30 desember 2008

Kjendisnytt

I dag har vi køyrd til Vågstranda, denne vakre stad, men det eg vil fortelje om er det vi gjorde i går. Då var vi nemleg i Oslo ein tur. Primært for å møte Tone og Runar og sjå Max Manus saman med dei. Det var veldig hyggeleg, og filmen var god. Filmen bør faktisk sjåast av dei fleste av dykk. Historia om andre verdskrig bør nemleg ikkje gløymast. Det var dagens peikefinger.
Eg og Steffen kjøpte oss middag ute før filmen, og etter anbefalingar frå svigermor si venninne endte vi opp på Brasseri45. Der meska vi oss med andelår og villsvin, sjokolademousse med bringebærsaus og forskjelleg anna godt til ein ikkje så alt for dyr penge. Vi sender herved anbefalinga vidare!
Men altå: For å komme oss til Oslo tok vi denne gongen buss frå Hønefoss. Ingen av oss likar å køyre i hovudstaden, og endå mindre å parkere der - altså tok vi buss. Eg blir alltid litt uggen og uvel når eg tek buss, og vi spaserte difor litt rundt omkring før vi ville ha mat. Vi var såvidt innom Nobels fredprissenter, og gjekk så vidare bortover Aker brygge. Midt i ein gjesp vend mot mi høgre side møter eg blikket til blomster-Finn! Han fekk altså sjå meg frå mi mest flatterande side - innsida. Når det er sagt så såg han ikkje ut til å vere i kjempehumør han heller.

26 desember 2008

Jula i bilete, del I

Julaften på Follum:



1.juledag på Tyristrand (+speling i Heradsbygda):

21 desember 2008

Ei vaksen dame

Er det det eg er? Gift. Fast jobb. Stasjonsvogn. Nærare 30 enn 20.

Eg hadde bursdag førre veke. Då runda eg 26, og det var heilt greit. Eg kjenner ikkje den store forskjellen akkurat. Dagen var fin den. Eg fekk cielo sjokolade og gavekort på Spa frå Mannen, takke frå mamma og pappa, bakepensel i silikon og to kjøkkenklutar, kaker, meir sjokolade, sang, glede og mange gode klemmar. Det er hyggeleg med bursdag.

Fleire hyggelege hendingar? Ja. Vi hadde juleavslutning med Aurum. Det var kjekt. God mat og gode folk. Og no er det verkeleg snart jul. I morgon er siste dag på jobb før nærare to veker julefri - i Heradsbygda og på Vågstranda. Det skal bli godt!

13 desember 2008

Sa-anta-a lu-uci-ia

Det er ikkje ofte eg startar frilaurdagane så tidleg som eg gjorde i dag. Tantebarnet mitt, Ladeprinsessa, fekk tantedag i adventskalenderen sin i dag. Det var ikkje heile dagen da, men det begynte iallfall 07.30. Då møttest vi utanfor Vår Frue kirke i byen. Der skulle det nemleg vere Luciamorgen med Cantus og femteklasse på Tonstad skole. For ein flott start på dagen! Skikkeleg stemningsskapande. Min gode kollega, Lene, er med i Cantus, og jammen hadde ho solo også. Pie Jesu. Eg får gåsehud berre ved tanken. Den er så nydeleg!(Og det er Lene også :))

Etter konserten tok eg med meg den lille prinsessa mi på besøk til nokre slektningar. Søskenbarnet mitt, Anne-Marie, bur her i byen, men eg har aldri møtt henner her. Det betyr også at eg aldri har møtt nokon av dei tre ungane hennar. Difor inviterte eg meg sjølv og niesa på besøk dit i dag, og vi vart tatt i mot med opne armar. Koseleg :)

Tusen takk for ein fin dag ladeprinsessa!

No er det førebuingar til Aurumjuleavslutning det går i her. Og nistrikking på dei siste julegåvene da såklart.

29 november 2008

Advent

Eg har pynta til advent i dag. Stjerne og sjuarma lysestake i vindauget. Lilla talglys i adventsstaken. Nye lilla telysestakar. Eg har til og med vore litt kreativ, og på oppfordring legg eg ut nokre bilete av mine ferskaste kreasjonar.






Sånn ser det forresten ut rundt oss for tida. Herleg sant?





