Eit kjapt blogginnlegg mellom slaga! Det er mange som spør etter meg, og det er jo kjekt :) Kvifor det ikkje har skjedd noko her på ein månads tid har eg inga unnskyldning for. Eg er i fin form (bortsett frå forkjølelsen eg har akkurat no), og det har skjedd mykje. Urframføring med Aurum i Nidarosdomen, strikkeframgang, tett avløp på badet, veksande mage og det eine med det sjette!
Her er fruen 19 veker på veg, og har for få dagar sidan vore på ultralyd og konstatert at alt står bra til med Lille Trille :) Magen tek til å visest såpass at andre enn Mannen og eg sjølv ser han, og det er jo kjempestas!
Og ja, frua strikkar. Akkurat no strikkar eg eit nytt par kattesokkar, som ei venninne fekk "gåvekort" på frå meg til jul ;) Sjølv fekk eg alpakkagarn i denne nydelege farga frå ei anna venninne, og noko av det har vorte til denne lua frå Garnstudio. Stilig ja? Den er kanskje litt romsleg, men vi får sjå kva som skjer etter ein vask ;)
Eg veit ikkje om eg kan seie at babykledeproduksjonen er i gang eigentleg, for denne vesten var i utgangspunktet tenkt til sonen til ei venninne... Tingen er at nevnte son voks fortare enn eg strikka... No har eg berre att å sy i knappar på skuldrane. Fadderbarnet vårt på Sunnmøre fekk ein lik ein i dåpsgåve. Så gjenstår det å sjå om eg beheld denne sjølv eller gjev han frå meg!
Kva meir? Jo, sidan eg nevnte tett avløp på badet... Mannen trudde eg nedkom i badekaret då eg for nokre veker sidan sette i eit skrik som skremte han opp frå sofaen og ut på badet. Der fossa vatn opp frå sluket etter at eg tok proppa ut frå badekaret... Heldigvis var det ikkje verre enn at vi fekk fiksa det på eiga hand! Og når eg seier vi så meiner eg naturlegvis han!
Sjå på denne herlegheita han fiska opp! Tusen takk! Kva skulle eg ha gjort utan deg!? Sannsynlegvis kasta opp utover heile badegolvet :P (PS: Bildet er arrangert, og alt mageinnhald heldt seg der det skal vere!)
Kva meir kan eg seie? Kvardagen ruslar og går nokonlunde som normalt. I helga skal vi på vår etterkvart så tradisjonsrike vinterhyttetur med gode vener, og i den anledning skal Ladeprinsessa vere barnevakt til Jepsi. Det trur eg ho klarar med glans :) Og for dei som lurer; Jepsi er fortsatt ein liten sjarmør, sjølv om alderen har teke vekk ein god del av sjarmørstripene på hovudet. Eg trur nesten han gler seg litt til å bli storebror også!
Også skal eg altså prøve å ikkje la det gå like lang tid til neste oppdatering! God helg! :)