Viser innlegg med etiketten Butikken min. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Butikken min. Vis alle innlegg

søndag 27. juni 2010

Summertime...



No er det verkjeleg sommar...
og dei verdsberømte bakarvarene frå Lom har fått føter å gå på...


Kaninene har fått på badedraktene, og forskriftsmessig ikledd seg armringar....



Medan andre nyt kveldssola på sommarbenken....



Dagane er lyse, lange og livlege! No er det full fres frå morgon til kveld,
og i dag har vore siste frisøndagen denne sommaren...
I går hadde eg koseleg besøk av LisjeAstrid, meir om det kan du lese her..
God sommar!
klem frå Jannicke

torsdag 3. juni 2010

Fram med kniven!!


Jippi!?? Det er kjekt med nye varer, men kjære vene...
Lurer på om eg skal skifte beite.., knappebutikk neste...?
Er ikkje mykje tid igjen til blogging som de ser...

tirsdag 4. mai 2010

Klar til ny runde

Jippi! I gang igjen..., kjekt å ha fri og kjekt å arbeide.
Var morosamt å kome til Stryn i nydeleg solskin i dag, hadde dessverre gløymd apparatet heime, men i morgon skal hus, himmel og stilas knipsast. Gutane låg oppunder mønet og måla, medan dei fortalde kvarandre historier om alle dei som hadde ramla ned...,
skikkeleg oppmuntrande sikkert...

Boksar, skattekister, puter og korger...alt stod der det sist var sett..,
så då var det på tide å ommøblere litt...


Dette er ein plagsom vane eg har. Mannen tykkjer ting står bra der dei er..
Men no er det ingen som bryr seg..., og dessutan er det kjempelurt med tanke på hybelkaninene. Dei får sjansen til å kome fram og lufte seg litt.

Det vert kjekt med nye varer som kjem inn i tida framover, smykkene frå Baglady og vårjakkene frå Oleana kom på plass allereie måndag.. Og i morgon skal eg feste mange nye bileter til filmen.... og kanskje ommøblere endå litt til...
Ha ein finfin kveld
Jannicke

søndag 2. mai 2010

Snart

Gler meg til å låse opp døra til butikken min igjen, snart...
...veldig snart, må berre sove litt først....



Der ventar det nokre kasser med nye varer..., litt støv,
nokre lag med malingsflass på trappa og eit
STOOORT stilas!!
Kanskje sola skin i morgon og, då kjem det måling på veggen, stilaset må ned og døra går opp!!
Gler meg...

onsdag 24. mars 2010

Hipp hurra!!

I dag opna eg dørene til butikken min, og det vart Fryd!

Dette vart ein alle tiders dag, med mange kjekke damer på besøk :) Eg trudde at eg skulle ha god tid til å ordne dei siste småtinga utover dagen, men det vart ikkje tid til å opne matboksen eingong. Ingenting er betre enn ein uopna matboks på ein opningsdag :))

Greengate koppar, fat og mugger var populære, og ikkje minst den lyseblå vekkarklokka

No er dagen over, i alle fall for min del. Takk for i dag!

Jannicke

onsdag 17. mars 2010

Da damene dro...

I dag har eg fått hjelp til å flytte ti damer og litt innredning ut av eit kjøpesenter og inn til meg, der vil dei sjølvsagt trivast mykje betre. Dei får dagslys, utsikt og fine klede.



Inne på Stryn Torg stod dei tynnkledde i mørket, medan dei lurte på kvifor ingen kom og helste på lenger. No skal eg passe på at dei får god pleie og forhåpentlegvis mykje besøk hos meg.




Far min var i alle fall godt nøgd med selskapet i dag, han hadde aldri køyrt så mange damer i bilen før, påstod han :)


søndag 14. mars 2010

Og kva skal barnet heite?


Ja, det er ikkje heilt enkelt. Kanskje den minste utfordringa med å opne butikk vil nokon seie..., men det skal liksom klinge bra, ikkje for sukkersøtt, litt stemningsfullt, passeleg kort, ikkje misvisande, kanskje eit krydder, tilstand (Moods...?), blomsternavn er det nok av, (sjølv om Flora i farger kom på festbordet i natt..), passeleg mjukt, ikkje for hardt, nytt og velklingande - intet mindre!!
Skal det vere så forferdeleg vanskeleg?
Akkurat no, etter å ha sett søndagskveldens episode, er favoritten Himmelblå. Stryn og Ylvingen, tja, nesten same opplevelsen, eller...?
Eg har skrudd ikeamøbler til eg nesten fekk bekkenløsning i dag, så no legg eg meg utrangla og ør. Trur namnet må vente til ein annan kveld, har opptil fleire igjen før opning :)
Nattahelsing frå frøken Svimmelgrå.

mandag 1. mars 2010

My dream comes true..

Johooo!! Her skal min butikk opne, tenk MIN BUTIKK. Crazy??!!!
Det blir kjempekjekt og travelt og heilt vanvittig morsomt.



Eg skal legge ut meir bileter etterkvart, no må eg berre avlede ungane litt før dei ødelegg kjøkkenstolane, som har blitt til flotte sklier i eit badeland...