Eg ønskjer dykk alle ei fredfull og god adventstid :)

27 november 2008

Brev frå Gullhår!

I går fekk eg eit veldig, veldig koseleg brev i posten! Det var frå mi fire år gamle niese. Ho hadde skrive det heilt sjølv med blyanten ho fekk av meg for litt sidan; ein blyant med den tsjekkiske muldvarpen på. Naturleg nok ville ho takke tante for muldvarpen:





Bilda blir større om du trykker på dei.

Tusen takk for brevet, Gullhår! Klem frå tante Ingeborg.

23 november 2008

Eg er ikkje jomfru lenger

Etter drøye eitt og eit halvt års ekteskap vart vi for litt sidan einige om at det var på tide å miste jomfrudommen. Eg må innrømme at eg hadde begrensa erfaring og kunnskap på området. Temaet vart unngått under oppveksten, fordi pappa hadde gjort seg nokre dårlege erfaringar. Dette sette sitt preg på meg i lang tid, og eg valde å avstå. Mannen min har til tider gremma seg litt over valget mitt, for det gjekk jo utover han også. Han hadde heller ikkje noko særleg erfaring frå tidlegare, men for nokre veker sidan sprakk han. Utan å ta det opp med meg på førehand nytta han høvet ein dag eg hadde kveldsvakt; han kjøpte seg erfaring. Han var iallfall så ærleg at han fortalte det til meg samme kveld, og han la heller ikkje skjul på at det hadde gjeve meirsmak. Forsiktig ymta han frampå om at han trudde eg absolutt ville komme til å like det eg også. Gradvis la han så meir press på meg i forhold til at vi burde prøve sjølv, og eg lot meg gradvis overtale. Eg søkte etter informasjon på nettet, og på fredag følte eg meg klar. Eg presenterte for mannen min at eg tenkte søndag var ein passande dag å prøve på, og han var veldig einig. Eg gjorde dei nødvendige innkjøpa og førebuingane, og i dag var altså dagen komen. I ettertid er vi einige om at dette var ein suksess som må gjentakast, men som også har rom for forbetringar. Men jomfrudommen er uansett tapt, og eg kan no bekrefte at baccalao er godt ;)









Oppskrifta fann eg på denne nettsida. Ei fyldig utgreiing om korleis eg gjekk fram, samt synspunkt på oppskrifta kan du finne på oppskriftsbloggen min.

20 november 2008

Vera

Det herjar ein storm over Trøndelag,
og Vera er stormen sitt namn.
På grunn av ekstremvérvarselet
har båtane lagt til hamn.

Verst er det ytst i Trondheimsfjorden,
men taka tek også her.
Det er godt å kose seg inne no,
mens Vera er ute der.

"Ein meter snø innan i morgon kveld,"
var varslet i ein tv-reportasje.
Eg må vel grave fram bilen då...
Når eg blir stor skal eg ha garasje!

17 november 2008

Stemning

Det snør!
Himmelens korrekturlakk over feilstavet sommer.
Og hør -
bylarmen forsvinner under dalende flommer.
Vi har hørt at ingen snøfnugg er like,
og sånne under kan en tenke på en stund.
Jeg lener hodet helt tilbake,
og får et iskyss på min munn.
Og får et iskyss...

Det snør,
stumme stjernesøstre fra usynlige munner.
Og ør av angrepet fra myldrende lydløse sekunder.
I dag inntas jorden av en himmelsk hær.
Uten våpen tvinges hele byen i kne.
Alt går litt langsommere her på jorden,
når hele himmelen faller ned.
Når hele himmelen faller ned.

Takk for den unyttige snø.
Til bry og til besvær.
Nå inntas jorden av en himmelsk hær.
Uten bomber og granater
tvinges hele byen i kne.
Alt går litt langsommere her på jorden
når hele himmelen faller ned.
Når hele himmelen faller ned.
Hele himmelen -
når hele himmelen faller -
når hele himmelen faller ned.
Alt går litt langsommere her på jorden
når hele himmelen faller ned.

(Anne Grete Preus)

15 november 2008

Endeleg!

