28 juni 2009

Sommer på jorda!

Nyt du varmen? Det gjer eg! I dag har eg til og med plaska rundt i vatnet i Onsakervika, og når eg gjer det - ja er det varmt!

Vi kosar oss hos svigers. Vi er varme og klamme, men ved godt mot. Silje og Thomas var innom og grilla i dag før Håvard reiste sin kos, til Kos. Det er deilig å kunne ete alle måltid utandørs! Jammen har vi valgt riktige ferieveker i år :)

Her har du Mannen min og min flotte svigerfamilie. Svigermor ville ikkje la seg avfotografere i dag, men dei andre er der.

I morgon blir det tur til Sandvika og fotballkamp i den nye gymsalen til Stabæk (som Mannen kallar Telenor arena).
Heia Brann!
Posted by Picasa

24 juni 2009

Feriemoduset sig innover meg

Det faktum at eg og Mannen bur i same by som Storebror med familie gjer ikkje automatisk at vi ser kvarandre veldig ofte. Dei siste vekene har ikkje Mannen hatt så mykje tid heller, naturleg nok, så no var det verkeleg lenge sidan vi alle saman møttest sist. Då var det ekstra koseleg at vi vart inviterte på middag i går! Ein nydeleg fiskemiddag.
Sjølvsagt vart det tid til litt leik med Ladeprinsessa også. Vi var gjennom både diverse butikkleikar og nokre kapittel frå Lotta i Bråkmakergata. Du og du så koseleg den boka er! Og det er kvalitetstantetid med Ladeprinsessa også :)

Vi vart verande så lenge at vi fekk både kaffe og kveldsmat ;)

Det var i går.
I dag har feriemoduset teke til å sige innover meg i stadig større grad. Ein dag til på jobb no, og så er det ferie nokre veker. Det skal bli godt! Vi planlegg jo mellom anna ein aldri så liten sykkelferie til Romsdalen, og i kveld har Mannen gjort nokre nødvendige innkjøp av diverse utstyr. Handelen held fram i morgon - og neste veke medan vi er hos svigers tenkjer eg.
Så bryllup i Nord-Trøndelag.
Så sykkeltur.

Men i kveld: gåtur i nærområdet. Og der hadde det jammen dukka opp ei frisbeegolfbane!
Det spørs om den må prøvast når vi er tilbake frå ferie.

21 juni 2009

Feiring av mastergraden

Eg er jo som kjent både ei stolt og heldig frue. I går hadde vi ei slags feiring av at Mannen var ferdig med studia sine denne veka. Berre vi to. Mannen hadde lyst på sushi, og eg hadde ingen motforestillingar. Vi tok turen til sushirestauranten Kyoto, og kosa oss med herleg mat. Deretter vandra vil litt rundt i sentrum (lenge sidan sist!) og kjente på at vi no både bur og jobbar i byen. Studentlivet er over. Foreløpig iallfall.



Desserten inntok vi frå ekslusive McDonalds, før vi leigde med oss eit par filmar på veg heim. Først såg vi De usynlige (som var litt rar, men hadde mykje flott musikk!). I min dumskap sa eg at det var greit å sjå Fritt vilt II etterpå... Trass i mindre hyggelege minne frå den første filmen og andre skrekkfilmar. Vel, også denne gongen sat eg store delar av filmen med ryggen til skjermen og fingrane i øyrene. Fysj! Vi måtte faktisk sjå ei episode av Big Bang Theory og spele ei runde Carcassone før vi la oss for at eg skulle ha ei viss mulegheit til å få sove i natt. Det gjekk bra, men kvifor lærer eg aldri!?

Jaja, alt i alt var det ein veldig koseleg kveld med Mannen, der armkroken var ekstra god!

Eg vann forresten i Carcassone ;)

20 juni 2009

Tjolahopp tjolahei

Halve arbeidshelga er over, og no har eg fri til søndag ettermiddag. Fritida skal eg bruke på å feire Mannen med sushi og slikt, men aller først må vi på butikken og ordne litt forskjellig. Imens kan jo du kose deg og humre litt til desse klippa frå SVT :)




Også denne da.

18 juni 2009

Innlevering

Mannen skal levere masteroppgåva si i kveld. No er det berre litt korrekturlesing og slikt som skal til, så er oppgåva klar til innsending. Det er ein stor dag dette. Han plasserer den på topp-10-lista si, saman med mellom anna sin eigen fødsel, første skuledag, konfirmasjon, bryllup, bachelorgrad, og no også snart mastergrad.

Eg er veldig glad for at dette kapitlet er over no. Det har vore veldig mykje masteroppgåve dei siste dagane, vekene og månadane... Men aller mest er eg veldig, veldig stolt av min veldig, veldig flinke mann!



