Flyttemelding
Ja, så har eg altså flytta bloggen. Dersom du vil bli med meg vidare må du nesten legge inn ein søknad på telefon, sms, facebook eller e-post for å få adressa og passord ;) Takk for følgjet så langt!
Ja, så har eg altså flytta bloggen. Dersom du vil bli med meg vidare må du nesten legge inn ein søknad på telefon, sms, facebook eller e-post for å få adressa og passord ;) Takk for følgjet så langt!
Skrive av
Ingeborg
klokka
21:26
2
kommentar(ar)
Vi kosar oss fortsatt vi altså! Med sovinga, etinga og kosinga, trilleturane og besøka. Endeleg kom eit svært dedikert søskenbarn heim frå ferien, og det var heilt greit å kvile litt på det fanget også.
I går hadde det gått 1 mnd sidan fødselen, og vår lille venn feira med eit herleg bad. Det er gode greier det!
Også trener vi på å smile for tida. Muleg nokon av smila som tidlegare har vorte relatert til mageknip faktisk har vore "ordentlege" smil, men på søndag trur vi iallfall at det ganske sikkert var eit "ordentleg" eit. Men dei sit ikkje så laust enno, så det er vanskeleg å fange dei på bilete! Viss du legg godvilja til kan du kanskje sjå tendensen her?
Eller her?
Vi skal trene litt meir på det der trur eg ;)
Skrive av
Ingeborg
klokka
15:39
2
kommentar(ar)
Supergutten vår har supert næringsvett, og supar i seg av supermamma si supre morsmjølk. Han har dermed ein alldeles super vektauke, og er snart ein super kilo tyngre enn fødselsvekta :) Han søv supergodt i mange timar kvar natt, syns det er superdeilig både å bade og å ha daglege supre trilleturar. Han kan også vere supervaken, men likevel superroleg, i lange periodar på dagtid, slik at supermamma får gjort unna litt husarbeid i ny og ne. Vi trur dessutan han blir ein super tenor! Iallfall kan superhyla hans tyde på det... ;) (Vi må ha supre naboar som ikkje har kommentert dét enno!) Men det supraste av alt supert - det er super pappakos!
På toppen av det heile er vi superglade for at supergutten vår sin komande superbestevenn vart født i superfart på søndag! Vi sender varme klemmar og gratulasjonar både til han og dei supre foreldra hans, og gler oss supermykje til å helse på om forhåpentlegvis ikkje alt for lenge :)
Skrive av
Ingeborg
klokka
20:13
1 kommentar(ar)
I går var det 3 veker sidan vi to vart tre! Tida går, poden veks, og alt er som det skal :) Om det har skjedd noko nytt? Tja... Ordet sprutbæsj har fått ein ny dimensjon, vi har vore i bursdagsselskap, vi har lagt oss til ein uvane; å tisse på besøkande (eller dei vi besøker), vi trener på å smile (men får det ikkje heilt til enno), dei minste bleiane er no i minste laget, og vi har (på klarsignal frå helsesøster) introdusert smokk - med hell :)Mannen og brørne vart tekne bilde av i vippestol på sine trevekersdagar, så det måtte vi også - for å samanlikne. Den ekstreme likheita som var der ved fødselen er nok ikkje like ekstrem lenger, men fortsatt absolutt til stades! Uansett kven han liknar på og ikkje; like søt, om ikkje endå søtare, som han alltid har vore!
Vi får seie som kårkallen heie sa om meg då eg kom til verda: Han liknar ikkje på nokon! Han er fin!
Skrive av
Ingeborg
klokka
09:27
2
kommentar(ar)
Endeleg fekk vi nokre sommardagar i Trondheim også! Det gjer så godt å få litt sollys :) Med besøk både herfrå og derfrå er det kjekt å kunne bruke balkongen og Kyvannet også! Denne veka har vi hatt besøk av minstebror til Mannen, og av mine foreldre. Veldig kjekt for meg når Mannen og onkel lagar middag medan eg ammar, og når mormor og morfar byssar medan eg heng opp klesvaska ;)
Jammen har vi det ganske så bra alle mann her i toppetasjen. Så blir det jo litt spanande for den nybakte mor når Mannen startar på jobb att over helga. Då kan ingen smøre brødskiver til meg når eg har opna meieriet for eksempel! :P Men vi skal nok få det til saman eg og Lille Trille. (Snakk om upassande kallenamn forresten... Han er ikkje akkurat nokon Trille, sjølv om han legg på seg som berre det! Til vår og helsesøster si store begeistring :)
Skrive av
Ingeborg
klokka
09:48
2
kommentar(ar)
Ikkje det beste bildet, kanskje, men budskapet kjem iallfall fram! ;) Ein får skryte av seg sjølv når ingen andre gjer det, ikkje sant? Vekta hans går opp, mi går ned, brød blir bakt, kleda vaska, turar gått, og vi kosar oss!
Heller ikkje eit veldig godt bilde, men eg måtte berre vise fram storesøstra også. Ser du ho? ;)
Skrive av
Ingeborg
klokka
19:36
4
kommentar(ar)
I dag er det runddag i Toppetasjen! Vi feira med ein vektkontroll på sjukehuset, og jammen har vi vore flinke med amming og diing! Allereie passert fødselsvekta :) Det har vi feira - med meir mat ;) Mette og nøgde tok vi oss ein prat med farmor og farfar på Skype, i tøffe nye klede vi fekk frå Ladeprinsessa då ho var her på barselbesøk på onsdag :)
Det er ikkje så lett å slenge seg med på fakkeltog og slikt enno merkar eg, men vi har tent lys heime. Det blir sagt så mykje fint og klokt i desse dagar, og blant mine favorittsitat finn du det ei AUF-jente sa i intervju med CNN:
Skrive av
Ingeborg
klokka
22:28
0
kommentar(ar)