Eg gjekk inn på dagbladet.no i dag som alle andre dagar. Det er jo greit å følgje litt med, meiner eg. I dag vart eg møtt av overskrifta Egget kom før høna. Endeleg har det kome svar på dette eksistensielle spørsmålet! Tenkte eg. Så viste det seg at det var snakk om at dinosauregga kom før høna.

Skisesongen er i gang. Eg er full av forventningar. No kjem vinteren :)

14 november 2008

Pjatt pjatt

Det har ikkje skjedd så mykje i det siste, men eg føler eg bør komme med eit blogginnlegg. Aurum flyt vidare på seiersbølga, meir motivert enn nokonsinne. Eg har fått vite juleturnusen, og jammen ordna det seg både med tur til Hønefoss og heim til Romsdalen. I dag har eg fått betalt for å gå tur i marka. Eg strikkar og strikkar. Livet er igrunn ganske så bra :) Meir er det ikkje å seie, så difor passa det ganske bra å få ei utfordring frå Garnkurven idag. Vanlegvis svarar eg ikkje på sånne, men no valde eg ut nokre spørsmål.


1. Har du vært i noe forhold dette året? -Ja, fortsatt med samme gode mann.
2. Møtt en spesiell som har endret livet ditt? -Iallfall påverka meg!
3. Vært utenlands? -Ja, i London og i Praha.
4. Hva tenker du på nå? -At livet ikkje er så aller verst :)
5. Klemt noen? -Dagleg!
6. Sovet i en annens seng? -Ja, til og med UNDER senga til niesa mi! Det var stas :)
7. Fått en jobb? -Begynte forsåvidt i ny jobb på nyåret ja.
8. Gjort noe du har angret på? -Ja, sikkert forskjellege småting.
9. Hvem var den siste du ga en klem? -Mannen.
10. Når var siste gangen du følte deg dum? -Sånt fortrenger eg fortast muleg.
11. Har du noen gang vært forelsket? -Absolutt!
12. Tror du på kjærligheten? -Størst av alt er kjærleiken!
13. Har du noen gang fått ditt hjerte knust? -Ja, men det er godt sammangrodd no!
14. Har du noen gang knust noens hjerte? -Mulig...
15. Har du noen gang falt for din beste venn? -Mannen min er iallfall min beste venn no!
16. Savner du noen akkurat nå? -Eg skulle gjerne hatt heile familien min og alle vennane mine her i Trondheim!
17. Er du lykkelig? -Ja :)
18. Den siste personen du gråt for? -Mannen min.
19. Hvilken bakgrunn har du på dataen akkurat nå? -Hoppebilde av mannen min.
20. Setning du bruker mye? -"Vent litt - i tæl!" (Når eg strikkar og Steffen spør om noko).

03 november 2008

Aurum = gull. TRE gull. (No med fleire bilete).

Ja då har eg gleda av å gratulere kammerkoret Aurum, inkludert meg sjølv, med å ha henta heim tre sigrar i Praha Cantat i helga!

Dag 1: Natt til torsdag gjekk flybussen til Værnes frå Lerkendal klokka 04.00. Fytti grisen. Det var mange trøtte fjes som kom på bussen i løpet av turen til flyplassen (unntatt Marianne som av ein eller annan grunn kom med neste flybuss...kremt...), men alle lyste opp når kvar og ein fekk reisepose av turgeneral Kristine! Posen inneheldt ei heimelaga brosjyre med helsingar frå fans, fakta om Praha, quiz, dikt m.m., ein kortstokk, to heimelaga kjeks, eit eple, merkelapp til bagasje og ein penn. Alle hadde hugsa passa sine, og 06.15 var alle komne seg inn på flyet til Amsterdam. Der venta vi nokre timar før vi tok fly vidare til Praha. Der vart vi møtte av Sabra-Rolf og den lokale guiden Petra, som begge geleida oss stødig gjennom oppholdet i den tsjekkiske hovudstaden. Etter ei kort øvingsøkt og ein hotellmiddag trur eg alle tok tidleg kveld etter ein lang reisedag.

