Som nevnt i førre innlegg har vi vorte med på eit quizlag. På Pias kafe er det quiz kvar onsdag kveld. I haust har fleire av våre vener vore med. Laget deira heiter "Pianøttene". Dei voks og voks, og det heile endte
med siger i finalen før jul. Enkelte på laget følte at dei hadde vorte litt mange, og hadde kanskje til same tid eit ønske om å få med endå fleire. Kristine bestemte seg difor for å bryte ut frå den opprinnelege gjengen og starta eit nytt lag. Det er her hr og fru Wiken kjem inn i biletet, saman med Kari og Ingvild. Og fleire skal vi (kanskje) bli! I går debuterte vi under namnet "Pianøttknekkerne". Eg må få seie følgjande; eg skjønar at Steffen vart spurd, med tanke på kompetanse innanfor musikk og sport. Kristine dekkjer samfunn og liknande. Kari og Ingvild dekkjer helse/medisin og slikt. Kva så med meg? Eg skal ikkje seie kor mange av dei 40 spørsmåla eg visste svaret på i går, men eg mistenkjer at eg fekk vere med først og fremst for det sosiale. Ikkje misforstå meg! Ingen sure miner frå denne kanten, for eg hadde det særs hyggeleg :)
Eg må kommentere namnevalget vårt. Pianøttknekkerne var meint som eit humoristisk innspel med tanke på at vi er eit datterselskap av Pianøttene. Artig det, men så kom resultatet...
Pianøttene vann jo som sagt finalen i fjor, og det er nok ikkje utan grunn. Laget innehar ei enorm kompetanse på dei fleste felt. Dei er riktignok mange, men det dei får til er like fullt imponerande. Vi knekte dei ikkje for å seie det sånn! Det er muleg det kjem eit namnebytte i nær framtid... Kvifor omtale konkurrenten i slike positive og venlege vendingar? spør du kanskje. Det er muleg det er eit snev av dårleg samvit frå mi side som spelar inn her. Lat meg forklare. I går var ein av kategoriane "Absolute music 1-8". (Eg kunne ingen av svara, så er det sagt). Pianøttene kunne vel i bunn og grunn alle. Quizleiaren sa vi skulle vere svært strenge i poenggivinga i denne kategorien, så når det mangla eit ord i den eine sangtittelen (nærare bestemt eit infinitivsmerke) trekte vi eitt poeng. Ikkje verdas undergang i utgangspunktet, men så vart den totale poengsummen lese opp... Pianøttene kom på andre plass - EITT poeng bak førsteplassen! Ojojoj... Det betyr at dei også gjekk glipp av verdifulle "Grand-prix-poeng" (Førsteplassen får 12 poeng, andreplassen 10 poeng osv), noko som kan ha innverknad på den samanlagte scoren. Så unnskyld kjære pianøtter, men vi fulgte berre instruksen frå leiaren.
Det blir uansett kjekt å treffast på denne måten utover våren! No må de ha meg unnskyldt. Eg skal berre ta til å pugge Wikipedia...