Etter litt beskjeden feiring i helga er det rett i fast jobb på Optoplan på Tiller på mandag, og ei ny epoke er dermed i gang. Det trur vi at vi gler oss til :)

17 juni 2009

Sommarfest

I går kveld var det duka for sommarfest med gode kollegaer frå Tiller. I meir eller mindre samla flokk (nokon med bil, nokon med buss, og nokon på sykkel) drog vi avgarde til Frøset gård på Byneset. Kvelden vart ei kjempefin oppleving. For ein plass! Arnt Frøseth kan dette med historieforteljing altså. Eg skal ikkje ein gong forsøke å gjengje, ein må berre ta turen sjølv. Men måten han har klart å utnytte garden, med sin beliggenheit og si historie er fantastisk. Pappa - du ville ha elska det!

Kvelden starta med ei slags historisk vandring der Arnt orienterte oss om landskapet si utvikling etter istida, og andre forteljingar om korleis livet på garden hadde vore oppgjennom tidene. Så vidt eg forstod var dei første funna etter menneske i Trøndelag gjort i dette området. Han snakka også mykje om fruktbarheitsguden Frøy og ofring til han. Dette hadde han gjort litt ut av med kjærleiksdikt både av gamal og nyare dato hengande på trea, hengekøyer til allment bruk (med skjenkeløyve) m.m.


Eg skal ikkje legge ut bilde av kollegaene mine utan å ha spurt om tillating til det, men her er iallfall utsikta frå "gapahuken":

Gapahuken rommar 150 personar samt eit stort bål og ein platting, og er vendt mot Trondheimsfjorden og solnedgangen. Solnedgang er forresten stikkordet dersom nokon bankar på døra på den treseters utedoen utan lås og du ønskar å vere åleine. Dersom den som bankar er velkommen inn svarar du soloppgang ;)

Etter eit betre måltid og litt leik og underhaldning forflytta vi oss inn i lavoen for meir underhaldning og dessert. Lavoen rommar også hundre personar samt eit stort bål og ein bardisk. Her var det svært stemningsfullt, med både allsang og Arnt sine historier frå "artig-tida" - då han voks opp.


Ein svært så triveleg kveld var det, og eg tek gjerne turen tilbake :)

14 juni 2009

Eg innser

Eg innser at eg er eit svakt menneske. Særleg på enkelte område. Dei to siste åra har eg fått eit nytt område å bli svak på. Garn. Det er vel ikkje utan grunn at Mannen har teke til å kalle meg Strikka innimellom... I dag har eg vore på Martna på KBS. Salg på Jens Hoff. 750 gram garn rett inn i lageret denne gongen også. Eg har jo nokre idear til kva det kan bli til, men ikkje noko er heilt bestemt.
Eg har rydda litt i garnet mitt også. Fått det ut av posar og slikt, og opp i denne snertne, seksetasjes, hengande saken frå Ikea.
Sortert etter fargar, og veit du kva eg innsåg? Eg har mest blått!? Det var litt overraskande for å seie det mildt... Uansett farge; no skal det ikkje kjøpast meir garn på leeeenge!

Vel, her må det strikkast. Og det gjer eg jo også. Eg er ferdig med kjolen. Eller... Det var vel ei sanning med visse velkjente modifikasjonar... Monteringa gjenstår jo såklart. Men eg trur han blir fin :) Dessutan er eg ferdig med mailappane - seint, men allereie unnskyldt og avklart for den som skal ha dei! Eg sender dei på mandag Elin :)

Sjå forresten kva anna eg fann på Jens Hoff:
Var ikkje den søt? Full av sikkerheitsnåler i ulike storleikar. Akkurat som eg skulle ha, men eg hadde ikkje drømt om å få ein slik søt liten boks på kjøpet :)

Veit du forresten kva som har skjedd i akvariet? Vi har jo hatt litt trøbbel dei siste månadane. Mannefall. (Eller fiskefall...) I håp om å få nye yngel har vi prøvd å supplere med ein herreplaty. To gonger har vi prøvd faktisk, men begge har takka for seg skuffande fort. Men i kveld når eg skulle skifte vatn ser eg ein liten tass kikke på meg frå andre sida av glaset. Ein liten platy-yngel! Og er det ein kan det fort vere fleire! Jaja, så var vel ein av herrane fruktbare likevel då. Viss ikkje er ein av jentungane våre ikkje jente likevel, og ingen unge lenger heller ;)

No skal eg legge meg, og i morgon er eg nok endå eit steg nærare frisk :) God natt alle saman :)

Sov godt :)

11 juni 2009

Perspektiv. Ille er betre enn verst.

Formen er stigande. Eg har vore på jobb no dei to siste dagane, men må hyppig fram med snytepapiret ;) Det vart ikkje noko jentebølge på meg. Mannen sette foten ned, og godt var det! Det er utruleg kjedeleg å vere forkjøla på denne tida av året,
men kjære vene - eg skal ikkje klage.