Dag 2: Vi var relativt tidleg på føtene på fredag også. Dette var den store konkurransedagen for vår del. Aller først var vi på opningskonserten til festivalen, der eit tsjekkisk ungdomskor song stykke frå alle verdskrokar. Frå Noreg hadde dei vald ut Solveigs song, og hadde ein meget lovande solist i front der. Stor jubel frå Aurum naturlegvis. Vi returnerte til hotellet for å legge om til bunad, noko som gav oss mykje merksemd både på trikken, i byen og på festivalen. Etter oppvarming klistra vi på oss konkurranse- og smigerglisa våre, entra scena, og leverte ei god framføring til entusiastisk applaus mellom anna frå dommarane. Mange andre koristar som hadde høyrt oss gav oss kompliment i fleng, og vi smilte, nikka og takka, før vi i fellesskap drog ut på restaurant. Restaurantbesøkt vil eg ikkje gå særleg inn på med tanke på at det kan vekke negative minne og aggresjon hos enkelte av Aurumittane... Lat oss berre seie at maten kunne ha vore god dersom vi var færre slik at alle kunne ha fått varm (og riktig) mat... Men stemninga var relativt god med tanke på at vi var ferdige med konkurransen, og målet for turen dermed var overstått. Enn så lenge.

Dag 3: Dei fleste valde å sove litt frampå på laurdag, men brorparten av koret blei likevel med Petra på ei guiderunde på castleområdet og ned til Karlsbrua før vi delte oss og vandra i gamlebyen og shoppa litt. Nydeleg haustver sette prikken over i-en, og dagen blei bra. Personleg reiser eg gjerne tilbake for å sjå meir av byen, men denne gongen var det kor som stod i fokus. Etter ein bedre middag enn kvelden før var det igjen på tide å returnere til hotellet og hoppe i bunaden. Galla stod på programmet, og blide og glade entra vi nok ein gong salen der vi kvelden før leverte sangprestasjonen vår. Vi fekk med oss premieutdelinga for diverse andre klassar. Frøydis og Karl sat på scena som representantar for Aurum. Så kom dei då som perler på ei snor; prisane våre.
1: Beste programsamansetjing, og dermed ein krystallvase.
2: Beste tolkning av pliktstykke, og dermed ein krystallvase til.
3: Toppen av kransekaka - beste kor i konkurransen, og dermed ein pokal og 500 euro :) Plutseleg stod jubelen i taket, tårane pipla fram, og rekneskapen vår gjekk i pluss. Gråtkvalte skulle vi opp på scena og synge to stykke, men klump i halsen og litt vin i toppen hindrar ikkje Aurum frå å hauste applaus frå "heile Europa" :) Vi fekk til og med invitasjon til Frankfurt neste år, så får vi sjå kva vi gjer med det. Dersom det skulle vere nokon tvil kan eg jo nemne at vi sjølvsagt vann festen også ;)

Lat meg få gjenta gratulasjonen til heile Aurum, takke for turen, og rope høgt hurra! Her følgjer nokre bilete.

27 oktober 2008

Haustkonsert med kammerkoret Aurum

Som nokon av dykk sikkert har fått med seg reiser eg til Praha med kammerkoret Aurum tidleg torsdag morgon denne veka. Der skal vi delta i Praha Cantat i klassa "avansert blanda kor". I går hadde vi ein liten haustkonsert i Lademoen kyrkje, der delar av programmet var konkurranserepertoaret vårt. Det kom 65 stk og høyrte på oss, og eg trur dei fleste var nøgde med opplevinga. Enkelte høyrte litt smårusk, medan andre sa det var den beste konserten vi har hatt. Frøydis (vår kjære, flinke dirigent) var nøgd, og når så mange er nøgd er eg også nøgd :) Så god tur til Praha til oss! Ønsk oss god tur og lykke til!



22 oktober 2008

Emosjonell inkontinens

Det er ei kjennsgjerning at eg er eit lettrørt og emosjonelt vesen. Eg har grete meg gjennom Helene og gutta på barneskulen, skratta og grete om ein annan til Friends gjennom mange år, og har dei siste par åra slite meg gjennom (dog heilt frivillig og med stor entusiasme) Grey's anatomy. Tårane trillar til dåp, bryllup og gravferd - uavhengig av om eg kjenner dei involverte eller ikkje.

Eg tok dette opp med ein overlege/psykiater på arbeidsplassen min, og etter litt betenkningstid landa ho på diagnosen emosjonell inkontinens. "Du og slagpasientane, Ingeborg," sa ho med eit blunkefjes bak.

