Alt som eg føler er "feil" med stove, kjøkken, bad - ja, rett og slett heimen generelt, skrik mot meg.
Hybelkaniner vert hybelelefantar, den rosa elefanten i rommet om du vil.
Og så "baksnakker" eg heimen min.
Rett og slett snakkart stygt om heimen min, drar fram alle feil som om berre for å visa at;
 "jada, eg ser dei!".

Er eg aleine om dette?






Når gjestene er gått så får eg på ein måte dei rosa brillene på igjen, ølbriller?!?
Men då er heimen fin igjen. Eg ser forbi hybelkaninene, og litt rot.
Eg vil jo gjerne at folk skal få komma på besøk sjølv om heimen ikkje er tipp topp perfekt.
Om me ikkje har støvsugd dei to siste veken, så drit i. Om støvet ligg på bordet, gjerne slik at ein kan skriva "vask meg" i det (mørke tre bord er noko fordømt skiiiit), så er det kjekt å ta i mot.






For slik er det hos oss, me har litt sånn skippertak mentalitet. Ting kan ligga og slenga, lenge.
Eg har nemlig utvikla evnen til å omgås rot. Jada, som småbarnsmor, i full jobb, gift med ein småbarnsfar, i full jobb. Då blir det lett rot då. Eg veit at nokon smårydder og vasker litt kvar dag. Not me... Hald dåke fast, men av og til står middagen på bordet heilt til rett før me skal legga oss! Jada, dette er heilt sant... Og det kan skje opp til fleire gongar i veka faktisk.

Men så får me av og til besøk da. Og eg har ikkje lyst å vera ho som spring hysterisk rundt og rydder medan gjestene er på besøk. Eg vil jo helst snakka med dei, det er vel difor dei kjem på besøk? Ikkje for å sjå kor fort eg kan svinta meg rundt for å få stova presentabel.








Og det er då eg baksnakkar Fryd Heimen. Unnskylder rotet. Trur at ingen andre har det rotete... Typisk hadde eg gjort deg oppmerksom på at eg hadde gløymt å ta fjernkontrollen vekk i frå sofa armlenet.

Men eg øver meg. Øver meg på å slappa av og ta i mot gjester sjølv om det flyter litt.
Før stressa eg i dagar før me fekk besøk. For det var veldig viktig at det var perfekt, rydda og vaska.
Og når gjestene kom så såg eg gjerne ut som eit takras og var berre fysisk til stades, tenkte på alt eg ikkje fekk ordna. Svett og fæl, hadde kanskje ikkje fått sminka meg ein gong, for eg "skulle berre" før gjestent kom. Så eg har komt vidare da... litt i alle fall.

Det hender at det stikk litt når eg les i bloggar at dei har egne gjesterom som sjølvsagt er nyvaska når overnattings gjestene kjem. Dynene er lufta i solskin, det står friske blomar på nattbordet og gjestene får egne badekåper og handkle fint dandert på hjørnet av senga med ein liten sjokolade på toppen.
Åh, eg skulle gjerne... Skulle gjerne tatt i mot gjestene våre på den måten. Men dei er varmt velkomne likevel. Me har ikkje eget gjesterom, gjestesenga står i kjellerstova. Og kjellerstova er Storebor Fryd sitt territorium, på godt og vondt. Der sitt det tenåringsgutar og fis og rapar og spiser og preiker og speler og høyrer på musikk som skjerer i Frøken Fryd sine øyrer. Og det er Storebror Fryd sitt ansvar å rydda og halda i orden. Og det går "sådär"...

Men, jeppjepp, slik er det hos oss, i gjeste situasjonen.
Korleis er det hos dåke?



fredag 2. desember 2011

Ribba og Frøken Flau

Bilde lånt hos Tine.no og har overhodet ingenting med innlegget å gjera...




No lurte eg dåke, moahahahahahaaaa! Dette innlegget handlar overhodet ikkje om jul. Eg skal derimot dela ein historie med dåke, ein historie som handlar om når Frøken Flau gjekk på kino med ei god venninne og vart ribba for stolthet.



Det var ein mørk og stormfull aften... (google.com)




Det var ein mørk og stormfull aften, og sidan Stavangerbunad (allværsjakke) ikkje alltid er ok så hadde Frøken Flau på seg ei kvit ullkåpe for anledningen. Kvite kåper er ALLTID eit usedvanlig dårlig valg - sjølv om dei kanskje var billige å kjøpa så jamnar det seg fort ut med renseri rekningar... mhm... Ein annan dårlig egenskap med kvite ullkåper er at dei viser godt i mørke - i mørke kino salar for eksempel. Vel, sidan det også regna denne aktuelle kvelden så hadde Frøken Flau med seg paraply - type long.



Lisebeth Dahl paraply bilde lånt hos shabby-shop.de (slik paraply har faktisk Frøken Flau)




For Frøken Flau sin del så høyrer kino og snop i saman, og på denne aktuelle dagen vart det også handla inn popcorn - type stor (heldigvis skulle det visa seg). Så Frøken Flau hadde favnen full når ho entra kino salen i den kvite ullkåpa og med den longe paraplyen, skulderveske, popcorn, snop og pepsi max. Ein god kino opplevelse betyr å sitta midt i midten, og sidan me var ørlite seint ute så var dei fleste komt, og så var det å smyga seg på plass...

Til å begynna med gjekk det rektig så bra, og Frøken Flau var henrykt og fornøyd og gleda seg til filmen, og popcornet, og snopet, og pepsi max'en og avanserte langs raden i eit relativt høgt tempo. "Dunk!!"  Der traff Frøken Flau ein på raden nedanfor i hovudet med den longe paraplyen. "Å nei! Beklager så mykje!"  Det var jo pinlig! Så Frøken Flau bøyer seg ned for å unnskylda seg. Det er IKKJE lurt når ein har popcorn i åpent beger. Så Frøken Flau drysser eit fint lag med popcorn i hovudet på den som sit vedsidan av stakkaren som fekk paraplyen i hovudet. Forfjamasa skal Frøken Flau beklaga seg for det også; "Unnskyld!!" og kjenner ein ukledelig raudfarge spre seg i kinna, blir usikker og klumsete og trampar uelegant på tærne til dei som sit langs raden på vegen vidare mot midten. "Nei og nei, beklager!" og forfjamsinga tar heilt over og Frøken Flau snublar og dett longflat over ei rad med fnisete fjortis-jenter og deler generøst ut popcorn til alle. Jackpot!!

I slike settingar er det om å gjera å halda hovudet høgt, ta det med fatning og det er jo klart at Frøken Flau gjorde nettopp det! Rista på fjøra, reiste seg elegant opp, ranka ryggen, rakte ut popcorn begeret og spurte: " Har alle fått?!?!"



Ribba høne!




Pøh! Det gjorde Frøken Flau aldeles ikkje! Frøken Flau flirte flaut og smaug seg forsiktig og fnisande og unnskyldande bort til setet sitt midt i midten med den kvite ullkåpa som viser godt igjen i kinomørket, den longe paraplyen, skulderveske, snop, pepsi max og bittelitt popcorn.

Lurer du på kva film Frøken Flau såg? Aner ikkje... Husker overhodet ikkje. MEN følelsen av å gjera maks utav ein entre, det husker Frøken Flau veldig godt, følelsen av å vera ribba for stolthet...

Kva likar du å ha med deg på kino?

Klem Eli