Vi har ein tendens til å klage for mykje her til lands syns eg. Meg sjølv i aller høgste grad inkludert! Ein kollega av meg fortalte i dag at ho vart så lei av å plukke kuler frå kunstgrasbana overalt i huset. Til og med i trusene til sonen! Ein bekjent av samboaren hennar, trur eg det var, hadde sagt noko sånt som: "Ein ting er å ha kuler frå kunstgrasbana overalt i huset, men det er faktisk verre når dei ikkje er der fordi ungen din ikkje orkar å vere med å spele fotball".
Sonen hans hadde leukemi.

Det fins verre ting enn ei forkjøling.


I dag sender eg forresten ein ekstra tanke til Tone og familien.

09 juni 2009

Hjartet eller fornufta?

Eg pådrog meg ei forkjøling i helga. Eg prøvde meg på jobb i går (inkludert styrketrening), og veit ikkje heilt kor lurt det var. Eg har iallfall vore heime i dag. Sit i sofaen og strikkar på denne, ser film (heilt til toreveret kom), og surfar på nettet. Prøvde meg på ein tur til badet for eit par timar sidan. Det var slitsomt. Kanskje eg bør droppe Jentebølgen saman med mine kjære kollegaer i kveld! Eg har jo så lyst! Middag på Nattergalen etterpå og greier... Det er sikkert ikkje så lurt for helsa da... Spørsmålet er om det er hjartet eller fornufta som vinn denne saka til slutt. Eg mistenkjer det siste.

I mellomtida kan ein jo trøste seg med litt musikk. Mannen sa: "Jeg trur du liker Green Day, Ingeborg". Eg ser ikkje bort frå at han hadde rett. I det også.

08 juni 2009

Ein vellykka tur

Eg er no tilbake frå ein på dei fleste måtar vellykka tur. Eg har pådratt meg ei kjedeleg sommarforkjøling, men slikt går jo over. Opphaldet var verd den tidlege avreisa og vel så det! Vi har kosa oss i flott vér med diverse turar, is, lesing, leiking og massevis av kos :) Litt bilete har eg tatt, og her er nokre av dei.

Eg beklagar, svoger, at du ikkje er med på nokon av desse, men dei du var med på var ikkje så sjarmerande at dei egnar seg på nett...

Prinsesse gullhår og keisarnevøen forandrar seg frå kvar gong eg ser dei, men dei er alltid like skjønne da såklart. Sjølv om det fortsatt er litt sjalusi inne i bildet har dei nok stor glede av kvarandre; Gullhår ein tøff lillebror å lære opp, og keisaren ei flott storesøster å sjå opp til :) Eg gler meg allereie til neste møte, når enn det måtte bli!

I dag fekk eg brev frå Ayouba, fadderbarnet mitt i Niger. Han sa at han og familien hadde det bra, og fortalte om skule og fritid. Slikt gjer meg glad :)

04 juni 2009

Klar til avgang

I morgon reiser eg til Bergen.
Eller... I natt...
Flyet mitt går 6.30...
Kva tenkte eg på???

Jo, eg tenkte på å få mest muleg tid saman med desse!
Dette bildet er tatt for ca eitt år sidan. (Eg har sett dei fleire gonger etter den tid altså!)
No gler eg meg til å sjå om søskenkjærleiken står ved lag, og til å kose meg og leike med prinsesse Gullhår og keisarnevøen :)

God tur til meg, og god helg til deg!

03 juni 2009

"Trivelige Trøndelag"

Sånn er utsikta vår i dag.
Og eg er sjuk og heime frå jobb.

Trivelige Trøndelag...
Jaja, no skal dei jo bytte ut slagordet sitt. I dag syns eg det er greit.

Det er visst meldt litt lettare frå i morgon da.
I helga skal eg til Bergen, og der ser det litt skiftande ut. Men den turen blir trivelig uansett vér! Så det så.

01 juni 2009

"To rett to vrang - syndrom"

Strikkedilla går jo i bølger. Iallfall hos meg! Ikkje er eg så voldsomt kjapp heller, men eg kosar meg iallfall (stort sett) med dette handverket. På Norsk strikkeforum er det noko som heiter "den månedlige" eller "månedens tema". I mai var månadens tema "sommer", og bidrag måtte sendast inn seinast 30. mai for å få vere med i avstemminga. Eg var ikkje ferdig før i dag, så eg får nok berre mi eiga stemme denne gongen ;)

Min Ribbed Lace Bolero (som du kan finne svensk oppskrift til her) er kanskje litt stor til meg, men dersom eg klarer å tenkje at det kan vere eit sjal og ikkje ei jakke trur eg at eg skal kunne bruke han på kalde sommarkveldar.

Boleroen er strikka i Bomull/Lin frå Garnstudio. 53% bomull og 47% lin, og heilt herleg :)

Garnstudio har hatt salg på noko av garnet sitt i mai, og eg har vore på shopping. Eg klarte å begrense meg, og det angrar eg faktisk litt på. Eg burde jo ha kjøpt meir enn berre to av kvar farge av Merino!

Jaja... Prisen er jo ikkje avskrekkande på dette garnet uansett... Men partinummer kan jo bli ei utfordring... Det spørs om det blir mykje stripete strikkeprodukt framover! ;)