I "Tidsskrift for Den norske legeforening" fann eg ut litt om diagnosen min: Emosjonell inkontinens er ein variant av sviktande åtferdsregulering gjennom upassande gråt eller latter. Det inneber at nøytrale eller svakt emosjonelt ladde hendingar medfører kraftig gråt, utan at personen det gjeld nødvendigvis kjenner seg trist. (Det er eventuelt denne varianten eg er mest plaga av, men positivt ladd emosjonell inkontinens fins også i form av kraftig latter som ikkje står i forhold til situasjonen). Symptoma kan vere plagsomme og sosialt invalidiserande.

Etter nærare ettertanke stiller eg meg kritisk til diagnostiseringa... Ho kan då ikkje meine at scena der Nicolas og Helene (i Helene og Gutta) gjer det slutt er svakt emosjonelt ladd? Eller der Britt og Brynjar giftar seg i Himmelblå? Eller der Rachel droppa å reise til Paris til fordel for å gå tilbake til Ross i Friends? Eller der Danny dør ein time etter å ha fridd til Izzie i Grey's anatomy?







Nei, eg trur vi seier lettrørt, emosjonell og svært empatisk eg.
Og takk til Kristine og Line som lot tårane trille saman med meg i går kveld!

16 oktober 2008

Dromedar

Eg har hatt fri frå jobben i dag sidan eg skal jobbe i helga. Det er faktisk ganske godt å ha fri midt i veka. Eller... "faktisk"... Det var vel ikkje så overraskande for nokon at det er godt med ein fridag i ny og ne! Eg har brukt dagen til fint lite. Eg har stort sett berre kosa meg! Mellom anna har eg møtt to gode venninner frå teiknspråkklassen på Dromedar Kaffebar i Olav Tryggvasonsgate. Det var så lenge sidan sist vi møttest, så det var så koseleg! Dromedar kaffebar er jo ein veldig hyggeleg stad i utgangspunktet også, med enormt god kaffe. Det er vel litt fullt der til tider, og litt dyrt er det vel kanskje også... Men som regel ordnar det seg med eit bord, og det ordnar seg uansett med kaffe! Møtast på dromedar ein dag?

12 oktober 2008

No er det snart på tide...

...å få lada opp batteriet til kameraet! Vi har hatt besøk av mamma og pappa i helga, og vore på sosial samling hjå Line i kveld. Blogginnlegg er meir spanande med bilete, men på grunn av at eg (og Steffen også for den saks skuld) aldri hugsar å lade kamerabatteriet før det er for seint har eg ingen å vise fram. Om forlating.

Men kjekt var det i alle fall! Ikkje minst var det godt med ei helg i nokonlunde ro. Det har eg ikkje hatt sidan i august ein gong.

Elles er det skiftande haustver her, og det fasinerer meg. Blad som fyk, regn, sol, måneskin, sleipe stiar, dogg på bilruta, kalde morgonar og vakre farger. Eg likar hausten eg.

Praha om tre veker.
Hugs Aurumkonserten i Lademoen kyrkje søndag 26. oktober kl 18. Der får du høyre repertoaret vi har jobba med dei siste månadane. Du kan kjøpe billettar hjå meg. 120 for vaksen og 70 for barn/student/honnør. Velkomne.

07 oktober 2008

Agurk

I kveld har Line vore her på besøk. Vi åt pannekaker og såg Bonderomantikk og Grey's anathomy. Direkte koseleg var det. Line antyda at det var lengre enn vanleg sidan forrige blogginnlegg, og det har ho heilt rett i. Litt har jo skjedd, men det er så daglegdags at det liksom ikkje har falle seg naturleg å blogge om det. Eg kunne naturlegvis lagt ut om korseminaret med Norunn Giske på fredag, men eg kortar det ned til at det var bra og at det innehaldt mange gode tips om sangteknikk etc. Det eg derimot kan seie meir om, og som blir hovudsaka i dette innlegget, er Åndalsnes Avis. ÅA er lokalavisa i heimkommunen min Rauma. LOKALavis. Misforstå meg rett; eg meiner ÅA er viktig for lokalsamfunnet! Sjølv følgjer eg ho for tida kun via nettet, og får difor ikkje innblikk i alle begivenheitene der heime. Heldigvis fekk eg i dag med meg at tusentipset for september månad var kåra! Månadens beste sak. Blant dei "nominerte" var opprusting av Kløvstien (opp Trollstigen), dødsulukka i Trollveggen, og Margrethe (frå nabobygda mi) som fekk kjenne orkanen IKE på kroppen. Vinnaren var likevel saka om "to nyfødte lam i september". Naturlegvis. Eg siterer:

Ifølge ekspertene har de aldri tidligere hørt om at saueraser som er mest vanlig i Norge, har fått lam i september. [Bonden] sier til Åndalsnes Avis at overraskelsen mildest talt var stor da han fikk øye på de to lammene under sankingen like ved Kabben. Sauebonden mener lammene må ha blitt født rundt 10. september.


Jaja - er det lokalavis så er det lokalavis, og i e fole stolt tå hæmplassen minj!

29 september 2008

Dikt i anledning dagen

Perle.
Vakker.
Mektig krigar. Engleaktig.
Kvinneleg herskar. Villku.
Universal. Springande vatn.

Gratulerer.

28 september 2008

Ho kom, var her, og for att....

...og ingen bilete vart tekne for å dokumentere den store hendinga. I fleire år har eg freista å lokke henne på besøk, men det skulle eit feilkjøp på Ikea til for å få søskenbarn Bitte hit. Når ho først kom var det derimot særs kjekt å ha henne her! Det blir alltid mykje latter når ein har Bitte i hus, så også denne helga. På agendaen stod tur på Ikea (og det tek jo si tid!), matlaging, sladder, spel, tant og fjas. Tusen takk for besøket - og ta med søstra neste gong :)

Det er hauststorm ute. Steffen skal ut og spele fotball med bartebyen ball- og bollelaug, medan eg rett og slett har planer om å tenne lys, tulle meg inn i eit pledd, og kose meg med strikking og musikk. Hausten er ei fin tid.

25 september 2008

HAV

Køyreskulelæraren min lærte meg i min ungdom huskeregelen H-A-V; Hensynsfullt - Aktpågivende - Varsomt. Dette er henta frå §3 (Grunnreglar for trafikk) i Vegtrafikklova.

Enhver skal ferdes hensynsfullt og være aktpågivende og varsom så det ikke kan oppstå fare eller voldes skade og slik at annen trafikk ikke unødig blir hindret eller forstyrret.
Vegfarende skal også vise hensyn mot dem som bor eller oppholder seg ved vegen.


Så folkens, slutt å irritere B-mennesket meg kvar bidige morgon på veg til jobb. Det er ikkje så vanskeleg!
-Ligg i riktig felt og blink ut frå rundkøyringane.
-Dersom de kjem inn på E6 via eit akselerasjonsfelt; bruk så stor del av akselerasjonsfeltet de treng for å komme opp i riktig fart.
-Blink når du skiftar felt, og sjekk blindsona.
-Det er ikkje nødvendig å bremse heilt ned til 30 foran fotoboksen i 70-sona.

Det var berre det eg ville seie.
I dag skal eg sykle.

22 september 2008

Ferie på Ringerike

Så var langhelga over. Det gjer utruleg godt med nokre dagar fri i ny og ne! Vi fekk møtt utruleg mykje folk, både i Oslo, høgt oppi Hakadalen (når ein busett seg der må ein rekne med slike formuleringar!), i Heradsbygda, på Kuben, på Follum, på Tyristrand og på Dovre. Ei verkeleg sosial og triveleg helg med andre ord. Fotoapparatet var dessverre i bruk berre på fredag medan vi var i Oslo og (høgt oppi) Hakadalen. Også i måneskinnet nord for Oppdal på veg heim i går kveld.

18 september 2008

Telttur i bymarka

Førre helg var vi på telttur midt i arbeidshelga mi. Saman med to vennepar pakka vi telt og soveposar og bestemte oss for å ha ein fin tur - og det var det :) Månelyst og stjerneklart. Det kunne nesten ikkje bli betre! Berre sjå sjølv:



I går kveld køyrde vi sørover til Hønefoss og skal vere her til søndag. Det har vi gledd oss til ei god stund no, og så langt har alt vore vellukka. I dag var vi på skogstur i Holleia, i kveld blir det ein tur ned til sentrum for å sjå på det nye senteret som opnar i dag, i morgon skal vi til Oslo og besøke gode vener, også blir det masse familiekos resten av helga vil eg tru :)

09 september 2008

Det er haust

Lat oss starte med eit haustdikt:

Det er høst.
Det er trist.
Like trøstesløst høsttrist som sist høst.
Og om en stakket frist
blir det tele og frost,
og ingen taletrost
å søke trøst hos.
Ja det er høst.
Trallala.
Og bladene -
falleri fallera'

Men fakta er at eg ikkje synest det er så trist! Når eg sette meg i bilen på parkeringsplassen på jobb i ettermiddag og såg gule blad virvle over plassen i vinden medan Radio Norge spelte ein tøff reggae, ja då måtte eg smile for meg sjølv. Så der sat eg i bilen i mi nye skinnjakke og smilte medan eg tenkte på kor bra eg har det trass i at det blir mørkare og kaldare ute. Eg er lykkeleg gift med ein herleg mann, har fast jobb i eit superspennande og fasinerande fagfelt, eg har eit stort nettverk med gode venner, syng i eit flott kammerkor, har langfri neste helg, eg har dekorative husdyr, veit at yndlingsserien min går på tv i kveld, og har ei lang liste med ting eg gler meg til å strikke :) Og i går prøvde eg sushi for første gong.

Sushi var spennande. Det var Mannen som hadde lyst til å prøve det i samband med bursdagen sin. Vi tok turen til Sushi bar på Ravnkloa, og bestilte "Happy Sushi". Det innebar:

Ein god forrett;


Ei litt meir spesiell "tradisjonell japansk misosuppe".


Og hovudretten med seks bitar sushi og seks bitar maki.


Ikkje alt falt i like god jord, men noko av det var bra :) Fisken var jo til vår store overrasking omtrent det beste! Stamgjestar blir vi nok ikkje, men fordelen er at neste gong veit vi kva vi likte og ikkje, og kan bestille deretter! (Er det forresten fleire enn eg som får assosiasjonar til eit eller anna vaskemiddel av lukta av pepparrot? Veldig spesielt...)

I morgon har eg fri. Og det på ein onsdag!

07 september 2008

Steffen 26 år

I morgon, altså åttande i niande, fyller Mannen 26 år. Gratulerer med det! I den anledning stod salat, kake, kringle og diverse snacks på bordet fredag kveld, og gode vener sat rundt det og feira saman med oss. Direkte triveleg var det. Kristine og Gunnar kom heilt frå Elgseter, Silje og Thomas heilt frå Lerkendal, Mari og Lars-Eirik heilt frå Ila. Desse avstandane bleikna nok litt mot Runar si ferd heilt frå Hakadal! Men alle var like kjærkomne gjestar, altså :) Steffen fekk mange fine dikt og gåver. Mellom anna "Kjære Steffen! Du er jo glad i fisk - men den skal helst vera kjøpt over disk (?) Du er ikkje så glad i røye, difor får du ei .........." Dei øvrige gjestane tippa på køye, søye og sløyfe (!?), men det riktige var trøye. (Den var i ull, så søye var vel nærast gjetta...) Eit anna dikt var: "Me er invitert frå nord til sør, for å feira deg som hør og bør. Hu og hei, det går din vei. Tenk nå har du blitt ett hakk stør'" Ja, ein nordtrønder var involvert i det siste diktet ;) Saman med diktet fekk han kortspelet Bonanza. Eg var kjempeglad! Steffen også.




På laurdag tok vi med oss Runar på markatur utan hundar. Det vil seie at han måtte gå heilt for eiga maskin, og det klarte han bra ;) Vi var på Liaåsen og åt kringle. Vel heime var det graut, så bonanza, så taco og landskamp, så Den siste revejakten på kino, så Tilbake til fremtiden 2 på dvd. Og i dag var vi på lunsj hos Mari og Lars-Eirik i deira nye heim. Ei herleg helg har det vore!



Noko meir? Ja; mi kjære barndomsvenninne og gamle nabo fekk ein stor og flott gut i natt! Gratulerer til heile familien :)

Også har eg fått to nye lappar til lappeteppet i posten: